Historisk arkiv

Forslag om endringar i utlendingslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa la i statsråd fredag 12. mai fram forslag om ymse endringar i utlendingslova.

Pressemelding

Nr.: 55
Dato: 12.05.2006

Forslag om endringar i utlendingslova

Regjeringa la i statsråd fredag 12. mai fram forslag om ymse endringar i utlendingslova.

Eitt av forslaget inneber mellom anna at ein skal kunne bortvise ein utlending dersom det er nødvendig av omsyn til folkehelsa. Lovforslaget har samanheng med at EU nyleg har vedtatt ei grenseforordning, som stort sett er ei vidareføring av gjeldande Schengen regelverk. Grenseforordninga skal gjelde for alle statar som deltek i Schengen-samarbeidet. Såleis vil dei same reglane gjelde på dei felles yttergrensene i heile Schengen-området. Noreg skal derfor gjennomføre denne forordninga i norsk rett.

- Sjølv om ein nå får heimel for å bortvise ein utlending av omsyn til folkehelsa, er det klart at ikkje kva som helst sjukdom kan danne grunnlag for eit slikt tiltak. Det må anten dreie seg om ein epidemi slik det er definert av Verdshelseorganisasjonen (WHO), ein infeksjonssjukdom eller smittsam parasittsjukdom, dersom sjukdomen fører til at det blir sett i verk vernetiltak overfor borgarar i medlemsstatane, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Hanssen understrekar at utlendingsstyresmaktene alltid vil måtte rådføre seg med helsestyresmaktene. WHO vil ha ei sentral rolle i utforminga av dei tiltak som bør setjast i verk. Andre endringar i utlendingsregelverket som følgje av grenseforordninga vil skje seinare i utlendingsforskrifta og i rundskriv.

Det blir òg føreslått å gjere nokre endringar i ulike føresegner i lova for å leggje til rette for at det såkalla Dublin-regelverket kan brukast mellom Noreg og Sveits. Bakgrunnen for forslaga er at Sveits har underteikna avtalar med EU om tilknyting til dette samarbeidet, og Noreg og Island har underteikna ein avtale med Sveits for at dette regelverket òg kan brukast mellom dei tre landa. Forslaga til endringar inneber at dei føresegnene i lova som i dag viser til Noregs tilknytingsavtale til Dublin-regelverket, òg vil ha ei tilvising til avtalen med Sveits og Island. Avtalane er ikkje sette i kraft enno.