Historisk arkiv

Regjeringa si vidare satsing mot sosial dumping

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

Dagskonferanse EL&IT Forbundet, Gardermoen 21. januar 2013

Statssekretær Norvald Mo si innleiing på dagskonferanse for EL&IT Forbundet, Gardermoen 21. januar 2013.

Gode vener!

Mange takk for å koma til dykk å snakka om den vidare satsinga mot sosial dumping.

Nokre, men sikkert ikkje frå denne sal, stiller jo spørsmål om det ikkje er gjort nok av tiltak mot sosial dumping. 30 tiltak summerte tidlegare statssekretær Jan-Erik Støstad det til, og det er slett ikkje lite.

Svaret er at eg trur aldri det blir nok. Kampen mot sosial dumping liknar ein del på kampen mot svart økonomi og svart arbeid. Tettar du eitt hol oppstår nye.  Det betyr ikkje at tiltaka og handlingsplanane er forgjeves.

Kontrollspørsmålet er jo korleis det ville sett ut utan tiltaka. Eg meiner bestemt at det ville sett betydeleg verre ut. Nokre viktige døme:

  • Allmenngjering har medført at det er ulovleg å løna folk under bestemte nivå.
  • Solidaransvar har medført at den enkelte som ikkje har fått den løna han skal ha, kan gå til andre å få den utbetalt.
  • Innsynsretten har medført  at tillitsvalde kan skaffa seg den informasjonen om lønns- og arbeidsvilkår dei elles ikkje ville ha fått.
  • Likebehandling av innleigde med direkte tilsette i innleigebedrift vil gje forbetring av løns- og arbeidsvilkår for mange innleigde arbeidstakarar.

Slik kan ein ramsa opp.

Den raud-grøne regjeringa har heilt sidan  ho overtok i 2005 prioritet arbeidet med å motverka sosial dumping. Regjeringa var tidleg ute med handlingsplanar mot sosial dumping - den første i 2006 og den andre i 2008 - for å møta dei utfordringane som først og fremst den kraftige auken i arbeidsinnvandringa til Noreg førte med seg. Innanfor ramma av handlingsplanane er det sett i verk ei lang rekkje tiltak, som har gitt resultat. Det er ikkje noko som berre eg og dei raudgrøne sine talsfolk seier. Det syner evalueringa av handlingsplanane som Fafo gjorde i 2011. Planane har vore bevisstgjerande, samlande og har hatt ein viktig pådrivarfunksjon.

Om me ikkje har evighetens perspektiv på dette arbeidet, må me rekna med at kampen mot useriøse aktørar i arbeidslivet vil vera med oss i lang tid framover . Me ser at utfordringane har spreidd seg til nye bransjar.

Innsatsen for anstendige arbeidsforhold og mot useriøsitet og sosial dumping har i stor grad handla om rettane til utanlandske arbeidstakarar. Det kjem også framover til å koma mange arbeidsinnvandrarar til Noreg. Me skal ta i mot dei på ein skikkeleg måte, også den dagen konjunkturane ikkje er så gode som i dag. I tillegg handlar kampen mot sosial dumping også om at dei seriøse verksemdene ikkje skal tapa i konkurransen med dei useriøse.  Heile vegen må siktemålet  vera at det skal vera  krevjande å vera useriøs, og desto lettare å vera seriøs.

Arbeidslivsmeldinga som vart behandla i Stortinget i fjor vår omtala at dårlege arbeidsforhold og useriøsitet ikkje berre er avgrensa til nye arbeidsinnvandrarar. I meldinga føreslo regjeringa fleire tiltak for å betre tilhøva til alle arbeidstakarar i ein del utsette bransjar. Stortinget slutta seg til desse tiltaka.

Handlingsplan 3

Så til temaet for innledninga mi: Korleis arbeider regjeringa vidare med dette saksfeltet? Svaret på det er Handlingsplan 3 for anstendige arbeidsforhold og useriøsitet mot sosial dumping. Statsministeren sa på LO Stat sin konferanse før jul at regjeringa startar arbeidet med ein ny handlingsplan med utgangspunkt i forslaga i denne omtalte Arbeidslivsmeldinga som de kjenner til. Det dreier seg om håndheving av det arbeidsmiljøregelverket me har, om sanksjonar, om tilsyna, om allmenngjeringa, om kollektiv søksmålsrett og andre ting.

Målet med den nye handlingsplanen er å sikra eit ryddig arbeidsliv og gode lønns- og arbeidsforhold for alle arbeidstakarar i Noreg.

Ei viktig rettesnor for det vidare arbeidet er å finna verkemiddel som byggjer opp under det solide trepartssamarbeidet me har i norsk arbeidsliv. Det er viktig. Det betyr ikkje at det som skal gjennomførast skal det vera enigheit om på alle punkt. Her er det interessekonflikter mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, her er det forskjell på politisk farge. Slik er politikken, og slik skal politikken også vera. Men tiltaka mot sosial dumping må ikkje berre bli kasteballar i politiske drakampar mellom ulike regjeringsalternativ. Det vil dei ikkje bli dersom tiltaka er godt forankra mellom partane i arbeidslivet.

AFP er eit godt døme på det. Ordninga var svært omstridd då ho vart innført for 25 år sidan. Få spådde då at ho ville overleva ei borgarleg regjering. Men det gjorde ho. I dag vil sjølv Høgre og Frp ikkje fjerna ordninga.

Målet må vera at slik bør det også bli med dei viktigaste tiltaka mot sosial dumping. Tariffoppgjeret i vår var lovande på den måten når det gjaldt allmenngjering. Også arbeidsgjevarorganisasjonar ser no verdien av allmenngjering. Då er me faktisk komne ganske langt. Og då vil tiltaka også fungera betre når alle partar får eigarskap og føler ansvar for det.

Treparts bransjeprogram

Treparts bransjeprogram er eit slikt verkemiddel. Tanken bak treparts bransjeprogram er å gjera nytte av den kunnskapen organisasjonane sjølve har om bransjen og dei utfordringane som er der, slik at innsatsen kan spissast og tilpassast dei einskilde bransjane. Men, det er også for å mana til at partane sjølve tar ansvar for å møta desse utfordringane på ein konstruktiv og god måte. Og eg har stor tru på at det vil partane gjera.

Sjå på det vi har fått til i reinhaldsbransjen. Her er det første bransjeprogrammet allereie etablert, og i løpet av ganske kort tid har me fått på plass både regionale verneombod, godkjenningsordning med id-kort, godkjenningsordning for slike bedrifter (enkeltmannselskap inkludert)  og allmenngjering. Røynslene herfrå – og frå det gode partssamarbeidet som lenge har vore i gang innanfor bygg og anlegg - skal me nytta godt når me no skal i gang med å etablera bransjeprogram i nye bransjar.  Me tok til med ei open drøfting med hovudorganisasjonane i arbeidslivet om aktuelle tema og bransjar. Arbeidsdepartementet følgjer no opp ved å invitera til oppstart av bransjeprogram innan hotell/restaurant og transport-bransjane. Saman med organisasjonane i bransjane skal me sjå nærare på korleis arbeidet skal avgrensast og innrettast. Når det gjeld overnattings- og serveringsbransjen ser me at det er særskilte utfordringar  med verksemder som lever av utelivet. Innanfor transportsektoren er det samansette utfordringar. Vegtransport med gods og passasjerar peikar seg ut som noko me må sjå nærare på. Me er opptekne av ein arbeidslivspolitikk som byggjer på kunnskap, og vil derfor starta desse bransjeprogramma med ei brei kunnskapsinnhenting. Arbeidstilsynet følgjer opp med ei bransjeretta satsing dei komande åra. Me legg også vekt på å trekkja med andre departement og offentlege etatar i desse bransjeprogramma.

I dette arbeidet vil me også sjå nærare på utviklinga i organisasjonsgraden og kva betyding det har for å motverka useriøsitet og sosial dumping. Utan høg organisasjonsgrad blir kampen om ikkje umulig, så i alle fall langt meir krevjande. Men det er ikkje nok å villa høg organisasjonsgrad.  Det må gjerast også. Det er sjølsagt partane sitt ansvar, men det tel også om styresmaktene er med å leggja til rette for det og ikkje motarbeider det.

Allmenngjeringsordninga

Eit svært sentralt verkemiddel er allmenngjeringsordninga. Allmenngjeringsordninga er i første rekkje viktig for arbeidstakarar som ikkje er ein del av det organiserte arbeidslivet. Men det er det organiserte arbeidslivet som må vera referansepunktet.  Dersom det ikkje er tilfelle vil det organiserte arbeidslivet rakna, og vår samfunnsmodell forvitra. Derfor vil aldri ei raudgrøn regjering kunna gå inn for lovfesta nasjonal minsteløn, med mindre det organiserte arbeidslivet skulle forvitra. Heldigvis er me ikkje der.

Sist haust inviterte Arbeidsdepartementet til ein stor konferanse for å diskutera trepartssamarbeid og allmenngjeringsordninga, med både partane i arbeidslivet, sentrale forskarar på området og politikarar. Her kom det fram at partane i arbeidslivet ser ut til å vera samde om at det er naudsynt med ei eller anna form for minstelønnsregulering i utsette bransjar og dei understrekar at partssamarbeidet er viktig i samband med dette. Men partane har til dels svært ulike meiningar om kva som skal vera forma på denne reguleringa.

Arbeidstakarsida meiner allmenngjeringsordninga er for vanskeleg å bruka,  at det er for krevjande å fremma krav om allmenngjering og at sakshandsaminga i Tariffnemnda tek for lang tid.

Arbeidsgjevarane på si side meiner at det vert allmenngjort for mykje og at allmenngjeringsforskriftene inneheld for mange vilkår. Dei er også kritiske til å allmenngjere normallønssatsar, slik det er gjort i reinhaldsbransjen.

Mange på arbeidsgjevarsida har bede om at lovfesta nasjonal minsteløn som eit alternativ til allmenngjering vert utgreidd nærare. Dette har inga støtte på arbeidstakarsida – og heller ikkje fekk eit Frp-forslag om dette støtte frå nokon andre politiske parti då saka vart handsama i Stortinget sist vår.

Eg meiner allmenngjering av tariffavtaler har gitt eit betre og meir treffsikkert vern av løns- og arbeidsvilkåra enn det ei lovfesta minsteløn kunne ha gjort. Det er minst tre grunnar til det. For det første fordi lønnsdanninga er og bør vera partane sitt ansvar. For det andre grip allmenngjeringa berre inn der det er eit behov. For det tredje har erfaringar frå andre land vist at minstelønn i praksis kan utgjera eit tak – ei maksimumsløn som arbeidsgjevarane kan lena seg til. Nasjonal lovbestemt minsteløn er derfor som sagt ikkje vegen å gå.

Fafo og andre har peika på at allmenngjering er eit effektiv verktøy, men at det er ei viss bekymring for utviklinga i problembransjar som så langt ikkje er allmenngjort. Dette tar me på alvor og me vil derfor sjå nærare på korleis allmenngjeringsordninga kan gjerast meir effektiv og mindre konfliktskapande.

Ei alternativ justering, som også var omtala i meldinga, kan vera å flytta plikta til å dokumenta at det er nødvendig  å allmenngjera i ein bransje frå organisasjonane til Tariffnemnda. Det skal framleis vera eit dokumentasjonskrav for å allmenngjera, men det er Tariffnemnda som skal syta for at denne dokumentasjonen kjem på bordet. I tillegg kan ein vurdera å lovfesta kva vilkår i tariffavtalen som kan allmenngjerast. Dette kan letta belastninga på arbeidstakarsida for å få til allmenngjering, samstundes som det kan redusera konfliktnivået med omsyn til kor omfattande eit allmenngjeringsvedtak kan vera. Det er lite truleg at med ei slik ordning, at me vil få store skilnader samanlikna med det som vert allmenngjort i dag. Men, og det er eit viktig men, eit slikt alternativ kan flytta større grad  av oppgåver og ansvar frå partane og over på det offentlege og politikarane.

Ein kan også vurdera å justera formålet med ordninga, til dømes slik at formålet med allmenngjeringsordninga blir å hindra lønnsdumping, og endra eller oppheva kravet om at det må vera bevist – alså dokumentert - at bestemte arbeidstakarar har dårlegare vilkår enn norske arbeidstakarar. Denne løysinga kan ein tenkja seg med eller utan direkte tilknyting til utanlandske arbeidstakarar. 

I ein slik modell måTariffnemnda  då gjera ei heilskapleg vurdering basert på risikoen for sosial dumping i ein bransje. For å leggja visse rammer for Tariffnemnda sine vurderingar kan ein lovfesta eit sett av mest mogeleg objektive moment som Tariffnemnda skal basera si avgjersle på.

Eg understrekar at dette berre er tankar til diskusjon frå mi side, men departementet vil arbeida med å finna gode løysingar for å gjera allmenngjeringsordninga meir effektiv og mindre konfliktskapande.

Tariffnemnda si handsaming  av begjering om vidareføring av allmenngjering i tre bransjar

Sentrale spørsmål knytt til allmenngjeringsforskriftene skal behandlast av Høgsterett no i slutten av januar - i den såkalla verftssaka. På bakgrunn av dette har Tariffnemnda bestemt å utsetja behandlinga av sakene som gjeld vidareføring av allmenngjeringsforskriftene for byggfag, verfts- og skipsindustrien og reinhaldsbransjen til etter at domen i verftssaka føreligg. 

Verftssaka

Verftssaka gjeld søksmål frå ni verft på vestlandet, støtta av NHO og Norsk Industri, mot Staten v/Tariffnemnda. Påstanden frå verfta er at forskrifta om delvis allmenngjering av tariffavtalen i verftsindustrien er i strid med EØS-retten. Saksøkjarane hevdar at det ikkje er høve til å allmenngjere forskriftene i  tariffavtalen om korkje lengste arbeidstid og overtid, ulempetillegget for arbeidstakarar som må bu borte frå heimen (utanbystillegget) eller dekning av utgifter til reise, kost og losji.

Verfta tapte saka i tingretten i 2009 og i lagmannsretten i 2012. Dommen i lagmannsretten var einstemmig. Under saksførebuingane til lagmannsretten vart dei EØS-rettslege spørsmåla i saka lagt fram for EFTA-domstolen.

Verfta anka saka til Høgsterett, som skal behandle saka i slutten av januar 2013 (29.1 – 1.2). Dei EØS-rettslege spørsmåla vil vera sentrale i ankebehandlinga.

Tilsyn og meir effektiv handheving

Me har fått på plass mange viktige reguleringar. Og så er det alle sitt ansvar at desse reglane vert etterlevd, utan det er dei lite verd. Det offentlege spelar ei viktig rolle her gjennom tilsynsverksemd og kontroll med at reglane vert følgde. Regjeringa ønskjer eit tydeleg og effektivt Arbeidstilsyn. Over mange år har me auka løyvingane til Arbeidstilsynet. Samstundes har Arbeidstilsynet fått fleire rettslege verkemiddel for å gjera tilsynet meir målretta og effektivt.

Men framleis er det ein jobb å gjera her. I Arbeidslivsmeldinga drøfta me om dei handhevingsmetodane me har i dag når det gjeld alvorlege brot på arbeidsmiljølova er gode nok. Regjeringa er opptatt av at det skal ha konsekvensar å gjera seg skuldig i brot på arbeidsmiljøregelverket, og at det fins gode system som sikrar dette.

Me arbeider no med ein brei og heilskapleg gjennomgang av handhevingssystema, og me har alt lagt fram nokre konkrete forslag. Ei lovendringsom gir Arbeidstilsynet tilsynskompetanse med at offentlege verksemder fylgjer forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar vart vedteke i Stortinget like før jul. Endringa trer i kraft 1. juli i år. Me har også hatt på høyring eit forslag om å gje Arbeidstilsynet kompetanse til å ileggja gebyr ved brot på arbeidsmiljølova og allmenngjeringslova, og Arbeidsdepartementet arbeider med oppfylginga denne høyringssaka no. Me vurderer også andre grep.

LO og andre har teke til orde for at ein bør vurdera andre måtar å handheva brot på arbeidsmiljølova på. Kollektiv søksmålsrett for fagforeiningar i samband med reglane om innleie er eit forslag som vart nemnd her. Det vert peika på at for den einskilde innleigde er det vanskeleg  på eiga hand å reisa søksmål med krav om fast tilsetting i innleigebedrifta.

Som ei oppfølging av dette, har me no sendt lovforslag om kollektiv søksmålsrett på høyring. Forslaget knyttar seg til reglane om høve til innleige. Basert på signala me får, er det grunn til å tru at ulovleg innleige førekjem langt oftare enn kva talet på domstolssaker om slike forhold skulle tilseia. Vårt forslag går ut på at fagforeining med medlemer hos innleigar skal kunna reisa søksmål og få konstatert ulovleg innleige. Dette kan gjera det lettare for den einskilde å fremma krav om fast tilsetting eller erstatning i etterkant. Det kan også bidra til mindre ulovleg innleige generelt.

Kollektiv søksmålsrett er ikkje det einaste tiltaket me har føreslått mot ulovleg innleige. I høyringa me har ute, med frist i februar, har me også føreslått å gje Arbeidstilsynet utvida kompetanse på innleigeområdet. Arbeidsmiljølova opnar for innleige uavhengig av dei generelle vilkåra, hvis innleigar er tariffbunden og det føreligg skriftleg avtale med dei tillitsvalde. Me føreslår at bedrifta på førespørsel frå Arbeidstilsynet skal leggja fram dokumentasjon på at vilkåra for slik innleige er oppfyld, og at Arbeidstilsynet kan gje pålegg ved brot på dette. Eg har tru på at dette også kan bidra til mindre ulovleg innleige.

Vikarbyrådirektivet - likebehandlingsreglane

Så til vikarbyrådirektivet og likebehandlingsreglane. Nye reglar vart gjort gjeldande frå årsskiftet. Regjeringa  svara nei på arbeidsgjevarane sine innspel om å utsetja iverksetjinga. Norge var  folkerettsleg bunden av fristen. Likebehandlingsprinsippet kan ikkje tre i kraft seinare enn direktivet.

De kjenner godt til reglane. Det nye regelverket gjeld innleige, og som kjent er retten til innleige avgrensa i Norge. Men der innleige er lovleg, er det no betemte reglar som skal gjelda. Likebehandlingsreglar der den innleigde minst skal ha dei vilkår som om han hadde vore direkte tilsett i innleigebedrifta. Det gjeld løn, arbeidstid, tillegg om han blir sendt bort, velferdsgode og liknande. Solidaransvar gjeld frå 1. juli. Her har ikkje Areidstilsynet heimel til handheving. Den enkelte må sjølv forfølgja brot. Når det gjeld avgrensinga mellom utleige og entreprise, vil det vera dei reelle forholda som er avgjerande for kva reglar som gjeld.

NHO, og særleg verfta som har mykje innleige, har og reist spørsmål om korleis dei nye reglane om likebehandling skal sjåast i høve til forskrifter om allmenngjering av tariffavtaler. Dei meiner at innleiga blir for dyr om begge regelsetta skal gjelde. Dei har difor reist spørsmål om når allmenngjeringsforskrifter fell bort pga høgare løner til dei innleigde som følgje av likebehandlingsreglane. Det er visse unntaksreglar i desse forskriftene om dette. Departementet har svart at dette er spørsmål som Tariffnemnda må uttala seg om, då det er den som har fatta vedtaka om allmenngjering. 

Departementet har laga ei kortfatta veiledning om dei nye reglane om likebehandling og om dei nye tiltaka som skal sikra at reglane vert følgde. Her er tilhøvet til forskrifter om allmenngjering også nemnd. Veileiinga ligg på nettsidene til Arbeidsdepartementet på norsk og engelsk.

Kva som vil skje når det gjeld omfanget av innleige er det ingen som kan seia noko sikkert om i dag. Det er dei som spår at det vil gå kraftig ned, fordi innleige no vil bli dyrare. På den andre sida har det vore bemanningsselskap som seier at for dei blir det ikkje dyrare. Det er dei som seier at det blir meir entreprise. Om så blir tilfelle og det er snakk om reell entreprise er vel det ikkje så uheldig. Det inneber at arbeidstakarane innanfor entreprisen er i vanlege arbeidsforhold mellom to partar som vert omfatta av vår lovgiving. Om oppdragstakar driv fast i Noreg, gjeld norsk regelverk på vanleg måte, sjølv om arbeidstakaren opphavleg kjem frå eit anna land. Gjennom utsendingsforskrifta for arbeidstakarar som følgjer tenesteytar som kjem frå eit anna land til Noreg er dei sikra viktige arbeidsvilkår. Det er i tillegg mogleg å allmenngjere tariffavtaler, noko som særleg er gjort i bransjar der det arbeider mange utanlandske arbeidstakarar.

Det som er sikkert er at dette må følgjast nøye framover, og det er viktig med god dialog mellom partane og også med styresmaktene.

Me får altså nye reglar om likebehandling som i stor grad fører til betre lønns- og arbeidsvilkår for dei innleidde. Det er positivt. Me meiner at det også kan føra til mindre innleige, særleg fordi det i fleire tilfelle vil verta dyrare.

EØS og kampen mot sosial dumping

Til slutt litt om dette arbeidet og EØS-avtalen.  EØS-meldinga som Stortinget har til behandling, slår fast at det er stort rom innafor avtalen til å driva ein aktiv arbeidslivspolitikk og til å utforma nasjonale tiltak for å motverka useriøse og uanstendige arbeidsforhold. Og det er vel nettopp det me har opplevd desse snart 20 åra med EØS-avtale.

Men at rommet har vore stort i snart 20 år, treng ikkje bety at det går like greitt dei neste 20 år. Det vil ikkje minst den politiske utviklinga i EU vera avgjerande for. Den tilstanden som har vore der desse snart 20 åra og som er der i dag, er at på arbeidslivets område er EU-reglane minimumsreglar.

Det er utfordringar når det gjeld utstasjonering. Me har sett ei  utvikling i retning fiktiv utstasjonering. Det er ein viktig bakgrunn for det såkalla handhevingsdirektivet. Målet med eit slikt direktiv er å bidra til at utsendingsdirektivet vert rett implementert og etterlevd.

Regjeringa har sagt at den er grunnleggjande positive til intensjonen bak forslaget. Å sikra at utsendte arbeidstakarar får dei arbeidsvilkåra dei har. Dersom dette ikkje blir sikra har jo direktivet liten verknad.

Også dette direktivet, til liks med mange andre direktiv på dette området, har vore og er omstridde. Det inneheld nokre element som me ikkje støttar – særleg går det på at det skal fastsetjast ei uttømmande liste over kva nasjonale kontrollmekanismar som skal vera tilletne å innføra. Forslaget slik det ligg føre frå Kommisjonen er etter vårt syn  ei for restriktiv regulering av kva kontrollmekanismar statane kan innføra. Det vil leggja band på høvet til å setja i verk målretta og effektive tiltak for å motverke useriøsitet, uanstendige arbeidsforhold og sosial dumping. Me ønskjer ei open liste – slik at me sikrar oss handlingsrom til å tilpassa reglane om kontrolltiltak til norske forhold og eventuelle behov som måtte melda seg i framtida.

Forslaget  vert no handsama i både Rådet og Parlamentet. Det er klare motsetnader mellom medlemsstatane på viktige spørsmål. Mange støttar vårt syn når det gjeld kontrollmekanismar – men utfallet er framleis opent.

Regjeringa tek denne saka  på stort alvor. Me følgjer utviklinga i EU nøye og det pågår eit aktivt påvirkningsarbeid mot EU – både på politisk nivå og på embetsnivå.

 

ESA avsluttar saka om forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar

Rett før jul bestemte ESA seg for å avslutta saka om forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar. ESA har meint at forskrifta var i strid med både utsendingsdirektivet og EØS-avtalen artikkel 36 om fri flyt av tenester. Avgjerda kom etter ein langvarig og konstruktiv dialog mellom ESA og norske styresmakter. Me har gjort nokre endringar i forskrifta som gjer ho klarare og meir brukarvennleg. Samstundes har me behelde reglane om at arbeidstakarar som arbeider på oppdrag for offentlege oppdragsgivarar skal ha norske løns- og arbeidsvilkår. ESA syner til at dei endringane som er gjort i forskrifta, sett i samanheng med at viktige områder i norsk arbeidsliv for tida er dekka av allmenngjorde tariffavtalar, gjer at dei kan avslutta sak mot Norge. Avgjerda til ESA betyr at me kan overhalda både EØS-retten og ILO-konvensjon nr. 94.

Avslutning

Det er heilt avgjerande for at me skal lukkast i dette viktige arbeidet mot sosial dumping, og for at alle arbeidstakarar skal ha skikkelige vilkår, at fagrørsla og dei einskilde tillitsvalgte føl ansvar for og deltek aktivt i kampen for eit seriøst arbeidsliv. Og så er det viktig å få fleire arbeidsgjevarar og deira organisasjonar  meir med på laget. For som eg sa innleiingsvis - vår modell for trepartssamarbeid er nemleg også den beste modellen for å ta tak i utfordringane med å sikra det seriøse norske arbeidslivet.