Endra pensjon for stortingsrepresentantar med fleire
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeidsdepartementet
Pressemelding | Nr: 72 | Dato: 19.11.2010
Regjeringa legg i dag fram lovforslag som oppfølging av Stortingets vedtak av 10. desember 2009 om tilpassingar i pensjonsordningane for stortingsrepresentantar m.fl. til pensjonsreforma.
Regjeringa legg i dag fram lovforslag som oppfølging av Stortingets vedtak av 10. desember 2009 om tilpassingar i pensjonsordningane for stortingsrepresentantar m.fl. til pensjonsreforma.
– Lovforslaget er første ledd i oppfølginga av Stortingets vedtak i 2009. Vi foreslår at tenestepensjonane for stortingsrepresentantar, regjeringsmedlemer, høgsterettsdommarar, Sivilombudsmannen med fleire skal justerast for levealder og få ny årleg regulering, på same vis som det er vedteke for andre offentlege tenestepensjonar. Samtidig følgjer vi opp Stortingets vedtak om at dagens særskilde opptenings- og kalkylereglar skal avviklast for nye høgsterettsdommarar, sivilombodsmenn m.fl., seier statssekretær Jan-Erik Støstad.
Gjennom vedtaket 10. desember 2009 slutta Stortinget seg til forslaga til endringar i dei aktuelle pensjonsordningane frå eit utval nedsett av Stortingets presidentskap.
I proposisjonen foreslå ein at dagens pensjonsordningar blir tilpassa dei vedtekne endringane i folketrygda og ordinær offentleg tenestepensjon, frå 1. januar 2011. Forslaget inneber at pensjonane skal justerast for levealder på same vis og frå same tidspunkt som alderspensjon i folketrygda og ordinær offentleg tenestepensjon. Som i ordinær offentleg tenestepensjon skal ein individuell garanti sikre at alle som er født i 1958 og tidlegare får ein samla pensjon av ein viss storleik.
Det blir vidare foreslått at pensjon frå dei aktuelle pensjonsordningane frå no skal regulerast på same måte som pensjon frå folketrygda og annan offentleg tenestepensjon. Det inneber blant anna at alderspensjon under utbetaling skal regulerast årleg i tråd med lønnsveksten i samfunnet og deretter fråtrekkjast 0,75 prosent.
Utvalet nedsett av Stortingets presidentskap føreslo også at dagens pensjonsordningar for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer skal erstattast av ei ny pensjonsordning (”byggjeklossmodellen”) som byggjer på dei same prinsippa som i ny alderspensjon i folketrygda. Det inneber mellom anna at ein skal kunne ta ut alderspensjon fleksibelt frå 62 år, og fritt kunne kombinere han med arbeid. Regjeringa vil kome tilbake med forslag til lovreglar for den nye pensjonsordninga i ein eigen proposisjon i 2011.