Nye medlemer i Statens seniorråd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeidsdepartementet
Pressemelding | Nr: 30 | Dato: 07.05.2010
Regjeringa oppnemnde i dag nye medlemer til Statens seniorråd for perioden 2010-2013. Ivar Leveraas fortsetter som leiar.
Regjeringa oppnemnde i dag nye medlemer til Statens seniorråd for perioden 2010-2013. Ivar Leveraas fortsetter som leiar.
Ivar Leveraas. Foto: GAD, Wikipedia Commons. |
Rådet skal fokusere på levekår og deltaking i samfunnslivet for alle over femti år.
– Eit arbeidsliv for alle er eit overordna mål. Statens seniorråd er ein sentral bidragsytar for å hindre utstøyting og diskriminering i arbeidslivet, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.
Rådet skal også stimulere til rekruttering av eldre, vere rådgjevar for myndigheiter og næringsliv i spørsmål som gjeld seniorar, og vere ein lyttepost for å fanga opp haldninger, trendar og behov blant eldre.
Desse medlemene utgjer Statens seniorråd i perioden 2010-2013:
- Ivar Leveraas, leiar, Oslo
- Randi Bjørgen, nestleiar, Oslo
- Ragnhild Queseth Haarstad, Grue (ny)
- Terese Folgerø, Tromsø (ny)
- Wenche Malmedal, Trondheim (ny)
- Karin Stoltenberg, Oslo
- Rita Kumar, Trondheim (ny)
- Anna Inga Hilsen, Oslo
- Einar A. Eriksen, Tromsø
- Erik Råd Herlofsen, Oslo
- Henry Høgmo, Gratangen (ny)
- Morten J. Danielsen, Snåsa
- Florentino Bulnes, Bergen (ny)
- Liv Thun, Steinkjer (ny)
- Harald Olimb Normann, Bærum (ny)