Historisk arkiv

Arbeid til alle

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeidsdepartementet

Klassekampen 21. januar 2013

Arbeidsløysa blant innvandrarar er tre ganger større enn i folket elles. Betyr det at norsk integreringspolitikk har mislykkast totalt, skriv statssekretær Norvald Mo i Klassekampen.

Arbeidsløysa blant innvandrarar er tre ganger større enn i folket elles. Betyr det at norsk integreringspolitikk har mislykkast totalt? Betyr det at alle milliardane som er brukte på integreringstiltak dei siste par ti-åra er bortkasta? Ja, meiner fleire, og særleg meiner Framstegspartiet det. Ole Mathismoen hadde også ein kommentarartikkel om dette i Aftenposten for eit par veker sidan, og meinte at den mislykka integreringa ville ha ført til politisk opprør, dersom det ikkje var for at fleire parti har ansvar for den mistrøstige situasjonen.

Etter mitt syn kallar ikkje situasjonen på opprør. Det er ikkje riktig at norsk integreringspolitikk berre er gjennomsyra av god vilje og gode intensjonar. Politikken kan faktisk også visa til gode resultat. Nær 600 000 personar har innvandra til Norge.  Fleirtalet av dei er i arbeid. Fleirtalet er godt integrerte i arbeidsmarknaden og utfører viktige oppgåver i det norske samfunnet. Men dei som har innvandra har svært ulik bakgrunn. Nokon har god utdanning og er vel kvalifiserte for den norske arbeidsmarknaden. Andre er analfabetar og nokre av dei slit også med store traumer eller ein vanskeleg bakgrunn på flukt. Det vil derfor vera umogeleg å ha ein like høg sysselsetjingsandel mellom innvandrarar som i folket elles.

Kanskje er derfor vel 6 prosent arbeidsløyse blant innvandrar eit ganske godt resultat. Samanliknar vi oss med situasjonen i andre land er det i alle fall tilfelle. At resultata er klart betre hos oss enn i dei fleste andre land kan likevel ikkje vera einaste målestokken på kor vellykka politikken vår er. Målestokken må vera å koma nær det som er nivået på arbeidsløysa elles i Norge. Då må vi strekkja oss lenger enn der vi er i dag. Då må vi få fleire med innvandrarbakgrunn i arbeid. Då må vi blant anna sjå på det Hilde Mjøs skreiv i Klassekampen 12. januar om at innvandrarar må få betre norskopplæring og gjennom det bli knytt sterkare til arbeidslivet.

I stortingsmeldinga om ein einskapleg integreringspolitikk som vart fremma i haust varsla Regjeringa at ho vil gjennomgå bruken av arbeidsmarknadstiltak overfor innvandrarar. I denne gjennomgangen vil det bli drøfta om yrkesretta språkopplæring bør bli ein større del av det vanlege tilbodet om arbeidsmarknadsopplæring til innvandrarar med svake norskkunnskapar. Eit slikt tiltak vil dessutan også kunna ha andre positive effektar utover det å få fleire innvandrarar i arbeid.

Norge opplever sterk vekst i sysselsetjinga, og om lag to tredjedelar av veksten kjem gjennom arbeidsinnvandring. Det gjer at mangel på arbeidskraft blir ein langt mindre flaskehals enn det elles kunne vore. Det er oppsida. Nedsida er at enkelte grupper slit endå meir for å få seg arbeid. I valet mellom ein arbeidsinnvandrar og ein langtidsledig innvandrar eller ein person med nedsett arbeidsevne, ser det ut for at arbeidsgjevarane for det meste vel arbeidsinnvandraren.

Vi har likevel i 2012 hatt nedgang både i arbeidsløysa totalt og i talet på personar med nedsett arbeidsevne.  Å bremsa arbeidsinnvandringa kan ikkje vera svaret. Vi treng arbeidskraft også frå arbeidsinnvandring. Samstundes må svaret vera å satsa meir overfor grupper med låg sysselsetjingsgrad. Jobbstrategien for personar med nedsett funksjonsevne er eit døme på det. Det betyr ein meir aktiv arbeidsmarknadspolitikk med meir integrering i det ordinære arbeidslivet og det betyr meir særskilte arbeidsmarknadstiltak.