Utviklinga på arbeidsmarknaden og utfordringar i arbeidsinkluderingspolitikken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Arbeidsdepartementet
Innleiing 20. mars 2013 Attføringsbedriftene i NHO sin fagkonferanse, Fornebu
Tale/innlegg | Dato: 20.03.2013
Statssekretær Norvald Mo sin innleiing på Attføringsbedriftene i NHO sin fagkonferanse, Fornebu.
Gode fotfolk i attføringsbransjen!
Mange takk for invitasjonen. Eg skal innrømma at eg skal vera ein god del audmjuk i tilnærminga til deler av det eg skal snakka om. Ikkje først og fremst fordi dette er første innleiinga eg held som politikar om arbeidsinkluderingspolitikken. Men først og fremst fordi eg har stelt litt – understrekar litt - med feltet attføringspolitikk, eller kva det no bør heita i 2013, i fleire år før gjennom min bakgrunn i Fellesforbundet.
Det eg har lært er at på dette området er det mykje tvil og tru om kva som er den riktige politikken. Kva rolle skal NAV ha, kva rolle skal attføringsbransjen ha og kva rolle skal det arbeidslivet ha der inkluderinga skal føregå. Det har vore mykje tvil og tru opp gjennom åra. Det betyr ikkje at politikken har vore handlingslamma. Det såkalla attføringsfeltet er eit stort felt der det blir brukt mange milliardar offentlege kroner kvart år. Og det har gitt resultat. Mange har kome ut i arbeidslivet gjennom tiltaka og mange har fått plass innanfor attføringsbedrifter. Den norske arbeidsmarknaden hadde sett betydeleg annleis ut, utan attføringspolitikk.
Bildet over dei som treng attføring, eller også innføring inn i arbeidslivet, det har endra seg. Og det arbeidslivet desse personane skal vera i har endra seg radikalt. Det er langt meir krevjande å inkludera i eit arbeidsliv som krev stadig meir av kompetanse, teknologi og konkurransekraft, enn før då det var lettare å finna plass for dei som ikkje fungerte hundre prosent.
De som er samla her i dag, kan mykje om attføring. De steller med det til dagen. De har vore gjennom omstillingar. De veit at det er forventningar til dykk. Frå brukarane, frå forvaltninga, frå arbeidslivet rundt attføringsbedriftene, frå media og det offentlege og frå oss politikarar. Sjølv om omgrepet skjerma sektor også blir brukt om dykk, veit de utmerka godt at de ikkje kan vera skjerma overfor omgivnadane. Og de vil heller ikkje vera det. De må levera. Så veit ein at nokon bedrifter leverer svært godt, mens andre kanskje heng etter. Overgangen til arbeid kan bli betre. Kva som er godt nok vil alltid kunna diskuterast, men ein må stadig jobba mot det å verta betre. Målet er at med unntak for dei fleste som treng varig tilrettelagte tiltak, skal resten ut i det ordinære arbeidslivet. Det betyr at attføringsbedriftene også må liggja tett opptil det ordinære arbeidslivet. ”Ringer i vannet” er eit tiltak som har dette som føremål, altså tett kontakt og samarbeid med NHO-bedriftene for utplassering i tiltaksfasen og for at dei skal bli gode varige arbeidstakarar i bedriftene.
Attføringsbedriftene må byggja opp under det som også er tankegangen i IA-arbeidet. Få personar tidleg i aktivitet. Venting fører til passivitet og det er drepen i høve til å lykkast i attføringsarbeidet.
Når det gjeld attføringsbedriftenes rolle i den framtidige attføringspolitikken, vil eg seia med ein gang. Først og fremst er det avhengig av kva bedriftene sjølve leverer av resultat. Jo betre resultat i form av god og kvalitativ attføring, jo meir vil bedriftene vera vekstbransje heller enn solnedgangsnæring.
For Arbeidarpartiets del vil eg leggja til det som står i utkast til partiprogram for komande periode om attføring og attføringsbedriftene. Der skriv me: ”Sikra dei som har behov for attføring god individuell oppfølging. Attføringsbedriftene skapar viktige attføringstilbod og skal vera garanterte forutsigbare rammevilkår”. Dette er viktige formuleringar og dei forpliktar sjølvsagt.
Eg skal i dette opningsinnlegget seia litt om:
- Utviklinga på arbeidsmarknaden
- Presentera nokre av utfordringane på arbeidsinkluderingsområdet
- Korleis me jobbar med å finna løysingar som kan gje eit enda betre tilbod til personar med nedsett arbeidsevne
Norge i verda
Gjennom EØS-medlemskapen tar Norge del i ein europeisk arbeidsmarknad som er 100 gangen så stor som den norske arbeidsmarknaden. Utviklinga i dette området, kombinert med krisa i Europa på arbeidsmarknaden, gjer at tilstrøyminga av arbeidskraft frå desse landa er stor. I dag har Norge nær 400 000 arbeidsinnvandrarar. Truleg er om lag kvar 6. eller 7. sysselsett i Norge ein arbeidsinnvandrar. Og i fleire bransjar er andelen langt større.
Vår politikk legg opp til at dei som ønskjer seg hit for å søkja seg arbeid, dei er velkomne. Det skal skje på våre vilkår innanfor det regelverket i EØS som elles gjeld.
I høve til folketalet er Norge eit av dei landa som har tatt imot fleste arbeidsinnvandrarar frå dei nye EU-landa. Folketalet i Norge dei seinare åra har vakse med om lag 1 prosent kvart år som følgje av innvandring.
Korleis me har det i Norge vert påverka av situasjonen i andre land. Det påverkar kor mange og kven som kjem til oss for å arbeida eller for å søkja om opphaldstillating. Situasjonen i andre land påverkar også pris og etterspurnaden etter norske varer og der igjennom også jobbtilbodet vårt og våre muligheiter for å inkludera utsette grupper i arbeidslivet.
Og det skal små endringar til ute som kan få større konsekvensar her heime. Me høyrde det seinast i førgårs når det gjeld reiselivet. Utlendingar legg igjen relativt stadig mindre i Norge. Og når norske bedrifter må stramma inn sine kostnader, blir det mindre å gjera for dei som satsar på kurs og konferansar. Reiselivet er så absolutt ei konkurranseutsett næring. Men dette får også konsekvensar for attføringspolitikken. Jo færre bedrifter det blir å utplassera attføringsdeltakarar i, jo meir krevjande blir det å nå måla våre som går på å auka sysselsetingsandelen mellom dei ned redusert arbeidsevne.
Nokon har sagt at attføring har noko til felles med Forsvaret. Kor mykje ressursar nyttar ein i fredstid, kor mykje nyttar ein i krig. I mellomtida er de behov for beredskap. No trur ikkje eg dette er så riktig bilete på attføring i dag. Attføring er nok ikkje konjunkturpolitikk, men ei oppgåve som blir stadig meir omfattande etterkvart som det er fare for at fleire droppar ut og større fare for at nokon ikkje droppar. Og heilt uavhengig av svingande konjunkturar.
Stor oppgang i sysselsetjinga
Mange av dykk har heilt sikkert sett desse figurane før. Sterk auke i sysselsetjinga. Nær 350 000 fleire sysselsette dei siste 7 åra, og prognoser om framleis sterk sysselsetjingsvekst. Dette har ført til at me har oppretthalde vår høge sysselsetjingsgrad. Om lag 8 av 10 i arbeid mellom 20 og 65 år. Relativ låg arbeidsløysa og sterkare sysselsetjing i dei eldre årsklassane. Det har vore vekst i sysselsetjinga over heile landet, men sterkast i dei sentrale strok.
Men veksten har ikkje løyst alle utfordringane. Andelen mellom dei med nedsett funksjonsevne i arbeid har ikkje gått opp, den har helde seg, og arbeidsløysa mellom ungdom er høgre enn elles i folket. Det viser at det ikkje er nok med berre ein politikk for god sysselsetjingsvekst. Det er også heilt nødvendig med arbeidsmarknadspolitikk i form av tiltak.
Kvifor arbeid er viktig
Det me har lært i Norge - ikkje minst gjennom finanskrisa for nokre år sidan, er at å leggja vekt på høg sysselsetjing, oppnår me også andre mål. Arbeid gjer verdiskaping, det bidrar til vekst i samfunnet og dermed aukande sysselsetjing. Arbeid er derfor fundamentet for vår felles velferd. Det betyr at me må inkludera fleire i arbeidsmarknaden. Det betyr ikkje minst å inkludera fleire der sysselsetjingsgraden er låg, og det er han mellom dei med nedsett funksjonsevne trass sterke ambisjonar om det motsette.
Uføre
Her ser de utviklinga i talet på uføre dei siste ti åra. Antall personar har helde seg ganske stabilt på pluss/minus 300 000 personar eller litt i overgang av 10 prosent av arbeidsstyrken. Andelen i høve til befolkninga har gått ned. Det er ikkje noko som tilseier at me vil få ein uføreeksplosjon dei komande åra gitt ein god sysselsetting og inkluderingspolitikk. Andelen bør kunna gå ytterlegare ned.
Arbeidsavklaringspengar
Her har det skjedd ein vekst som også har samanheng med at det inkluderer dei som før var midlertidig uføre. Både antall og andel er på veg ned. Likevel er som kjent køen av dei som ventar på tiltak stor, trass i at tiltaksomfanget har auka for dei med redusert arbeidsevne. Målet er å korta ned ventetida.
Fordeling på alder og kjønn
Og her ser det at den store hop av dei som er uførepensjonistar er litt eldre menneske. Altså vel 1 av 3 mellom 65 og 67, 1 av 4 mellom 60 og 64 og nær 1 av 5 mellom 55 og 59 år. Ein meir vellykka seniorpolitikk bør få omfanget ned.
Eigen jobbstrategi
Ei gruppe som opplever utfordringar i arbeidslivet er personar med nedsett funksjonsevne. Dei siste 10 åra har sysselsetjingsandelen mellom personar med nedsett funksjonsevne vore på om lag 43 prosent. Dvs at den har lege stabilt låg uavhengig av konjunkturane på arbeidsmarknaden, jf som eg nettopp nemna at sysselsetingsandelane i folket elles har lege på mellom 70 og 80 prosent alt etter kva aldersgrupper ein tar med.
Mellom funksjonshemma som ikkje er sysselsette oppgir 1 av 4 at dei ønskjer arbeid. Denne andelen har vore om lag uendra over tid. Dette tilsvarar om lag 84 000 ikkje-sysselsette som ønskjer arbeid.
Jobbstrategien er ein strategi som særleg rettar seg mot unge under 30 år med nedsett funksjonsevne. Det er innanfor denne aldersgruppa at auken i talet på stønadsmottakarar er størst. Overgangen mellom skule og arbeid er høgt prioritert i strategien.
Menneske med nedsett funksjonsevne kan møta store utfordringar når dei skal ut i arbeidslivet. Tiltaka som er lansert i Jobbstrategien, er direkte retta mot å redusera barrierar som er identifiserbare. Det er bla innført forsøk med tilretteleggingstilskot for arbeidssøkjarar med nedsett arbeidsevne, det er utviding av forsøk med funksjonsassistanse i arbeidslivet. Det er auka bruk av mentorar og styrking av også personalressursar i Arbeids- og velferdsetaten.
Nært samarbeid med private og offentlege verksemder er avgjerande for å lykkast med Jobbstrategien. Gjennomføringa av strategien er eit felles ansvar for partane i arbeidslivet, dei funksjonshemma sine organisasjonar, verksemdene, arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar, for Arbeids- og velferdsetaten og den enkelte arbeidssøkjar med nedsett funksjonsevne.
Vegen vidare
Vegen vidare må først og fremst byggja på erfaring me har. Masse av erfaringa er nedfelt i Brofoss-utvalet si innstilling der også Attføringsbedriftene var med. Sjølv om innstillinga sprika i tilrådinga av politikktiltak, var det ganske brei semje om måla, om analysen og om utfordringane. Målet er at alle som har behov for det skal få tilbod om tiltak, og samtidig som også tilboda skal ha ein god effekt. Så er spørsmålet korleis ein skal klara det på beste mogeleg måte.
Her må me berre vera ærlege og seia at utvalet var ganske ueinige om mange viktige spørsmål, og som også krev meir grundig arbeid. Og usemja gjenspegla seg også i høyringsrunden. Det kompliserer sjølvsagt også oppfølginga av dette utvalsarbeidet.
Men det var som eg sa også fleire ting ein var einige om. Blant anna å auka samarbeidet med det ordinære arbeidslivet når det gjeld gjennomføring av tiltaka og behovet for å redusera ventetida på tiltaka. Det var også semje om at det er behov for å styrkja Arbeids- og velferdsetaten sin kvalitetskontroll.
Gode fotfolk - nokon av dykk vil sikkert meina at det eg her har sagt om oppfølging av dette utvalsarbeidet var både defensivt og puslete. Det kan vera, men som eg sa – her må ein også vera audmjuk. Ikkje i høve til måla, men i høve til verkemidla. Det gjeld å finna den gode balansen mellom ansvaret etaten skal ha, attføringstilbydarane og det ordinære arbeidslivet.
Hovudmål og prioriterte oppgåver i 2013
Til slutt vil eg seia litt om kva som hovudmåla og prioriterte oppgåver for 2013.
Ordinært arbeidsliv
Forsking og erfaring viser at svært mange personar med nedsett arbeidsevne kan nyttiggera seg tiltak i det ordinære arbeidslivet på eit tidlegare tidspunkt i tiltaksløpet. Erfaringar frå strategiplanane for arbeid og psykisk helse og kvalifiseringsprogrammet, viser at personar med samansett problematikk kan lykkast i ordinært arbeidsliv med god og riktig oppfølging i kombinasjon med andre aktuelle verkemiddel. Den måten å arbeida på ligg som eg sa til grunn for Jobbstrategien. Spørsmålet er no om det er behov for ei breiare og meir systematisk satsing. Uansett er det behov for å hausta meir erfaring.
Så vil det framleis vera ein del av NAV- brukarar som vi ha behov for eit arbeidsførebuande tilbod. Nokre har såpass omfattande og samansette problem at dei ikkje vil kunne gjera seg nytte av ei kvalifisering i ordinært arbeidsliv. Dette kjenner de godt til. Det kan vera forhold knytt til til dømes helse, livsstil, motivasjon og struktur på kvardagen, som er nødvendig å avklara før ei utplassering. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg utgreidd på førehand, vil direkte utplassering, sjølv med tett oppføling, kunna påføra brukarane nye nederlag og tap av motivasjon. Slike erfaringar kan også medføra at arbeidsgjevarar i det ordinære arbeidslivet blir meir skeptiske til å ta inn brukarar, og at dermed ein attføringsprosess som vil ta lengre tid.
Redusert ventetid
Arbeids- og velferdsetaten skal sørgja for at personar med nedsett arbeidsevne får ein tidleg vurdering av sitt bistandsbehov. Personar med nedsett arbeidsevne som har behov for arbeidsretta bistand, skal få tilbod om nødvendig og hensiktsmessige tiltak så raskt som mulig. Det skal i 2013 fastsetjast minst to oppfølgingstidspunkt i året for personar med nedsett arbeidsevne, herunder mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Etaten skal arbeida systematisk for å redusera ventetida før tiltak.
Målgruppe
Etaten sine ressursar skal rettast inn mot brukarar som har størst behov for arbeidsretta bistand. Innafor ramma av arbeidsmarknadstiltak skal etaten prioritera personar under 30 år med nedsett arbeidsevne, herunder målgruppa Jobbstrategi for personar med nedsett funksjonsevne.
Kvalitet på tenestene
Her som på andre område er det viktig å ha sterkt fokus på kvaliteten i dei tenestene som blir levert. Det er heilt avgjerande. Arbeids- og velferdsetaten har ei rekkje pågåande prosjekt med betydning for kvalitet i tenestene. For å forsterka denne innsatsen har Arbeidsdepartementet bede Direktoratet om å setja i gang eit utviklingsarbeid for å betra kvaliteten på dei arbeidsretta tiltaka, herunder definera kva som er god kvalitet i arbeidsretta tiltak for personar med nedsett arbeidsevne. I dette arbeidet veit eg at også attføringsbedriftene har mange erfaringar som kan vera nyttige i eit slikt arbeid. Og så veit eg også at mange attføringsbedrifter legg sterk vekt på å betra kvaliteten på tiltaka, for nettopp å sikra at dei som tiltaka er til for, skal få ein lettare og kortare veg ut i arbeidslivet.
Avslutning
De hadde kanskje forventa at eg i dette innlegget skulle seia noko om stortingsmelding og trekkja opp dei klare linjene for politikken vidare. Her måtte eg skuffa dykk. Statsråden har signalisert overfor Stortinget at ho vil koma til Stortinget med ei oppfølging av saker og problemstillingar som vart tekne opp i Brofoss-utvalet si utredning. Og sidan denne forsamlinga her ikkje er Stortinget, sjølv om de er ei viktig forsamling, kan eg ikkje seia noko om den konkrete oppfølginga. Eg håpar likevel at eg har fått delt nokre omtalar av både gjeldande politikk og utfordringar med dykk.
Lukke til vidare med konferansen og med håp om at den skal gje vidare inspirasjon og kunnskap om dette serdeles viktige feltet.