Statsministeren reiser til Polen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 124/22 | Dato: 20.09.2022
Statsminister Jonas Gahr Støre besøker Polen tysdag 27. september. På programmet står mellom anna opning av Baltic Pipe i Szczecin.
Statsministeren avlyser
Olje- og energiminister Terje Aasland reiser til Polen i steden for statsministeren, som måtte avlyse sin reise 22. september 2022.
Baltic Pipe er eit stort og strategisk viktig infrastrukturprosjekt. Prosjektet knyt Polen til eksisterande gassrør mellom Noreg og kontinentet, og vil bidra til å styrke forsyningssikkerheita til Polen og Danmark, samt andre land i Østersjøområdet og Aust-Europa. Under opninga deltek mellom andre Polens statsminister Mateusz Morawiecki og Danmarks statsminister Mette Frederiksen. Det vert også ein lunsj med dei tre statsministrane.
Presse som ønskjer å følgje statsministeren i Polen må akkreditere seg til ibm@smk.dep.no innan torsdag 22. september klokka 14.00. Eit oppdatert medieprogram vil bli sendt ut til akkrediterte etter fristen.
Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.