Historisk arkiv

– Noko betre arbeidsløysetal i desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

– Det er positivt at 2010 sluttar med noko betre arbeidsløysetal, seier fungerande arbeidsminister Rigmor Aasrud.

– Det er positivt at 2010 sluttar med noko betre arbeidsløysetal, seier fungerande arbeidsminister Rigmor Aasrud.

Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at arbeidsløysa er redusert med 1 200 personar frå november til desember når ein korrigerer for normale sesongvariasjonar.

NAVs arbeidsmarknadsstatistikk viser at det i desember var registrert 69 900 heilt arbeidslause. Det var om lag 600 fleire enn i november. Når ein korrigerer for normale sesongmønster er dette ein nedgang på om lag 1 200 personar. Arbeidsløysa auka med 4 prosent frå desember 2009 til desember 2010.

I gjennomsnitt var det 75 000 heilt arbeidslause i 2010. Dette utgjer 2,9 prosent av arbeidsstyrken.  Frå 2009 til 2010 auka den registrerte arbeidsløysa med 8 prosent.