EU-erklæring om Sudan og Sør-Sudan
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgiver: Europaportalen
Dato: 13.01.2012
12. januar slutta Noreg seg til ei erklæring frå EU om Sudan og Sør-Sudan.
Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om Sudan og Sør-Sudan
EU oppmodar Republikken Sudan og Republikken Sør-Sudan om å styrkje innsatsen for å løyse alle uteståande spørsmål i forhandlingane etter lausrivinga, i tråd med prinsippet om to levedyktige statar, og om å arbeide med eit heilskapleg fokus for å skape fred.
I denne samanhengen ser EU positivt på den nyaste runden i forhandlingane mellom Sudan og Sør-Sudan i Addis Abeba i regi av Den afrikanske unionens gjennomføringspanel på høgt nivå (AUHIP), men er bekymra over at det ikkje vart gjort større framgang, særleg når det gjeld petroleumssektoren.
EU seier seg likevel glad for at Sudan og Sør-Sudan har forplikta seg til å møtast seinare denne månaden for å drøfte ei rekkje uløyste spørsmål, mellom anna forretningsmessige løysingar for bruk av oljerøyrleidningane som går gjennom den nordlege delen, og håpar at forhandlingane vil føre til ein varig avtale om alle uløyste spørsmål som gjeld petroleumssektoren og finanssektoren. I mellomtida oppmodar EU begge partar om å avstå frå alle einsidige tiltak som kan gjere det vanskelegare å kome fram til ei forhandlingsløysing.
EU seier seg på nytt budd på å vidareføre samarbeidet med AUHIP og begge regjeringane for å kome fram til ei rask løysing på andre uteståande spørsmål etter lausrivinga, mellom anna Abyei, grenser, handel, bankvesenet, aktiva og passiva, forvaltning av vassressursane og statsborgarskap for sørsudanarar i Sudan og sudanarar i Sør-Sudan. EU oppmodar begge regjeringane om å syne den nødvendige kompromissviljen og arbeide for godt naboskap for å sikre ei samla løysing på desse spørsmåla, slik at dei kan nå måla om tryggleik, demokrati og utvikling og oppfylle behova til folka sine.
EU er alvorleg uroa over kampane som finn stad i delstatane Sør-Kordofan og Blånilen og oppmodar regjeringa i Sudan om straks å tillate at det vert levert humanitær bistand til alle hjelpetrengande folkegrupper. EU oppmodar begge sider om å stanse kampane og vende tilbake til forhandlingsbordet for å kome fram til ei politisk løysing.
EU merkjer seg med uro at den militære aktiviteten langs grensa mellom Sudan og Sør-Sudan er trappa opp den siste tida, og oppmodar begge sider om å avstå frå vidare handlingar på tvers av grensene eller ytringar som kan auke spenninga mellom dei to statane.
EU oppmodar vidare begge partane om straks å treffe tiltak for å gjennomføre dei avtalte tryggingsordningane og andre ordningar som gjeld Abyei, mellom anna full tilbaketrekking av styrkane, slik at alle internt fordrivne personar trygt kan vende tilbake og nomadefolk kan bevege seg uforstyrra.
EU gir si fulle støtte til oppmodinga frå freds- og tryggingsrådet i Den afrikanske unionen om at AUHIP må fremje ei heilskapleg tilnærming til arbeidet for fred, rettferd og forsoning i Sudan og prioritere demokratisering i både Sudan og Sør-Sudan som ein absolutt føresetnad for stabile forhold og eit rettferdig styresett.
Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Tyrkia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.