Historisk arkiv

Innleige og likebehandling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeidsdepartementet

Dagens Næringsliv 18. desember 2012

Stein Lier-Hansen meiner i innlegget sitt i DN av 13. desember at lovarbeidet med vikarbyrådirektivet og likebehandling har gått litt for fort i svingane. Til det vil eg svara at alt i mars i år var forslag til regelverk kjent, skriv statssekretær i Arbeidsdepartementet, Norvald Mo.

Stein Lier-Hansen meiner i innlegget sitt i DN av 13. desember at lovarbeidet med vikarbyrådirektivet og likebehandling har gått litt for fort i svingane. Til det vil eg svara at alt i mars i år var forslag til regelverk kjent. Likebehandlingsreglane vart då fremma i lovproposisjon for Stortinget og reglane vart vedtekne i juni. Reglane har med andre ord vore kjende i snart trekvart år.

I den seinare tida har Arbeidsdepartementet fått ein del spørsmål om korleis reglane er å forstå. På den bakgrunnen har vi utarbeidd ein rettleiar som gir omfattande informasjon om kva det nye regelverket går ut på og korleis det skal gjennomførast i praksis.  I innlegget trekkjer Stein Lier-Hansen likevel fram i at det på eitt punkt i denne rettleiaren er synt til at det må gjerast ei konkret vurdering i det einskilde tilfelle. Dette gjeld spørsmålet om ei allmenngjeringsforskrift kan fråvikast som følgje av likebehandlingsreglane eller ikkje.

Men korkje allmenngjeringsforskriftene eller likebehandlingsreglane er utforma slik at dei ikkje gir rom for ei konkret tolking i lys av dei faktiske tilhøva. Til dømes er likebehandlingsreglane eit uttrykk for prinsippet om at ein utleigd arbeidstakar skal ha minst like gode lønns- og arbeidsvilkår som om han hadde vore direkte tilsett i innleigebedrifta. Men reglane fastset ikkje dei konkrete lønns- og arbeidsvilkåra til den einskilde arbeidstakaren. Det vil vera avhengig av kva reglar, avtalar og praksis som gjeld i innleigebedrifta. Og skulle det vera tvil om tolkinga av  allmenngjeringsforskriftene er det som vanleg Tariffnemnda som er rette adressat for slike spørsmål.

Når det gjeld tidspunktet for når reglande skal gjelda frå, har det vore kjent lenge at desse reglane blir ein del av EØS-avtalen og gjeldande frå 1. januar 2013.