Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om Den russiske føderasjonens ratifisering av protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen (04.02.10)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Europaportalen
Dato: 04.02.2010
EU seier seg glad for at Den russiske føderasjonen har ratifisert protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen, som dermed kan bli sett i verk.
EU seier seg glad for at Den russiske føderasjonen har ratifisert protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen, som dermed kan bli sett i verk.
Gjennomføringa av protokoll 14 vil styrkje konvensjonen og gjere den europeiske menneskerettsdomstolen meir effektiv og dermed styrkje den avgjerande rolla domstolen har i vernet om menneskerettane i Europa.
EU meiner at iverksetjinga av protokoll 14 er ein viktig og integrert del av reformprosessen som no finn stad i det europeiske systemet for vern om menneskerettane, og unionen ser difor fram til å samarbeide konstruktivt for å fremje desse reformene på ministerkonferansen i Interlaken.
Protokoll 14 inneheld òg ein klausul som gjer det mogeleg for Den europeiske unionen å melde seg til den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
Les erklæringa på nettsida til EU (pdf).