Besøk til Bjørndal idrettsforening
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Nyheit | Dato: 17.01.2008
Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen og kultur- og kyrkjeminister Trond Giske besøkte onsdag Bjørndal idrettsforening. Temaet for møtet var mellom anna kor viktig idretten er for integrering og inkludering.

Dei to statsrådane blei informert om kva Bjørndal idrettsforening har fått til ved hjelp av det statlege tilskotet til inkludering i idrettslag. Andre tema for møtet var også ulike idrettslege storbytiltak, klubbhuset – ein møtestad for alle - og breidda ein har av nasjonalitetar og kulturar.
Hanssen og Giske gav til saman 200.000 kroner til kampanjen Gi rasisme rødt kort. Denne kampanjen er i regi av Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon (NISO).