Historisk arkiv

Låg og stabil arbeidsløyse i august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Eg er nøgd med at arbeidsløysa så langt held seg låg i en situasjon med noko svakare konjunkturar, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i en kommentar til nye månadstal om arbeidsmarknaden frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

 Den registrerte arbeidsløysa held seg låg og har vore om lag uendra gjennom sommar­månadene.

 Ved utgangen av august er det registrert 44 400 helt arbeidslause. Det er 9 prosent færre enn på same tid i fjor og om lag uendra frå juli. Nivået på ordinære arbeidsmarknadstiltak er det siste året økt med 1 100 plasser.

  - Eit høgt tiltaksnivå er eit viktig bidrag frå Regjeringa for å møte en situasjon med noe svekka konjunkturar, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.