Opning av Arbeidstilsynets fellessamling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Arbeidsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 23.05.2013
Tale til alle tilsette i Arbeidstilsynet – om utfordringar og forventningar.
Gode tilsette i Arbeidstilsynet!
Mange takk for at eg får koma til dykk å opna denne etatssamlinga dykkar. De er mange samla her i dag - heilt sikkert fleire enn nokon gang før. Og grunnen er sjølvsagt – tilsynet har heller aldri vore større når det gjeld talet både på oppgåver og medarbeidarar.
Det er ein vilja politikk at det er blitt slik. Tilsynet har fått større og breiare utfordringar å arbeida med enn før, og oss som styresmakter har pålagt tilsynet større oppgåver og tilført dykk fleire verkemiddel. Ei årsak til dette er at me har eit arbeidsliv i vekst. Men den viktigaste er at me har eit arbeidsliv i stor endring. Mobiliteten har først og fremst endra seg som følgje av arbeidsvandring over landegrensene. Nær 400 000 utanlandske arbeidstakarar arbeider i Norge i dag. Det utgjer meir enn kvar 7. arbeidstakar. Og i fleire bransjar er innslaget klart større.
Dette gjer noko med arbeidslivet vårt. Først og fremst fyller det verksemdene med arbeidskraft me treng, og som gir arbeid for folk som er på søk etter arbeid. Men eit slikt arbeidsliv er også meir utsett for skader og ulykker, og det gir også eit større spelerom for å ta ut kortsiktig profitt for dei som vil utnytta situasjonen. Og dessverre finst det slike.
I dette arbeidslivet som for det aller meste er godt og der det store fleirtalet trivest, er det også mange som vert utsette for nye typar skader og sjukdomar.
Det er i dette arbeidslivet Arbeidstilsynet skal verka. De skal føra tilsyn med nær 250 000 verksemder inkludert 60 000 einingar i landbruket. De har ei kjempeoppgåve. Og de skjøttar ho godt ut frå dei oppgåver og utfordringar som ligg der. Men de får også kjeft. Ofte kan sikkert kjeften følast urettvis og usakleg. Det kan på den eine sida vera arbeidsgjevarar som berre ser på tilsynet som ”plunder og heft” og som meiner at alt er på stell hos dei. På den andre sida kan det vera arbeidstakarar og tillitsvalde som ser for seint og for lite til dykk, og som etter å ha møtt dykk heller ikkje ser meir igjen til dykk. Noko av kritikken kan sikkert vera på sin plass, ingen er feilfrie, men mitt inntrykk er at Arbeidstilsynet jamt over har eit godt renomè ute i arbeidslivet.
De veit det betre enn nokon - Arbeidstilsynet kan ikkje skapa eit godt arbeidsliv- i alle fall ikkje åleine. Og det kan heller ikkje skapa eit arbeidsliv fritt for arbeidsulykker og sosial dumping. Tilsyn og kontroll er nødvendig, men på ingen måte tilstrekkeleg. De er heilt avhengig av at bedriftene tar ansvaret for arbeidsmiljøet sjølve, og de er avhengig av at tillitsvalde og verneombod er oppegåande og gjer sin del av jobben. Dette har de også lagt vekt på når de har uttala dykk om forslag me har sendt på høyring. Derfor har d også gitt støtte til fleire av forslaga våre som har vore politisk kontroversielle.
Eit styrkaArbeidstilsyn
Arbeidstilsynet er arbeidslivets fremste ”vaktbikkje”. De skal vera med på å sikra at verksemdene sørgjer for å førebyggja sjukdom, skader og utstøyting, og å fremma trygge tilsetjingsforhold og ein meiningsfull arbeidssituasjon for den enkelte. De skal førebyggja og hindra sosial dumping og sørgja for at arbeidstakarar ikkje vert økonomisk utnytta. Samtidig har de ansvaret for å vera kunnskapsbanken vår på arbeidsmiljø og på korleis regelverket verkar, og for å formidla denne kunnskapen. Dette er store oppgåver!
Vår regjering har kvart år sidan 2006 styrkja tilsynet økonomisk. Budsjettet er no på over ½ milliard kroner. Den siste auken kom no i Revidert nasjonalbudsjett med 6 millionar kroner. Arbeidslivspolitikken og arbeidet for gode arbeidsforhold, eit godt arbeidsmiljø og kampen mot sosial dumping er viktig for regjeringa, og eit sterkt, synleg og kompetent Arbeidstilsyn er vårt viktigaste verkemiddel for å få dette til!
Sidan 2005 har de bl a fått heimel til å stansa og å ileggja tvangsmulkt i høve allmenngjering, de forvaltar ordninga med obligatorisk registrering av vikarbyrå. De forvaltar godkjennningsordning knytt til reinhaldsbransjen. De skal føra tilsyn med at krav til løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar blir overhaldne. Kvar for seg og samla er dette store oppgåver.
No får de fleire verkemiddel. I Stortingsproposisjon nr 83 har me fremma forslag om at Arbeidstilsynet skal få høve til å ileggja overtredingsgebyr, og utvida kompetanse for Arbeidstilsynet på innleigeområdet. Verksemdene skal på førespurnad frå Arbeidstilsynet leggja fram dokumentasjon på at dei er bundne av tariffavtale, og at det er inngått avtale med tillitsvalde. Desse forslaga skal behandlast av Stortinget 4. juni.
Samla skal dette bidra til å setja etaten betre i stand til å løysa dei utfordringane etaten står overfor. Dette skal eg straks koma tilbake til.
Tilstanden i arbeidslivet
I det store og heile ser me ei positiv utvikling i folks arbeidsvilkår.
Dei fleste i Norge seier at dei trivest i arbeidet, at den er meiningsfylt og at dei føler seg godt forankra på arbeidsplassen. Me skårar høgt i internasjonale arbeidsmiljøundersøkingar, og ein stadig mindre del av arbeidstakarane blir utsette for belastande arbeidsmiljøforhold – i alle fall på dei fleste område.
Hovudregelen er fast arbeidskontrakt. I internasjonal samanheng har me få midlertidig tilsette. Andelen går stadig nedover, og den er betydelig lågare enn for 15 år sidan. Samtidig har vi sett teikn på at omfanget av innleie har auka. Særleg knytt til enkelte bransjar. Likevel er under 2 prosent av alle arbeidstakarane sysselsette gjennom vikarbyrå eller bemanningsbransjen.
I sum er det er altså godt å vera i norsk arbeidsliv. Dette har ikkje kome av seg sjølv. Me har stolte tradisjonar på arbeidsmiljøfeltet i Norge og det gode arbeidslivet er eit resultat av godt og hardt arbeid. Arbeidstilsynet har mykje av æra for dette!
Utfordringar framover
Men i gleda over alt som er bra må me ikkje minste gangsynet. Det er også store utfordringar når det gjeld arbeidsmiljøet.
Og det som me ser som store utfordringar framover blir også dei utfordringane Arbeidstilsynet må arbeida med. De er jo våre tenarar. Men så er det jo også slik at det som tilsynet peikar på er utfordringar, blir politikarane sine utfordringar. Her er det ein vekselvirkning.
I dag ser me to hovudutfordingar:
1. Det er ein for høg utanforskap av enkelte grupper i arbeidslivet, og for høgt sjukefråver i deler av arbeidslivet.
2. Sosial dumping og useriøsitet pregar særleg nokre bransjar.
Dette er tunge utfordringar, både for bedriftene, partane i arbeidslivet og for oss som styresmakter. Dei er ikkje nye, men særleg den sistnemnde, altså sosial dumping, ser ut til å halda fram med å bre om seg i arbeidslivet.
Korleis skal tilsynet arbeida for å møta desse utfordringane?
De er flinke til å vera i forkant av utviklinga. De har snakka om disse utfordringane i lang tid, og når de no går inn i ein ny planperiode (ny strategisk plan for 2013-2016) er aktivitetane retta mot å møta desse utfordringane.
For å nemna nokre døme:
- De skal i den neste fireårsperioden ha ei sterkare bransjesatsing, og bransjane reinhald, overnatting- og servering, transport, helse- og sosial, bygg- og anlegg er dei næringane de skal særleg arbeida med.
- De skal arbeida vidare med å sikra at verksemdene sørgjer for eit forsvarleg arbeidsmiljø og arbeida med å førebyggja fysiske og psykiske belastningar og skader for å hindra utstøyting frå arbeidslivet.
- De skal retta innsatsen mot dei som er nye i arbeidslivet, både unge arbeidstakarar og nyetablerte verksemder, for å bidra til å auka kunnskapen om HMS.
Ei av Arbeidstilsynets hovudoppgåver har i lang tid vore å medverka til å hindra utstøyting gjennom å førebyggja sjukdom og skade. Ei følgje bl.a. av arbeidsinnvandringa, er at tilsynet i aukande grad får ansvaret for å sjå på dei sosiale og helsemessige utfordringane for arbeidstakarar, og ikkje berre det fysiske. Dette må likevel ikkje gå på kostnad av det som tradisjonelt har vore tilsyna si rolle.
Eit meir synleg og effektivt Arbeidstilsyn
De skal vera arbeidslivets fremste ”vaktbikkje”. De har ei viktig oppgåve i å kontrollera og reagera på brot på arbeidsmiljølova og allmenngjeringslova. Tilsyn er Arbeidstilsynets kjerneaktivitet og etatens viktigaste verkemiddel. Samtidig har de ei viktig rolle som samarbeidspartnar og vegvisar overfor verksemdene, partane i arbeidslivet og andre offentlege styresmakter, og i visse situasjonar fungerer de også som ”førarhund”. Dette er roller som Arbeidstilsynet må balansera.
Det blir som eg nemnde reist kritikk mot at Arbeidstilsynet ikkje er aktive og synlege nok, og at de ikkje er nok ute i verksemdene. Og det heilt sikkert verksemder de burde ha kontrollert som de ikkje har kontrollert. Men passive er de ikkje – i alle fall om en skal tru på årsraporten frå i fjor. Her kjem det fram at de gjennomførte i fjor over 15 000 tilsyn, ga fleire enn 18 000 pålegg om utbetringar til verksemder og hadde 12 500 medieoppslag. De har også vist at tilsyn gjennomgåande har ført til ei merkbar forbetring av verksemdene sitt systematiske HMS-arbeid. Dette er bra!
De har fått til mykje og oppnådd gode resultat Samtidig ønskjer eg å vera tydeleg på at departementet og regjeringa ønskjer ein auke i talet på tilsyn. Ønsket om eit synleg Arbeidstilsyn er den viktigaste grunnen til at me har prioritert å auka tilsynet sine budsjett desse åra. Og i tillegg til tilsynsvolumet, er departementet opptatt av at det er kvalitet i tilsynet og at ein er konsekvent i arbeidet.
Meir lokalt arbeid og tettare samarbeid med partane både lokalt og sentralt
Arbeidstilsynet skal gjennom bransjesatsingane sine i større grad enn før samarbeida meir operativt med partane i arbeidslivet. Dette kjem til å utfordra dykk til å arbeida på ein ny måte - og kanskje også frustrere dykk litt innimellom. Men det vil vera med på å vidareutvikla etaten på sikt.
Partssamarbeid er et heilt nødvendig verkemiddel for å fremma gode og trygge arbeidsforhold i praksis, og derfor har me bede dykk om i år å ha et spesielt fokus på utelivsbransjen i samarbeid med partane i arbeidslivet.
Me har også lagt vekt på at de skal ha god kontakt med partane på regionalt- og fylkesnivå for å drøfta felles utfordringar innanfor den enkelte region og/eller fylke.
Arbeidstilsynets arbeid med sosial dumping
Regjeringa la 7. mai fram handlingsplan 3 for meir anstendige arbeidsforhold og mot useriøsitet og sosial dumping. Tiltaka i handlingsplanen har som mål å sikra eit ryddig arbeidsliv og gode lønns- og arbeidsforhold for alle arbeidstakarar i Norge.
Arbeidstilsynet er ikkje gløymd heller i denne planen. Tvert om vil me at de skal ha ei endå meir sentral rolle. Generell styrking av tilsyna, styrka handheving av arbeidsmiljøregelverket og styrka samarbeid mellom arbeidsmiljøstyresmaktene og andre offentlege styresmakter er viktige tiltak i handlingsplanen. Arbeidstilsynets satsing retta mot alle som er nye i arbeidslivet er også et viktig tiltak.
Arbeidstilsynets rolle i IA-arbeidet
Så heilt til slutt vil eg seia litt om IA og dykkar rolle i IA-arbeidet. Arbeidstilsynet er en viktig bidragsytar til partssamarbeidet, både nasjonalt og på regionalt nivå gjennom dei fylkesvise IA-råda. Det førebyggjande HMS-arbeidet fikk ei forsterka og tydelegare rolle i den noverande IA-avtalen. Det verkar opplagt at det vil vera fornuftig å fokusera i enda større grad på å førebyggja arbeidsmiljøbelastningar, framfor å reparera etter at folk blir skadde eller sjuke. I kva grad me faktisk har lykkast med å påverka verksemdene til å gjera det, sit ikkje eg med fasiten på no.
Det er godt dokumentert at gode arbeidsmiljøforhold førebyggjer sjukefråver. Undersøkingar tyder på at berre det arbeidsrelaterte sjukefråveret utgjer mellom 15 og 40% av sjukefråveret, og godt arbeidsmiljø er ein viktig suksessfaktor for å koma tilbake til arbeid etter sjukefråver. Eit godt arbeidsmiljø er også viktig for eldre arbeidstakarar når dei skal bestemma seg for når dei vil pensjonera seg. Arbeidsplassar med godt og inkluderande arbeidsmiljø har også betre føresetnader for å kunna inkludera og leggja til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Avtaleperioden for den noverande IA-avtalen går ut i desember 2013. Me er no i gang med å oppsummera og vurdera erfaringane med IA-arbeidet så langt. Konkrete drøftingar om korleis ein eventuell ny avtale skal sjå ut kjem me tilbake til sommaren. Eg tør ikkje å spå kva som blir utfallet av drøftingane, men det skal mykje til om ikkje Arbeidstilsynet framleis vil ha ei viktig rolle også i dette arbeidet.
Lykke til med viktig arbeid og lykke til med samlinga!
Takk for merksemda!