Rammevilkår for norske og utanlandske arbeidstakarar i bygge- og annleggsnæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeidsdepartementet
Konferanse Veidekke ASA 12. mars 2013
Tale/innlegg | Dato: 12.03.2013
Statssekretær Norvald Mo si innleiing på konferanse for Veidekke ASA 12. mars 2013 om rammevilkår for norske og utanlandske arbeidstakarar i bygge- og annleggsnæringa, om det offentlege som bestillar – utfordringane for bygg og anlegg i åra som kjem.
Sjekkes mot framføring.
Rammevilkår for norske og utanlandske arbeidstakarar i bygge- og annleggsnæringa, om det offentlege som bestillar – utfordringane for bygg og anlegg i åra som kjem.
Mange takk for invitasjonen.
Eg har fått fleire utfordringar i forkant av dette innlegget mitt. Eg kan nok ikkje tilfredsstilla alle dei bestillingane de har kome med. I min jobb eller verv eller embete steller eg med arbeidslivspolitikk og velferdspolitikk i vid forstand, og ikkje med enkeltbransjar. På den andre sida er det slik at bygg og anlegg er veldig berørt av fleire saksfelt av det me arbeider med i Arbeidsdepartementet. Det gjeld HMS-arbeidet generelt, herunder IA-avtale, det gjeld regulering av arbeidskraft og mykje knytt til utanlandsk arbeidskraft, det gjeld tiltak for seriøsitet i arbeidslivet og tiltak mot sosial dumping.
Bygge- og anleggsbransjen er kanskje, bortsett frå delar av verftsindustrien, den bransjen som ein lettast forbind med utanlandsk arbeidskraft i dag. Det er ingen tvil om at den auka tilgangen på arbeidskraft som utvidinga av EU i 2004 førte med seg har betydd mykje for denne bransjen med store innslag av arbeidskraft frå fleire av dei nye EU-landa. Det har vore med å sikra tilgang på arbeidskraft i ein bransje eller bransjar med betydeleg aktivitetsvekst. Samtidig har det store talet på utanlanske arbeidstakarar også ført med seg utfordringar knytta til sosial dumping og useriøsitet.
Eg vil starta med behovet for arbeidskraft og korleis sikra bransjen god tilgang på kvalifisert arbeidskraft. I botn ligg det sjølvsagte – det er den enkelte bedrift, den enkelte arbeidsgjevar sitt ansvar å rekruttera arbeidskrafta. Det går på i ein pressa arbeidsmarknad å vera ei attraktiv bedrift. Ordna forhold, gode løns- og arbeidsvilkår, inkluderande arbeidsmiljø, lærande bedrift, innflytelse og medverknad, stor grad av faste tilsette og ikkje minst vera ei aktiv lærebedrift.
Å oppnå dette skjer sjølvsagt ikkje i eit vakum. Omgivelsane rundt er veldig avgjerande. Bygg og anlegg har vore veldig konjunkturfølsam – i alle fall var den det før – no er den i alle fall på makronivå meir stabil og ved at dei fleste piler peikar oppover. Det offentlege kan vera ein viktig regulator for bransjen. Og det gjeld særleg når ein ser teikn til nedgang i aktivitet. Tiltaka i 2008/2009 er gode eksempel på at det offentlege ganske raskt kan snu seg rundt og bidra med tiltak som aukar aktiviteten. Særleg gjeld det innenfor rehabilitering og vedlikehald enten det gjeld bygg eller anlegg. Og ein kan stimulera kommunesektoren.
Utsiktene for bygg og anlegg i Norge framover er særs gode. Det er behov for meir bustadbygging, meir veg- og jernbaneutbygging, meir energiutbygging, fleire offentlege bygg og ikkje minst eit stort behov for rehabilitering og vedlikehald. Seinast i går høyrde me meldingar frå Oslo kommune om eit stort behov for vedlikehald av byens sjukeheimar.
Bygg og anlegg bør derfor vera ei ganske attraktiv næring å arbeida i. Og med interessante jobbar med stort kunnskapsbehov.
Som eg sa – ein viktig måte å sikra rekruttering til bedrift og bransje er å leggja til rette for for fleire læreplasser. Som de kjenner til har Kunnskapsdepartementet i lag med partane i arbeidslivet inngått ein samfunnskontrakt for fleire læreplassar der alle partar forpliktar seg til å gjere ein ekstra innsats for å auke antall læreplassar med 20 prosent innan 2015. Dette utgjer meir enn 3000 læreplassar. Kunnskapsdepartementet har også varsla ei stortingsmelding no i vår om mellom anne vidaregåande opplæring og fag- og yrkesopplæring. Det er regjeringa sin klare ambisjon at det skal verta fleire læreplassar og at fleire skal bli fagarbeidarar. Landet treng det sårt.
Forskrift om offentlege anskaffingar har bestemming som opnar for å stilla krav om læreplass. Her står det:
”For arbeid som skal utføres i Norege, kan oppdragsgiver sette som betingelse for gjennomføringen av kontrakten at norske leverandører skal være tilknyttet en offentlig godkjent lærlingeordning. Sliek betingelser kan likevel kun settes dersom det er et klart definert behov for lærlingeplasser i den aktuelle bransjen”.
Fag som det er mangel på er f eks tømrarfaget og røyrleggjarfaget, og heilt sikkert også andre fag innanfor bransjen. Her kan det stillast som vilkår for å få oppdraget at verksemda er tilknytta lærlingordning. Eit slikt krav kan berre stillast til norske leverandørar, fordi det ikkje er alle land innanfor EØS som har lærlingeordningar.
Oslo kommune praktiserer til dømes kravet om at lærlingeordning skal vurderast i alle anskaffingar som omhandlar tenesteområd der det er definert eit behov for læreplass. Der står det i anbodsutlysinga at leverandør skal vera knytt til offentleg godkjent lærlingeordning ved oppstart av kontraktsarbeidet, og bedrifta må dokumentera det.
Andre krav som kan stillast ved anbodsutlysing er krav til skatteattest, krav til HMS-erklæring med meir. Og så kan det stillast krav om løns- og arbeidsvilkår, jf ILO-94 og løns- og arbeidsvilkår. Som kjent har ESA vurdert den norske ordninga nyleg og har lagt bort og avsllutta sak om å granska ordninga nærare.
Som nevnt kan det offentlege gjennom ulike rammevilkår gjera ganske mykje for å bidra til ei stabil, seriøs og attraktiv næring. Og så kan i tillegg det offentlege gjera meir, slik det er omtalt i byggemeldinga for å få ei meir produktiv og lærande næring.
Tilsyn og meir effektiv handheving
Eg skal så seia litt om HMS og tilsyn. Norge har eit streng lovverk samanlikna med dei fleste anrdre land. Men lovverk hjelper lite om det ikkje blir overhelde. Det offentlege spelar ei viktig rolle her gjennom tilsynsverksemd og kontroll. Regjeringa ønskjer eit tydeleg og effektivt arbeidstilsyn. Over fleire år har me auka løyvingane til Arbeidstilsynet. Samla sett har løyvingane til Arbeidtilsynet auka reelt med 124 millionar kroner i perioden 2006 til 2012. Det er ein reell auke med rundt 50 prosent på seks år. Samstundes har Arbeidstilsynet fått fleire rettslege verkemiddel for å gjera tilsynet meir målretta og effektivt. Dette har gitt gode resultat.
Då Fafo evaluerte dei to første handlingsplanane mot sosial dumping i 2011, konkluderte dei med at styrkinga av Arbeidstilsynet har vore ein viktig føresetnad for at tiltaka i handlingsplanane i stor grad har verka etter hensikten.
Bygge- og anleggsbransjen er ein prioritert bransje i Arbeidstilsynet. I 2012 brukte Arbeidstilsynet 24 prosent av tilsynsressursane sine på denne bransjen. Det vert gitt mange reaksjoner – i 2012 i 63 % av tilsyna.
Arbeidstilsynet legg aukande vekt på å fylgja opp pliktene som ligg på oppdragsgjevaren og på førebygging av skader og ulukker. Bygge- og anelggsbransjen skiller seg ut som ein bransje med mange dødsulukker, og vi veit at unge arbeidstakarar og utanlandske arbeidstakarar er meir utsett for ulukker. Her har bransjen ei viktig utfordring å ta tak i.
I 2013 vil Arbeidstilsynet i samband med tilsyn mot sosial dumping fokusera sterkare på språkproblematikken, og at verksemdene gir utanlandske arbeidstakarar opplæring og informasjon på ein forståelg måte. Dette trur me vil bidra til å redusere risikoen for skader og ulukker.
Me er også opptekne av at Arbeidstilsynet samarbeider godt med partane i arbeidslivet – ikkje berre på sentralt nivå, men også på regionalt- og fylkesnivå. Me vil leggja til rette for at samarbeidet med partane vert mest mogeleg operativt. I byggebransjen er det allereide etablert fleire møtepunkt for samarbeid mellom partane og Arbeidstilsynet.
Handlingsplan 3
Som kjent har denne regjeringa utarbeidd og gjennomført to handlingsplanar mot sosial dumping. Det har ein ikkje gjort for moro skuld, men fordi det har vore heilt påkrevd. Sosial dumping har førekome i urovekkkjande stor grad, og det førekjem framleis. Fafo har evaluert tiltaka og meiner dei stort sett har fungert godt. Likevel finst det sosial dumping og useriøsitet. Det er behov for fleire tiltak. Handheving av det arbeidsmiljøregelverket me har - handhevingsgebyr, om allmenngjeringa, om kollektiv søksmålsrett og Arbeidstilsynets muligheit for å kontrollera at det er inngått avtale med tillitsvalde der det skal skje – det er ting me ser på.
Målet med den nye handlingsplanen er å sikra eit ryddig arbeidsliv og gode lønns- og arbeidsforhold for alle arbeidstakarar i Noreg.
Her er det interessekonflikter mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, her er det forskjell på politisk farge. Slik er politikken, og slik skal politikken også vera. Men tiltaka mot sosial dumping må ikkje berre bli kasteballar i politiske drakampar mellom ulike regjeringsalternativ. Det vil dei ikkje bli dersom tiltaka er godt forankra mellom partane i arbeidslivet.
AFP er eit godt døme på det. Ordninga var svært omstridd då ho vart innført for 25 år sidan. Få spådde då at ho ville overleva ei borgarleg regjering. Men det gjorde ho. I dag vil sjølv Høgre og Frp ikkje fjerna ordninga.
Allmenngjeringsordninga
Eit svært sentralt verkemiddel er allmenngjeringsordninga. Allmenngjeringsordninga er i første rekkje viktig for arbeidstakarar som ikkje er ein del av det organiserte arbeidslivet. Men det er det organiserte arbeidslivet som må vera referansepunktet. Dersom det ikkje er tilfelle vil det organiserte arbeidslivet rakna, og vår samfunnsmodell forvitra. Derfor vil aldri ei raudgrøn regjering kunna gå inn for lovfesta nasjonal minsteløn, med mindre det organiserte arbeidslivet skulle forvitra. Heldigvis er me ikkje der.
Mange på arbeidsgjevarsida har bede om at lovfesta nasjonal minsteløn som eit alternativ til allmenngjering vert utgreidd nærare. Dette har inga støtte på arbeidstakarsida – og heller ikkje fekk eit Frp-forslag om dette støtte frå nokon andre politiske parti då saka vart handsama i Stortinget sist vår.
Eg meiner allmenngjering av tariffavtaler har gitt eit betre og meir treffsikkert vern av løns- og arbeidsvilkåra enn det ei lovfesta minsteløn kunne ha gjort. Det er minst tre grunnar til det. For det første fordi lønnsdanninga er og bør vera partane sitt ansvar. For det andre grip allmenngjeringa berre inn der det er eit behov. For det tredje har erfaringar frå andre land vist at minstelønn i praksis kan utgjera eit tak – ei maksimumsløn som arbeidsgjevarane kan lena seg til. Nasjonal lovbestemt minsteløn er derfor som sagt ikkje vegen å gå.
Fafo og andre har peika på at allmenngjering er eit effektiv verktøy, men at det er ei viss bekymring for utviklinga i problembransjar som så langt ikkje er allmenngjort. Dette tar me på alvor og me vil derfor sjå nærare på korleis allmenngjeringsordninga kan gjerast meir effektiv og mindre konfliktskapande.
Ei alternativ justering, som også var omtala i meldinga, kan vera å flytta plikta til å dokumentera at det er naudsynt å allmenngjera i ein bransje frå organisasjonane til Tariffnemnda. Det skal framleis vera eit dokumentasjonskrav for å allmenngjera, men det er Tariffnemnda som skal syta for at denne dokumentasjonen kjem på bordet. I tillegg kan ein vurdera å lovfesta kva vilkår i tariffavtalen som kan allmenngjerast. Dette kan letta belastninga på arbeidstakarsida for å få til allmenngjering, samstundes som det kan redusera konfliktnivået med omsyn til kor omfattande eit allmenngjeringsvedtak kan vera. Det er lite truleg at med ei slik ordning, at me vil få store skilnader samanlikna med det som vert allmenngjort i dag.
I ein slik modell måTariffnemnda då gjera ei heilskapleg vurdering basert på risikoen for sosial dumping i ein bransje. For å leggja visse rammer for Tariffnemnda sine vurderingar kan ein lovfesta eit sett av mest mogeleg objektive moment som Tariffnemnda skal basera si avgjersle på.
Me arbeider med dette no. Det er viktig å finna gode løysingar for å gjera allmenngjeringsordninga meir effektiv og mindre konfliktskapande. Alt tyder på at me vil ha behov for allmenngjering i Norge i lang tid framover. Allmenngjering skulle jo vera eit midlertidig og avgrensa tiltak. Me ser no at det er meir eller mindre eit permantent behov for det.
Allmenngjeringa slik ho er nytta i Norge står seg solid i høve til internasjonale avtalar Norge er omfatta av. Særleg gjeld det EØS-avtalen. Verftsdommen i sist veka dokumenterte det sterkt. Det at arbeidsgjevar skal betala for å senda deg ut og dekka kostnader til reise, kost og losji og det at du også skal ha eit inntektstillegg for å bu borte, ja det har Høgsterett slått fast er ein del av den offentlege orden og ein del av den norske modellen. Viss det ikkje blir dekka seier Høgsterett at då blir konsekvensen eit todelt arbeidslivo g manglande stabilitet i lønnsdanninga. Domen slår fast at me har ei legitim interesse og beskytta våre sosiale standarar. Allmengjeringsordninga er eit verktøy for å kunne sikra denne stabiliteten, seier den norske Høgsteretten.
Eg vil tru at denne domen må bidra til å skapa større oppslutning og semje om dette verkemiddlet. Og verkemidlet er så viktig fordi det blir partane og det dei kjem fram til som minstevilkår, som dannar normen og er referansen for kva som skal vera minstevilkåra i dei ulike bransjane.
Gebyr
Eg nemnde at det er viktig med handheving av regelverket både når det gjeld arbeidsmiljølov men også når det gjeld allmenngjering. Me har også hatt på høyring eit forslag om å gje tilsynsmyndigheitene kompetanse til å ileggja gebyr ved brot på arbeidsmiljølovgjevinga, såkalla overtredingsgebyr – altså å gje ei økonomisk straff utan å måtte gå vegen om domsstolen. Me arbeider no med oppfylginga av denne høyringssaka. Forslaget betyr at tilsyna får eit supplement til sine ordinære sanksjonsmiddel. Regjeringa meiner at dette vil ha ein preventiv effekt som kan sikra større respekt og etterleving av arbeidsmiljøregelverket.
Kollektiv søksmålsrett
Me arbeider samtidig med forslag om kollektiv søksmålsrett som også var på høyring. Kollektiv søksmålsrett for fagforeiningar i samband med reglane om innleie er eit forslag som vart nemnd her. Det vert mellom anna peika på at mange verksemder leiger inn arbeidstakarar frå vikarbyrå ulovleg, og at det for den einskilde innleigde er vanskeleg på eiga hand å reisa søksmål med krav om fast tilsetting i innleigebedrifta. Forslaget vårt i høyringa var såkalla fastsetjingssøksmål. Altså er der ei fagforeining meiner at arbeidstakarar er ulovleg innleigde, og at forholdet ikkje blir retta opp, kan ei fagforeining gå til søksmål mot bedrifta. Det kan vera eit sterkt verkemiddel. I dei aller fleste tilfelle trur eg at ulovlege forhold blir retta opp, før det blir snakk om søksmål, eller det blir retta opp undervegs fram mot domstidspunkt. Men det kan vera eit godt prevantivt verkemiddel.
Vikarbyrådirektivet - likebehandlingsreglane
Så til vikarbyrådirektivet og likebehandlingsreglane. Nye reglar vart gjort gjeldande frå årsskiftet. Regjeringa svara nei på arbeidsgjevarane sine innspel om å utsetja iverksetjinga. Norge var folkerettsleg bunden av fristen. Likebehandlingsprinsippet kan ikkje tre i kraft seinare enn direktivet.
De kjenner godt til reglane. Det nye regelverket gjeld innleige, og som kjent er retten til innleige avgrensa i Norge. Men der innleige er lovleg, er det no bestemte reglar som skal gjelda for innleige frå bemanningsselskap. Likebehandlingsreglar der den innleigde minst skal ha dei vilkår som om han hadde vore direkte tilsett i innleigebedrifta. Det gjeld løn, arbeidstid, tillegg om han blir sendt bort, velferdsgode og liknande. Solidaransvar gjeld frå 1. juli. Her har ikkje Areidstilsynet heimel til handheving. Den enkelte må sjølv forfølgja brot. Når det gjeld avgrensinga mellom utleige og entreprise, vil det vera dei reelle forholda som er avgjerande for kva reglar som gjeld. Me er kjende med at her kan det vera eit område for omgåing av regelverket som me må ha til nøye overvaking.
Me har altså fått altså nye reglar om likebehandling som i stor grad vil føra til betre lønns- og arbeidsvilkår for dei innleidde. Det er positivt. Me meiner at det også kan føra til mindre innleige, særleg fordi det i fleire tilfelle vil verta dyrare.
Avslutning
Det er heilt avgjerande for at me skal lukkast i dette viktige arbeidet mot sosial dumping, og for at alle arbeidstakarar skal ha skikkelige vilkår, at fagrørsla og dei einskilde tillitsvalgte føl ansvar for og deltek aktivt i kampen for eit seriøst arbeidsliv. Og så er det viktig å få fleire arbeidsgjevarar og deira organisasjonar meir med på laget.
Den raud-grøne regjeringa har heilt sidan ho overtok i 2005 prioritert arbeidet med å motverka sosial dumping. Regjeringa var tidleg ute med handlingsplanar mot sosial dumping - den første i 2006 og den andre i 2008 - for å møta dei utfordringane som først og fremst den kraftige auken i arbeidsinnvandringa til Noreg førte med seg. Innanfor ramma av handlingsplanane er det sett i verk ei lang rekkje tiltak – fleire av dei direkte innretta mot bygge- og anleggsbransjen - som har gitt resultat.
Men me kan ikkje slå oss til ro med dette. Kampen mot sosial dumping liknar ein del på kampen mot svart økonomi og svart arbeid. Tettar du eit hol oppstår nye. Det betyr ikkje at tiltaka og handlingsplanane er forgjeves.
Kontrollspørsmålet er jo korleis det ville sett ut utan tiltaka. Eg meiner bestemt at det ville sett betydeleg verre ut. Nokre viktige døme:
- Allmenngjering har medført at det er ulovleg å løna folk under bestemte nivå.
- Solidaransvar har medført at den enkelte som ikkje har fått den løna han skal ha, kan gå til andre å få den utbetalt.
- Innsynsretten har medført at tillitsvalde kan skaffa seg den informasjonen om lønns- og arbeidsvilkår dei elles ikkje ville ha fått.
- Likebehandling av innleigde med direkte tilsette i innleigebedrift vil gje forbetring av løns- og arbeidsvilkår for mange innleigde arbeidstakarar.
Slik det ser ut i dag er det ingen av desse tiltaka som vil overleva eit regjeringsskifte. Om det skjer, fell viktige skansar i arbeidet mot sosial dumping. Derfor er det ”ingen som kommer undan politiken” - heller ikkje byggje- og anleggsbransjen og de som arbeider der.