Historisk arkiv

Arbeidslivet i framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeidsdepartementet

HMS-konferansen, IA-rådet i Hordaland, 11. desember 2012, Bergen

Gode konferansedeltakarar. Eg takkar for invitasjonen å koma å snakka til dykk om ei av dei klart viktigaste sakene for den raudgrøne regjeringa – arbeidslivspolitikken. For meg er det spesielt kjekt å koma til Hordaland, der eg har røtene mine frå.

Sjekkes mot framføring

Gode konferansedeltakarar. Eg takkar for invitasjonen å koma å snakka til dykk om ei av dei klart viktigaste sakene for den raudgrøne regjeringa – arbeidslivspolitikken.  For meg er det spesielt kjekt å koma til Hordaland, der eg  har røtene mine frå.

Utan eit godt fungerande arbeidsliv med høg sysselsetjing, låg arbeidsløyse gode løns- og arbeidsvilkår, god produktivitet og høge standarar på helse, miljø og sikkerheit, på likestilling,  ja utan det, er det mykje anna i samfunnet som vil svikta. Arbeidslivspolitikken er derfor på mange måtar bærebjelken i vårt samfunn og vår samfunnsmodell.

De har gitt meg tittelen ”Arbeidslivet i framtida”.  Skal eg seia noko meiningsfylt om det, må eg starta med å seia noko om arbeidslivet i dag. Eg trur nemleg at mykje av arbeidslivet i framtida vil likna mykje på det arbeidslivet me har i dag. Berre at det vil bli endå meir teknologisert, enda meir kunnskapsbasert og eg trur endå meir avhengig  av godt samspel mellom dei ulike aktørane i ei bedrift.

Dagens arbeidsliv

Arbeidslivet i Norge er grunnleggjande  godt, men det har sine klare utfordringar. Det siste skal eg straks koma tilbake til.

 

Sysselsetting

Men først om det som er bra og som de også kjenner godt til - det er høg deltaking i det  norske arbeidslivet. Det har me hatt i Norge i mange år, fordi det har vore mål nummer ein i politikken. Det har vore Arbeidarpartiets politikk, men ikkje berre Arbeidarpartiets politikk. Heilt sidan 1930-talet har det vore brei semje om at heile folket skal i arbeid. For arbeid gir vekst og velstand for den enkelte og for samfunnet.

(Klikk på bildet for større versjon)

Medan fleire europeiske land slit med høg arbeidsløyse, er ho låg i Norge. Den lågaste i Europa,  2,3%  registrerte ledige i november i følgje Nav (vel 60 000), og den går ned både blant dei korttids- og dei langtidsledige. Sysselsetjingsgraden er over 70. Avgrensar me den til alle vaksne mellom 20 og 64 år er den 80.  Sidan 2005 har sysselsettinga i Norge auka  med om lag 350 000 personar. Om lag to tredjedeler av dette har komme i privat sektor. Altså over 200 000 fleire sysselsette i privat sektor og over 100 000 fleire sysselsette i offentleg sektor på sju år. Både ein god vekst og ein god balanse, spør de meg.

I dei fleste andre landa i Europa er situasjonen ein heilt annen. Storbritannia opplever no den høgste arbeidsløysa sidan det store økonomiske tilbakeslaget på førstninga av 1990-talet. Verst går det utover ungdom – Spania der kvar andre ungdom går ledig.  Den tidlegare kanslaren i Tyskland, Helmut Kohl, kalla det på TV på søndag for ein skandale.

Den høge ungdomsarbeidsløysa får svære velferdsmessige konsekvensar for ein heil generasjon. Og det kan få politiske og samfunnsmessige konsekvensar.  At mangel på arbeid er rota til alt vondt, gjeld nok også i vår tid.

Å vera i arbeid er det viktigaste for å fremma integrering, utjamning og velferd. Arbeid er viktig for det å høyra til, for fellesskap og eigenverd. Samtidig er samfunnet vårt heilt avhengig av å bruka dei menneskelege ressursane for å kunna møta utforringane i framtida med  auka aldring og behov for velferdsordningar.

Arbeidslinja er derfor den raude tråden i ein raudgrøn politikk.  

Tilstanden i arbeidslivet

Det er godt å vera i norsk arbeidsliv.

Fasiten er at arbeidstilhøva  er gode for de aller fleste i Norge. Folke seier jamt over at dei trivest i jobben, at han er meiningsfylt og at dei føler seg godt forankra på arbeidsplassen.  Me skårar høgt i internasjonale arbeidsmiljøundersøkingar, og ein stadig mindre del av arbeidstakarane blir  utsette for negative arbeidsmiljøbelastningar – i alle fall på dei fleste områda.

Hovudregelen er fast arbeidskontrakt, og det er ikkje berre i følgje arbeidsmiljølova. Slik er det også i praksis. Få er utrygge i høve til å mista jobben sin. I internasjonalt perspektiv har me få mellombels tilsette.  Andelen går stadig nedover. Den er betydeleg lågare enn for 15 år sidan.

Me har sett teikn på større omfang av innleige, særleg knytt til enkelte bransjar. Likevel er berre under 2 prosent av alle sysselsette sysselsett i vikar- eller bemanningsbransjen.

Arbeidstakarane oppgjer at arbeidstida er godt tilpassa familielivet og sosiale forpliktingar, og dei fleste opplever å kunne påverka eigen arbeidskvardag.

Norge er også mellom dei landa der flest sysselsette oppgir at dei har muligheit til betalt fagleg utvikling.

Dette har ikkje komme av seg sjølv. Det gode arbeidslivet er resultat av godt og hardt arbeid gjennom generasjonar, frå ikkje minst fagrørsla,  eit godt samarbeid mellom dei partane i arbeidslivet lokalt og sentralt, og vidare treparts samarbeidet som også inkluderer styresmaktene. 

Utfordringar framover

Men, alt er likevel ikkje rosenraudt. Trass rekordhøg sysselsetting, og sterk sysselsetjingsvekst, får ikkje alle som ønskjer det arbeid. Det er over 60 000 heilt ledige, me slit i høve til å få fleire utviklingshemma ut i arbeid, arbeidsløysa blant fleire innvandrargrupper er altfor høg, ungdomsarbeidsløysa er for høg. Dette skjer trass i ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk der stadig nye tiltak blir sett inn. Det blir stadig meir krevjande for å få fleire frå desse gruppene inn i arbeidslivet.

Men me må ikkje gi opp. Retten til arbeid skal gjelda  alle. Derfor er blant anna i det budsjettet Stortinget nettopp har vedteke ungdomsgarantien styrka og det er blitt fleire tiltaksplassar for dei med nedsett arbeidsevne.

Utfordringane går ikkje berre på å få folk inn i arbeidslivet. Det er også utforringar i høve til dei som er i arbeidslivet. Det er grundig omtalt i den nemnde stortingsmeldinga. Det gjeld:

  • For det første; Useriøsitet og sosial dumping, særleg knytt til nokre utsette  bransjar
  • For det andre; utstøyting og overføring til helserelaterte ytingar.  

Dette er tunge utfordringar, både for bedriftene, for partane i arbeidslivet og for styresmaktene. Dei er ikkje nye, men særlig den førstnemnde, altså sosial dumping,  ser ut til å vorte større dei siste åra.

 

Sosial dumping og useriøsitet

Veldig mykje er gjort i kampen mot sosial dumping. Det finst neppe noko land me kan samanlikna oss med der parlamentet har behandla og vedtatt to handlingsplanar mot sosial dumping, og der regjeringa ier i gang med den tredje. Arbeidsinnvandring er ei årsak til sosial dumping. Både medviten utnytting av arbeidstakarar og uforstand blant arbeidsgjevarar er viktige årsaker. Eg understrekar at dette ikkje er det generelle bildet. Det generelle bildet er at vi har tatt imot det  store fleirtalet av dei over 300 000 arbeidsinnvandarane me har på ein skikkeleg måte.

Men bildet viser også at det er utforringar. Til dømes viser ein ny rapport frå Arbeidstilsynet at utenlandske arbeidstakarar  har nesten 50 prosent større risiko for å bli alvorleg skadde  på arbeidet enn det tilfellet er for norske arbeidstakarar. Risikoen for arbeidsskadedødsfall er oppimot 30 prosent høgre. Slik kan me ikkje ha det.

Handlingsplan 3

Korleis arbeider regjeringa så vidare med dette? Svaret på det er Handlingsplan 3 for meir anstendige arbeidsforhold og mot useriøsitet og sosial dumping. Tidlegare i haust lanserte statsministaren at regjeringa no startar arbeidet med ein ny handlingsplan som tek utgangspunkt i særleg forslaga i Arbeidslivsmeldinga.

Målet med den nye handlingsplanen er å sikra eit ryddig arbeidsliv og gode lønns- og arbeidsforhold for alle arbeidstakarar i Noreg. Nokre bransjar har større utfordringar enn andre, til dømes reinhaldsbransjen, byggebransjen, transportbransjen og hotell- og restaurantbransjen. Det er derfor viktig å målretta innsatsen på ein god måte. Handlingsplan 3 vil også dreia seg om tiltak for meir effektiv handheving av arbeidsmiljøregelverket, vidare styrking av Arbeidstilsynet og arbeidet for å effektivisera allmenngjeringsordninga. Me er i gang med å vurdera kollektiv søksmålsrett når det gjeld innleige.

Treparts bransjeprogram

Treparts bransjeprogram er eit verkemiddel. Tanken bak treparts bransjeprogram er å gjera nytte av den kunnskapen organisasjonane sjølve, og herigjennom bedrifter og fagforeiningar har om bransjen og dei utfordringane som er der, slik at innsatsen kan spissast og tilpassast dei einskilde bransjane.  Reinhaldsbransjen var den første bransjen som er omfatta av dette programmet.

Gjennom mange år har det her blitt avdekka uverdige løns- og arbeidsvilkår, ulovlege tilsetjingar, skattejuks m.m. har dessverre førekome i mange bedrifter. Høgt sjukefråver og helseplager har også prega bransjen. Slik bør det ikkje verta lenger. Partane og styresmaktene har gjennom dette bransjeprogrammet  no i lag gjort eit krafttak for å leggja grunnlaget for ein seriøs, rein og kvit bransje.

Reinhald er ei viktig oppgåve i samfunnet. Det er eit arbeid som bør verdsetjast høgt. For å vera ein god reinhaldar trengs det fagkunnskap. Stadig meir av arbeidet skjer i dag i eigne bedrifter. Om lag 25 000 arbeidstakarar er sysselsett i bransjen.

I førre veke deltok eg i møte med ei større bedrift som driv med reinhald. Representantar både for arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida viste til kor viktig det er for denne bransjen å ha eit grunnfjell. Med det meinte dei at så mykje som mulig av arbeidet bør utførast på dagtid, at flest mulig arbeider i full stilling og at reinhaldarane har høve til å jobba i team. Dei la vekt på verdien av å utvikla trygge tillitsvalde og trygge verneombod. Dei har så rett. Dette grunnfjellet er bærebjelken i den norske arbeidslivsmodellen. Me kan ha så mykje tilsyn og så mykje lover og forskrifter som vi berre vil. Det er nødvendig, men utan dette grunnfjellet vil me ikkje oppnå eit ordna og seriøst arbeidsliv. Den viktigaste strategien for eit godt arbeidsliv er derfor høg organisering og gode relasjonar i bedrifta. Så må andre ting koma i tillegg, slik det no er lagt opp til i reinhaldsbransjen.

Alle bedrifter i bransjen (gjeld også enkeltmannsbedrifter) må no vera godkjende for å driva reinhald (dei kan driva medan søknad er under behandling).  For å vera godkjende må dei oppfylla krav om verneombod, bedriftshelseteneste, allmenngjering av tariffavtale, vera registrerte i ulike offentlege register. Når godkjenninga er gjort, vil dei vera å finna i Arbeidstilsynet sitt register over godkjente reinhaldsbedrifter, og arbeidstakarane får id-kort. Det blir forbode å kjøpa tenester frå bedrifter som ikkje er godkjente. Forbodet gjeld ikkje for private heimar, men bedrifter som utfører reinhald i private heimar og som ikkje er godkjente kan bli straffa. Straff kan vera pålegg, krav om stansing av arbeidet og tvangsmulkt.

Samtidig med dette er det innført regional verneombodsordning i reinhaldsbransjen. Ordninga vil bidra til å skaffa små bedrifter meir kunnskap om godt arbeidsmiljø og vera pådrivar for at bedrifter får ordna forhold. Allmenngjeringsordninga vil sikra verdige løns- og arbeidsvilkår.

Ein viktig strategi i dette arbeidet er at det skal vera lønsamt og enkelt å driva seriøst og krevjande å vera useriøs. Slik skal det vera i reinhaldsbransjen. Bedrifter som har ting på stell og som har som mål å driva seriøst, skal oppleva minst mogeleg heft. Dei som derimot ikkje legg vekt på dette, skal få merka at det er krevjande å opptre useriøst og ulovleg.

Sist måndag vedtok Stortinget at Arbeidstilsynet skal føra tilsyn med løns- og arbeidsvilkår i offentlege tilbodskontraktar. Frå årsskiftet  skal innleigde arbeidstakarar likebehandlast med direkte tilsette i innleigebedrifta. Det vil bidra til meir ryddige vilkår for tilsette i bemanningsselskap. Mykje skjer på området for å sikra seriøsitet og verdige vilkår. Men i botn for dette må grunnfjellet, som eg var inne på, vera på plass. 

Eg er overtydd om at programmet vil gje resultat. Fordi partane er innstilt på det. Fordi tiltaka er så godt forankra i bransjen. Derfor vil må gå vidare med nye program for andre bransjar. Kanskje ikkje dei same verkemidla. Men den same metoden. Forankring i bransjen.

Allmenngjeringsordninga

Eit svært sentralt virkemiddel er allmenngjeringsordninga. Allmenngjeringsordninga er viktig for arbeidstakarar som fell utanfor det organiserte arbeidslivet. Men det er det organiserte arbeidslivet som er referansepunktet. Ordninga har ført til at det ikkje er lovleg å driva sosial dumping der ordninga gjeld. Ho har gitt mange, først og fremst  utanlandske arbeidarar, likeverdige minstevilkår.

Fafo og andre har peika på at allmenngjering er eit effektiv verktøy, men at det er ei viss bekymring for utviklinga i problembransjar som så langt ikkje er allmenngjort. Derfor må me sjå på korleis allmenngjeringsordninga kan gjerast meir effektiv og mindre konfliktskapande.

Tilsyn og meir effektiv handheving

Me har fått på plass mange viktige reguleringar. Men det er ikkje nok. Reglane må også etterlevast, utan det er dei lite verd. Det offentlege spelar ei viktig rolle her gjennom tilsynsverksemd og kontroll med at reglane vert følgd. Regjeringa vil ha eit tydeleg og effektivt Arbeidstilsyn. Over fleire år har vi auka løyvingane til Arbeidstilsynet. Resultatet har blitt fleir tilsyn på bedriftene.  Samstundes har Arbeidstilsynet fått fleire rettslege verkemiddel for å gjere tilsynet meir målretta og effektivt.

Men framleis er det ein jobb å gjera her. I arbeidslivsmeldinga drøfta me om dei handhevingsmetodane me har i dag når det gjeld alvorlege brot på arbeidsmiljølova er gode nok. Regjeringa er opptatt av at det skal ha konsekvensar å gjera seg skuldig i brot på arbeidsmiljøregelverket, og at det fins gode system som sikrar dette. Me arbeider no med ein brei og heilskapleg gjennomgang av handhevingssystema, og vi har allereie lagt fram nokre konkrete forslag.

Sjukefråver  og utstøting – Inkluderande arbeidsliv

Så til den andre hovudutfordringa; sjukefråver og utstøyting. Trass høg sysselsetting er det for mange i arbeidsfør alder som går på det ein kallar for offentlege helseordningar. Kvar femte innbyggjar i arbeidsfør alder er utanfor arbeidslivet på grunn av sjukdom eller skader. Mange av dei vil aldri koma inn i arbeidslivet. Men det er også dei som vil det og kan det. Det dreier seg om personar med nedsett funksjonsevne som vil inn i arbeidslivet, det er personar på arbeidsavklaringspengar og det er undersysselsette/ufrivillig deltid. 

Som med sosial dumping og useriøsitet er partssamarbeidet også eit hovudverktøy for å auka inkluderinga og redusere utstøytinga frå arbeidslivet, blant anna gjennom samarbeidet om IA-avtalen på sentralt, regionalt og lokalt nivå. Her er det en utfordring for bedriftene å følgja opp intensjonane til partane sentralt og målsetjingane bedriftene har sett seg lokalt -  godt IA-arbeid er ikkje noe som kan vedtakast, det er noko som må gjerast, kvar dag. Det er på same måte som med trening; du blir ikkje i god form av å teikna medlemskap i idrettslaget – du må trena også.

 

Resultata av IA-innsatsen totalt sett er blanda. Først om det positive. Sjukefråværet er no på det lågaste i IA-avtalens historie! Me er på riktig vei mot målet i IA-avtalen om en nedgang i sjukefråveret med 20 prosent! Sidan 2. kvartal 2001 har fråveret gått ned med 14,2 prosent. Særleg går det lange langtidsfråveret ned, samtidig som kortidsfråveret held seg lågt. Dette er svært oppløftande.

Det er også oppløftande at andelen personar over 60 år som er i arbeid aukar, og det er bra at andelen uføre går ned. Dette er teikn på eit meir inkluderande arbeidsliv.

Derimot har me ikkje nådd målet om å få fleire med nedsett funksjonsevne i jobb. Yrkesdeltakinga er på vel 40 prosent. Det er for lågt. Det er omlag 78 000 personar med nedsett funksjonsevne utan arbeid og som ønskjer seg arbeid. 22 000 av dei er under 30 år. Her er det behov for forsterka tiltak.

Resultata er som eg sa blanda, men mest positive. IA-avtalen har mange gode verkemiddel. Kor mykje av dei positive resultata som skuldast avtalen er det ingen  som veit. Men det ville vore merkverdig om den ikkje har vore eit vesentleg bidrag. 

Avslutning

Eg starta med å seia at godt arbeidsliv langt på veg er nøkkelen til eit godt samfunn. Den kjende bedriftslegen Ørn Terje Foss har sagt – sikkert noko spissformulert – at det beste du kan gjera for å bevara god helse er å gå på jobb. Han meiner det er godt dokumentert at å gå på jobb er noko av det mest helsebringane du kan gjera.  Og så legg han til  det sjølvsagte: ”Vel og merka dersom du ikkje blir sjuk på grunn av forhold ved sjølve arbeidsplassen”. Han framhever at på arbeidsplassen har du nettverk, det er helseverdi å koma seg opp og på jobb, bevega seg tilarbeidsplassen og utføra sin daglege dont. Her har han også eit tillegg eller føresetnad. Du må bli sett på jobben, du må verta verdsett, du må ha leiarar som har eit personleg ansvar for arbeidsmiljøet og leiarane må involvera og kommunisera godt overfor tillitsvalde, verneombod og medarbeidarar.  Dette han seier her, er også eit grunnfjell som er nødvendig for å skapa det gode arbeidsliv.

Og så vil eg leggja til. Fleire må mosjonera meir. Eg har sagt det før – ein burde hatt helseattest på at det er lov å ta heisen på jobben. Og ein kvar konferanse som strekkjer seg over ein heilt dag burde hatt innslag av mosjon. 30 minuttar er nok.