Korleis bekjempa sosial dumping og svart økonomi?
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Arbeidsdepartementet
Regjeringa sine tiltak mot sosial dumping.
Tale/innlegg | Dato: 26.09.2013
Tale i forbindelse med NTL-konferanse 25. september 2013.
NTL-konferanse 25. september 2013
Presentasjon: Bekjempa sosial dumping - Regjeringa sine tiltak (pdf 0,5 KB)
Sjekkes mot framføring
Mange takk til NTL som set temaet sosial dumping og svart økonomi så tydeleg på dagsorden. I heftet som de har utarbeidd etter den førre konferansen i fjor, skriv de at sjølv om tilsette i offentleg sektor ikkje sjølve blir utsette for sosial dumping, betyr ikkje det at problema ikkje er viktige for NTL. Og kvifor det? Jo, av minst to årsaker. Som arbeidstakarar i Skatteetaten, i NAV, i Arbeidstilsynet, i Tolletaten og andre stadar er de berørte i den forstand at når de arbeider mot skattejuks, mot trygdejuks, mot arbeidsmiljøkriminalitet kjem de i berøring med bedrifter og aktørar som også driv med sosial dumping. Det heng i hop.
De opplever det som Aftenposten har skildra dei siste vekene. Nemleg bedrifter og arbeidsgjevarar som er prega av ein grunnleggjande ukultur og rå utnytting av uskuldslause arbeidstakarar. No vil eg få slå fast med ein einaste gang. Kriminell åtferd er ikkje det som er representativt i norsk arbeidsliv. Heldigvis. Bedrifter flest er lovlydige og seriøse. Men like fullt er dei useriøse og kriminelle innslaga her, og mange peikar på at det er eit veksande problem. Det er derfor me må ta tak i det.
Den andre grunnen til at dette temaet er viktig for dykk i NTL er at de er tillitsvalde i ein organisasjon som set kampen mot useriøsitet og sosialdumping på dagsorden som ei politisk utfordring. Som ser samanhengen mellom det å bekjempa dette uvesenet og det å bevara vår samfunnsmodell med ryddige forhold i arbeidslivet og velferdsstat. Utan at de og andre set dette på dagsorden, og saman med andre arbeider aktivt, vil det ikkje vera mulig å bekjempa uvesenet.
Før eg skal seia litt om korleis regjeringa arbeider med dette, vil eg starta med å drodla litt om temaet eller omgrepet sosial dumping.
Frå arbeidsgjevarhald blir me kritisert for å setja stempel på alt me ikkje likar i arbeidslivet for sosial dumping. Eg er einig med arbeidsgjevarane i at det blir feil. På den andre sida har eg ein mistanke om at arbeidsgjevarar også tyr til det argumentet for å skapa uklarheit om kva sosial dumping er for noko, og dermed også finna argumentasjon mot tiltak og handling.
Regjeringa har ein definisjon i dei to siste stortingsmeldingane som er fremma om dette temaet. Seinast i Arbeidslivsmeldinga som vart fremma for to år sidan. Der definerte me sosial dumping som:
Plansje 2
”Etter regjeringa si vurdering er det sosial dumping når utanlandske arbeidstakarar blir utsette for brot på helse-, miljø- og sikkerheitsreglar, mellom anna reglar om arbeidstid og krav til bustandard, og/eller når dei blir tilbydde lønn og andre ytingar som er uakseptabelt låge samanlikna med det norske arbeidstakarar normalt tener, eller som ikkje er i tråd med allmenngjeringsforskrifter, der slike gjeld”.
Omgrepet sosial dumping står ikkje i noko lov eller forskrift. Eg huska for nokre år sidan då eg var i Fellesforbundet at me prøvde å få inn omgrepet i Byggherreforskriften, men det gjekk ikkje fordi det ikkje var noko juridisk omgrep. Det finst ikkje i nokon lovtekstar – det finst ingen juridisk knagg å hengja det på.
Men når det er tilfelle blir det desto viktigare å skapa ei mest mulig brei forståing av kva sosial dumping er for noko. Då vert det også lettare å bekjempa uvesenet. Her synest eg me ikkje er komne lagt nok. Men eg meiner at me har sett teikn på at det gradvis er i ferd med å skje noko riktig. I arbeidsgjevarkretsar er det større forståing enn før for allmenngjering som verkemiddel. Der har Høgre også no hamna og det er bra. Alternativet - nasjonal lovfesta minsteløn er det berre Frp som har vore for – no har også Venstre hamna på den løysinga. Så er det usemje om kva verkemiddel som skal vera knytt til allmenngjering, men berre det å få ei forståing av allmenngjering som verkemiddel er viktig.
Og kvifor er det det? Jo, då beveger me oss i retning av grensesetjing og kan snakka om kva som er sosial dumping og kva som ikkje er det. Og då beveger me oss over i ein tilstand der 150 kroner timen kan vera sosial dumping i ein bransje, men ikkje i ein annan. Då går me i den retninga å seia at tariffavtalane sine minstestandarar er dei som set minstenorma i bransjen. Å løna under det er lovstridig. Då er det sosial dumping.
Men sosial dumping er også noko meir enn løn. Det går på verksemd som set seg utover norsk lov når det gjeld helse, miljø og tryggleik. Eit isolert lovbrot treng ikkje bety at ei bedrift driv med sosial dumping, men når det er eit mønster i slik aktivitet, då er det det. Og det er det me har sett i enkelte bransjar. Det er derfor me vil ha bransjeprogram, slik me har hatt det i reinhaldsbransjen, og som no vert utvida til fleire bransjar.
Kampen mot sosial dumping dreier seg derfor om noko langt meir enn usosial avlønning eller usosial vilkår. Det dreier seg om ein strategi for å ta vare på og forsterka eit arbeidsliv der standarden er å opptre lovleg, anstendig og seriøst. Derfor har me også kalla handlingsplan 3 for ein plan for eit anstendig og seriøst arbeidsliv og mot sosial dumping.
Sosial dumping har kome i kjølvatnet av ein radikal auke i arbeidsinnvandringa. Det fanst sosial dumping før også, men aldri på den måten at heile bransjar var prega av det. No ser me at det brer seg til stadig fleire bransjar.
Arbeidsinnvandringa har i det store og heile vore positiv for Noreg, men har skapt utfordringar for den norske arbeidslivsregimet. Det er gjennomført ei rekkje tiltak for å sikre gode lønns- og arbeidsvilkår for arbeidsinnvandrarane. For det er viktig å sikre at sosial dumping ikkje breier om seg i det norske arbeidslivet, mellom anna i lys av lønnskostnadsforskjellane på den europeiske arbeidsmarknaden.
Plansje 3
Handlingsplan 1 og 2 – kva er oppnådd?
- Regjeringa har innført mange tiltak, jf Faglegpolitisk rekneskap. Over 40 tiltak når me inkluderer handlingsplan 3 som vart fremma i vår. Mange av forslaga har det vore politisk semje omkring – andre stor strid.
- Forsking og erfaring viser at det er blitt mindre sosial dumping enn om tiltaka regjeringa har fått gjennomført ikkje hadde blitt innført.
- Reinhaldsbransjen er eit døme på at det lar seg gjera å snu ei negativ utvikling der ein heil bransje blir prega av useriøse tilhøve. Sjølv om jobben i reinhald langt i frå er ferdig.
- Det er blitt gjort viktige avklaringar av handlingsrommet som ligg i EØS-avtalen for å føra ein aktiv politikk mot sosial dumping. Døme: Høgsterettsdommen i verftssaka og uttalingar frå ESA når det gjeld allmenngjeringsordninga, forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar og ID-kort i byggenæringa. Det er avklaringar som har skjedd siste året, og er uhyre viktige i høve vårt vidare arbeid mot sosial dumping.
Plansje 4 og 5
Kva er utfordringane?
- I fjor utførte Arbeidstilsynet 2 800 tilsyn mot sosial dumping. I 53 prosent av tilsyna vart det gitt reaksjonar. Det er en høg andel. Det fortel at useriøsitet i arbeidslivet er ei stor utfordring.
- Sjefen for Arbeidstilsynet, Ingrid Finboe Svendsen, uttalte nyleg at omfanget av sosial dumping aukar og at det er meir organiserte ulovlegheiter. Det er ei sterkare grad av kriminalisering, sa ho.
- Og så ser me eit tydeleg utviklingstrekk til. Me ser betydelege og vedvarande skilnader i løns- og levekostnader innanfor same arbeids- og tenestemarknad. På denne måten er utfordringane blitt større enn nokon kanskje hadde sett for seg ved EU/EØS-utvidinga i 2004. Og dei er truleg også blitt meir varige. Kostnadsforskjellen mellom Norge og andre land er veksande. Det nesten paradoksale er at jo betre det går for oss, og jo verre det går for andre når det gjeld sysselsetjing og økonomi, jo større blir utfordingane våre.
- Norge vil garantert vera ein del av ein open europeisk arbeidsmarknad også framover. Me vil også framover ha høg arbeidsinnvandring gitt sysselsetjingsvekst i Norge. Det er mange som vil koma hit og som vil kunna selja arbeidskrafta si billeg, og det vil vera arbeidsgjevarar som ser muligheiter i å utnytta situasjonen. Det viser som nemnt reportasjane i Aftenposten i det siste. De var derfor ikkje utan grunn at Aftenposten nyleg skreiv på leiarplass at i ny regjering med stor iver må sørgja for at kampen mot sosial dumping må førast vidare.
Tiltak mot sosial dumping
Eg skal raskt summera opp kva hovedtiltak denne regjeringa har gjort mot sosial dumping desse åtte åra.
- Me reverserte endringene i arbeidsmiljølova i 2005. Som kjent er det eit politisk stridsmål, men vår oppfatning er at meir liberalt regime for arbeidstid, overtid, innleige, midlertidige tilsetjingar vi gje meir useriøsitet, ved at arbeidstakarane og tillitsvalde si stilling blir svekka
- Har lagt fram tre handlingsplanar mot sosial dumping
- Innført ordning med regionale verneombud i reinhald og hotell/restaurant
- Innført kollektiv søksmålsrett ved ulovleg innleige
- Gitt tilsyna muligheit til å utsteda bøter og gebyr ved brot på arbeidsmiljølova m m
- Innført innsynsrett og solidaransvar i tilknytning til allmenngjering og gitt byggherren eit større ansvar å sjå til at oppdragsgjevar opptrer lovleg.
- Styrka tilsyna si rolle når det gjeld å føra tilsyn med at allmenngjering blir overholden og det å ileggja pålegg.
- Innført likebehandling mellom ordinært tilsette og tilsette i vikarbyrå, støtta av ei kraftig tiltakspakke for å sikra at reglane vert overheldne
- Auka løyvingane til Arbeidstilsynet med reelt nesten 30 prosent siden 2005.
Vegen vidare:
Plansje 6
1. Styrkja det organiserte arbeidslivet
- Kampen mot sosial dumping kan aldri vinnast utan at partane grunnleggjande sett blir einige i analysen om kva som er sosial dumping og i strategien for å bekjempa uvesenet. Men det føreset også at organisasjonane har makt. Det føreset høg organisasjonsgrad. Organisering på arbeidstakar- og arbeidsgjevarside er ei føresetnad for å oppnå eit seriøst arbeidsliv fritt for sosial dumping.
- Regjeringa sin politikk er å leggja til rette for auka organisasjonsgrad og meir medbestemming i arbeidslivet
- Fagforeiningsfrådraget er viktig verkemiddel. I tråd med regjeringserklæringa vil Regjeringa auka fagforeiningsfrådraget.
Plansje 7
2. Treparts bransjeprogram
- Me har etablert det første treparts bransjeprogrammet innan reinhaldbransjen, i samarbeid mellom partane og styresmaktene. Det er innført obligatorisk godkjenningsordning for alle reinhaldsbedrifter, med krav om ID-kort for tilsette.
- No tar me modellen vidare. I lag med partane har me satt i gang ei kartlegging av arbeidstilhøva i utelivsbransjen og delar av transportsektoren. Her er det så avgjort behov for å gjera meir. Me ønskjer å samarbeida med partane om nye bransjeprogram der det er behov for det.
- Regjeringa og partane i arbeidslivet samarbeider for å fremja meir seriøsitet og betre arbeidsforhold gjennom bransjeprogram for utsette bransjar.
- Reinhald var som nemnt første bransje ut. Tiltak som er innført: Allmenngjering, sterkare tilsynsinnsats, regionale verneombod, godkjenningsordning og id-kort
- Delar av utelivsbransjen er utsett for useriøsitet og sosial dumping. Arbeidet med eit bransjesamarbeid startar med ei kunnskapsinnhenting.
- Det er påvist at det i delar av vegsektoren er eit betydeleg omfang av useriøsitet og lovbrot, samtidig som innslaget av utanlandske aktørar i delar av sektoren er aukande. Også her startar arbeidet med ei kunnskapsinnhenting.
- Målet for både uteliv og deler av vegsektoren er å samarbeide om bransjeprogram der det er behov for tiltak for å fremje seriøsitet og gode arbeidsforhold.
- Luftfarten er prega av sterk konkurranse. Dette fører til press på lønns- og arbeidsvilkår. Regjeringa er i gang med ei omfattande utgreiing av utfordringane i luftfarten, herunder m.a. om det er mogleg og nødvendig å stilla krav til norske løns- og arbeidsvilkår ved framtidige kjøp av flyruter. Regjeringa vil styrkja HMS-kompetansen innanfor Luftfartstilsynet, og bidra til at det blir oppretta trepartsutvalg for Luftfartstilsynets tilsyn med arbeidsmiljø, etter modell frå Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet.
Plansje 8
3. Tiltak i offentleg sektor
- Det offentlege kan spela ei stor rolle i å skapa eit seriøst arbeidsliv ved at det offentlege er ein stor innkjøpar og byggherre. Ved å setja vilkår og ved å vera påpasseleg med at vilkåra blir heldne. Me har gjennomført ILO-konvensjon 94 i norsk lovverk og fått ei forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar som stiller krav til alle som skal driva forretningar med det offentlege. Arbeidstilsynet har fått ein tilsynsfunksjon med dette.
- Men det offentlege kan også stilla andre vilkår og gjer det. Krav til HMS, krav til at det blir utført fagopplæring og også krav til kompetanse.
- Risikoen for sosial dumping aukar der det er mange kontraktsledd. Då er det vanskelegare å halda kontroll. Eit godt eksempel er Statens vegvesen, som no krev maks to underledd i kontraktane, og at entreprenørame skal ha minst 25 prosent eigne tilsatte på anlegget. Det er positivt. I handlingsplan 3 seier me at dette må me hausta erfaring med og kunne bruka det også i andre offentlege etatar.
- I handlingsplanen signaliserer me at me vil styrkja samarbeidet mellom offentlege etater mot sosial dumping og svart økonomi. Formålet er å samordna innsatsen, herunder tilsyn, og retta den inn der det er størst behov. Det er viktig at etatene samarbeider tett for å stoppa framvekst av den useriøse og kriminelle delen av arbeidslivet.
Plansje 9
4. Allmenngjering av tariffavtalar
- Allmenngjering av tariffavtalar er det viktigaste tiltaket for å bekjempa sosial dumping i tillegg til eit organisert arbeidsliv. Allmenngjering fungerer der det er innført. Men det er behov for ei ordning som fungerer betre.
- Samtidig er det viktig å halda på det me har. Innsynsretten gir tillitsvalde høve til å krevja innsyn i løns- og arbeidsvilkår til alle tilsette og underleverandørar. Det betyr ei aktiv rolle for å kunne påvisa sosial dumping. Solidaransvaret betyr at alle verksemder i ei kontraktskjede er medansvarleg for løn. Både i Arbeidarpartiets program for komande periode, og i Handlingsplan 3, går me inn for å vurdera å utvida solidaransvaret til også å gjelda innkjøparar og byggherrar. Solidaransvar gjeld frå 1. juli i år innleige frå bemanningsselskap.
- Regjeringa vil vurdera fleire endringar for å gjera allmenngjeringsordninga meir robust. Regjeringa vil sjå på moglege endringar knytt til kravet om dokumentasjon med sikte på å gjera det enklare å behandla eit krav om allmenngjering og for å effektivisera sakshandsaminga i Tariffnemnda, herunder vurdera om dokumentasjonsplikta skal leggjast til Tariffnemnda.
- Regjeringa vil også vurdera om det bør gjerast endringar i reglane om innhald i vedtak om allmenngjering og kor lenge det skal vare, ved at det t.d. blir meir tydeleg i lova kva som kan allmenngjerast, samtidig som eit vedtak kan gjelda for ein lengre periode enn i dag. Dette arbeidet vil skje i samarbeid med partane.
Plansje 10
5. Styrka etterleving og handheving
- I handlingsplan 3 varsla me at me gjennom samarbeid med partene vil følgja nøye med på om likebehandlingsreglane og allmenngjeringsreglane blir etterlevde. Dette gjeld særleg forholdet mellom innleige av arbeidskraft og entreprisar og omfanget av fiktive entreprisar. Fellesforbundet har tatt opp fleire slike saker i byggenæringa. Her er det også særleg viktig at offentlege etatar viser veg med ein restriktiv praksis.
- Regjeringa har fått vedtatt å gi Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet høve til å skriva ut overtredingsgebyr til verksemder ved brot på regelverket. Straffegebyr finst det på ulike område i samfunnet, så kvifor skal ikkje arbeidsmiljø- og sosialdumping kriminalitet straffast? Vart vedteke av Stortinget i vår.
- Tiltaka som er innført mot ulovleg innleige av arbeidskraft må etterlevast. Regjeringa har gjort framlegg om at fagforeiningar som har medlemmer i ei verksemd som har leigd inn arbeidstakarar frå bemanningsføretak, kan reise søksmål i eige namn for å prøve om slik innleige er i samsvar med lova. Dette er viktig også der det blir gjort forsøk å få til innleige gjennom fiktive entreprisar. Dersom ei fagforeining meiner at det føregår ulovlig innleige men er kalla for entreprise, er det ikkje noko i vegen for at den kollektive søksmålsretten kan nyttast. Vedtatt i vår.
Plansje 11
6. Styrkja tilsyna
- Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet er blitt styrka når det gjeld ressursar og innføring av fleire verkemiddel.
- Arbeidstilsynet skal m.a. ha fleire tilsyn utan førehandsvarsel. Og me vil ha sterkare samarbeid mellom ulike etatar, slik at innsatsen blir koordinert sterkare. Stikkord: Koordinerte tilsyn.
Avslutning
- Eg får innimellom spørsmål om det ikkje er nok tiltak no. Jo, det er kanskje det. Men sosial dumping og useriøsitet er her og kanskje i større omfang enn før, og trass i mange tiltak og tiltak som også i følgje forsking verkar. Vegen framover blir etter mitt syn ikkje så mykje spørsmål om nye tiltak men å få dei tiltaka me har til å verka betre og forsterka dei.
- Det er viktig å halda sterkt trykk på arbeidet mot sosial dumping i arbeidslivet. Som de peikar på – det å koordinera innsatsen – det å sjå samanhengen mellom innsatsen mot svart økonomi og sosial dumping blir endå meir viktig framover.
- Ei passiv haldning til sosial dumping vil bety at me slepper til eit aukande innslag av aktørar som vinn oppdrag på låg løn, dårlege arbeidsvilkår og ved å la vera å bry seg om arbeidsmiljø og HMS. Ei slik utvikling vil føra til undergraving av heile vår samfunnsmodell, som er prega av at arbeidstakarar som har tryggleik og fast jobb og anstendig lønn og ordna arbeidsforhold. Det er med andre ord mykje som står på spel.
- Kva vil sjå skje framover? Me får ei ny regjering – det er sikkert. Høgre vart det største partiet på ikkje-sosialistisk side. Det partiet kjem garantert til å sitja i regjering. Både i partiprogrammet sitt og elles under valkampen la dei vekt på at om dei kjem til makta, vil det ikkje skje store endringar i arbeidslivspolitikken. Berre justeringar. Me må tru dei på det som står i partiprogrammet og det dei har sagt. Like fullt: Endringar kjem det. Viktige reformer på dette feltet blir reverserte. Det blir færre verktøy i verktøykassa mot sosial dumping. Spørsmålet er kva som blir igjen, og kor det blir av både evnen og viljen er til å halda innsatsen oppe mot sosial dumping. Ein ting blir uansett sikkert: Fagrørsla må vera på banen – organisatorisk og fagleg, organisera arbeidstakarar, oppretta tariffavtalar, bruka avtaleverket for å sikra ryddige og anstendige arbeidsvilkår. Og så må den som før, vera på banen politisk for å fremma tiltak. Spanande og utfordrande tider blir det uansett kva som skjer på Radisson Blå.