Historisk arkiv

Tiltak i Meld. St. 29 (2010–2011)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

Oversikt over tiltak i Meld. St. 29 (2010–2011) Felles ansvar for eit godt og anstendig arbeidsliv. Arbeidsforhold, arbeidsmiljø og sikkerheit.

Oversikt over tiltak i Meld. St. 29 (2010–2011) Felles ansvar for eit godt og anstendig arbeidsliv. Arbeidsforhold, arbeidsmiljø og sikkerheit.

 

To- og trepartssamarbeidet – medverknad og medbestemming

  • Departementet vil vurdere om det er behov for å klargjere oppgåvene til verneorganisasjonen i rettleiingar til regelverket.
     
  • Departementet vil fremje forslag om å innføre høve til å etablere konsernordning etter avtale mellom konsernet og dei tilsette.
     
  • Departementet vil vurdere ei plikt for arbeidsgivarar til å undersøkje om dei tilsette ønskjer å vere representerte i styret når vilkåret for representasjon er oppfylt.

 

Tiltak for å styrkje helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i verksemdene

  • Departementet vil utarbeide eit høyringsnotat der ein vurderer å innføre eit «utvida HMS-ansvar» i konsern- og franchiseforhold.
     
  • Departementet vil i samarbeid med partane og Arbeidstilsynet foreslå å planleggje og gjennomføre eit informasjons- og opplæringsarbeid.
     
  • Departementet vil vurdere om det er behov for å forsterke føresegna om arbeidsgivaren si plikt til å gjennomgå opplæring, for å tydeleggjere formålet med føresegna. Dette gjeld krav om tilpassing av opplæringa til den enkelte verksemda.
     
  • Det vil bli teke initiativ til eit tettare og meir aktivt samarbeid for å forbetre HMS-opplæringa i skulen, mellom anna eventuelt ein samarbeidsavtale mellom Arbeidstilsynet og Samarbeidsrådet for yrkesopplæring.

 

Tiltak for å styrkje tilsyna

  • Departementet vil sende på høyring eit forslag om å gi Arbeidstilsynet tilsynskompetanse etter forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter (ILO 94).
     
  • Arbeidstilsynet vil styrkje arbeidslivsrettleiinga overfor innvandrarar.
     
  • Departementet vil sende på høyring eit forslag om å innføre ein heimel for Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet til å skrive ut lovbrotsgebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket.
     
  • Departementet vil setje i gang ei brei og heilskapleg utgreiing av handhevinga av alvorlege brot på arbeidsmiljøregelverket.

 

Systematisk dokumentasjon av status og utvikling på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet

  • Den nasjonale statistikken over yrkesskadar og yrkessjukdommar skal forbetrast gjennom eit utviklingsarbeid i regi av SSB, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Arbeidstilsynet og NOA som alt er sett i gang, og som også skal følgje opp norske forpliktingar etter ei EU-forordning.
     
  • Arbeidstilsynet skal etablere eit nytt «Register for arbeidsulykker med alvorleg personskade».
     
  • Legar skal på lengre sikt kunne melde arbeidsrelatert sjukdom til Arbeidstilsynet via ein elektronisk pasientjournal.
     
  • I regi av Helse- og omsorgsdepartementet går det føre seg ei rekkje utviklingsarbeid som vil forbetre ulike register og dokumentasjon som er viktig for arbeidsmiljø- og arbeidshelseområdet, mellom anna modernisering og forbetringar av Dødsårsaksregisteret, Norsk Pasientskaderegister og andre sentrale helseregister.

 

Forskingsbehov, utdanningstilbod og fagkompetanse

  • Departementet har teke initiativ til ei nærmare drøfting med Forskingsrådet om korleis arbeidsmiljø- og arbeidshelseforskinga betre kan sikrast innanfor ramma av Noregs forskingsråd og departementet sine løyvingar til Forskingsrådet. Det er allereie sett i gang eit arbeid med å revidere mandatet og profilen for Sjukefraværsprogrammet, slik at dette programmet også skal dekkje arbeidshelse- og arbeidsmiljøforsking.
     
  • Departementet tek sikte på å vidareføre sine rammer til HMS-forsking i petroleumssektoren i regi av Forskingsrådet. Det skal drøftast nærmare mellom departementet, OED og Forskingsrådet korleis HMS-satsinga skal organiserast for å sikre ei god kopling og integrering med petroleumsforskinga elles.
     
  • Den faglege og økonomiske styrkinga av utdanningskapasiteten ved dei arbeidsmedisinske avdelingane og STAMI si koordinerande rolle på det arbeidsmedisinske feltet, som er sett i verk i eit samarbeid mellom styresmaktene og hovudorganisasjonane, har sikra dei uttalte behova for betre koordinering og styrking av den arbeidsmedisinske kompetansen.

 

Sosial dumping

  • Det blir vurdert å gi tilsynsorgana ei meir formalisert rolle i kartlegginga av om det er grunnlag for allmenngjering av lønnsvilkåra i ein bransje.

 

Helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda

  • Departementet vil på denne bakgrunn setje i gang eit arbeid med sikte på ein brei gjennomgang av tilsynsstrategi og HMS-regelverk i petroleumsverksemda.

 

Enkelte særlege arbeidsmiljøutfordringar i arbeidslivet

  • Betre samarbeid mellom Arbeidstilsynet og vegstyresmaktene for å få betre kunnskap om arbeidsskader i trafikken.
     
  • Arbeidstilsynet planlegg å utarbeide kommentarar til støyforskrifta og vurderer om ein skal lage bransjespesifikke rettleiingar om mellom anna støy, i samarbeid med partane i ulike bransjar.
     
  • Det blir foreslått å tilpasse gjeldande normer for forureining av arbeidsatmosfære til endra arbeidstidsordningar, samtidig som det blir lagt opp til innføring av kortidsverdiar ved arbeid i forureina atmosfære.
     
  • Styrkje kunnskapsgrunnlaget om eventuell helsefare ved bruk av nanomateriale.
     
  • Departementet gir i meldinga ei oversikt over kva arbeidsgivarar særleg bør ta omsyn til ved utforming av arbeidstidsordningar som inkluderer nattarbeid.
     
  • Departementet vil
    – vurdere informasjonskampanjar om nattarbeid retta mot risikoutsette bransjar
    – i samarbeid med partane i arbeidslivet og styresmaktene utarbeide ei rettleiing om verknadene av nattarbeid og avhjelpande tiltak
    – vurdere om helseundersøkingar etter arbeidsmiljølova bør tilbydast fleire arbeidstakarar enn i dag.

  

Eit krafttak mot ufrivillig deltid

  • Det skal arbeidast vidare med tiltak knytte til eit treårig forsøksprogram og innsats i «Saman for ein betre kommune».
     
  • Departementet arbeider med ei evaluering av fortrinnsretten for deltidstilsette, med sikte på at denne retten skal vere reell, og vil i evalueringa ha særleg merksemd retta mot at føresegna om vesentleg ulempe for verksemda, ikkje blir brukt usakleg av arbeidsgivarane.
     
  • Departementet vil sende på høyring eit forslag om drøftingsplikt ved bruk av deltidsstillingar.
     
  • Departementet vil greie ut eit forslag om rett til høgre stillingsprosent som følgje av jamleg bruk av meirarbeid over tid.
     
  • Departementet vil sjå dei ulike tiltaka som har vore og som blir sette i verk, i samanheng, og i dialog med partane følgje utviklinga i arbeidslivet på dette området nøye.

 

Om arbeidstidsrammene og unntak frå rammene

  • Departementet vil følgje utviklinga i partane sin avtalepraksis og vil vurdere å stille krav om at partane opprettar offentlig tilgjengelig statistikk for avtalar som er inngått etter arbeidsmiljølova § 10-12 (4).
     
  • Departementet vil gå i dialog med partane for å sjå om dei kan gjere det enklare og meir føreseieleg å bruke desse arbeidstidsordningane over tid.
     
  • Arbeidstilsynet si kontroll- og rettleiingsverksemd i samband med unntaket for særleg uavhengige arbeidstakarar, blir vidareført.
     
  • Det blir teke sikte på å gjennomføre ei ny evaluering av tilstanden i arbeidslivet på desse områda.

 

Permittering (ikkje tiltak)

Departementet meiner etter ei samla vurdering at det ikkje er behov for ei lovregulering av permitteringsinstituttet.