Historisk arkiv

Arne på tur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

Innlegg av arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i Dagens Næringsliv 9. juni 2011.

Innlegg av arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i Dagens Næringsliv 9. juni 2011.

 

I eit godlynt innlegg med klar brodd fremjar Høgres Arne Hjeltnes sitt syn på uførereforma. Han meiner reforma skil Arbeidarpartiet frå den norske modellen – samstundes som han påstår det no vil løne seg å stå utafor arbeidslivet.   

Ny uføretrygd tek utgangspunkt i at uføretrygda skal vere 66 prosent av tidlegare inntekt. Det er eit høgare nivå enn i dag, men ikkje mykje i byte for fast arbeid.  

Hjeltnes bør og minnast på at det å stå i arbeid har ein særs viktig eigenverdi. Ein talar om sjølvrespekt, det å tene pengar, det å sørgje for familien og det å kjenne at ein kan tilføre noko.

Mange ynskjer å vere i arbeid, men kan ikkje. Årsaka kan vere sjukdom, funksjonshemning eller psykiske problem. Eg undrast på om Hjeltnes verkeleg meiner at kutt i trygda vil gjere kvardagen til denne gruppa enklare?

I den norske velferdsmodellen skal ein ha gode overgangar slik at flest mogleg kan vere i arbeid. Om det er naudsynt gjerne i kombinasjon mellom  arbeid og trygd. Det er dette regjeringa legg til rette for i den nye reforma.  

Arbeidarpartiet  held  fast ved prinsippet om ”skape og dele”. Ein kan ikkje berre skape eller berre dele. Ein må skape for å dele, men rettferdig deling er og naudsynt for å skape.