EU-erklæring om Iran
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgiver: Europaportalen
Dato: 10.02.2012
10. februar sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om sanksjoner mot Iran.
Den 1. desember 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/783/FUSP . Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg II til avgjerd 2010/413/FUSP.
Den 23. januar 2012 vedtok Rådet rådsavgjerd 2012/35/FUSP . Rådsavgjerda legg ytterlegare restriktive tiltak på Iran og inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg II til avgjerd 2010/413/FUSP.
Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til desse avgjerdene.
Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med desse rådsavgjerdene. Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.
Kunngjord 2.12.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 319, s. 71.
Kunngjord 24.1.2012 i Tidend for Den europeiske unionen L 19, s. 22.
* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.