Historisk arkiv

Raskare utreise for utlendingar utan lovleg opphald i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Frå nyttår får politiet høve til å skrive ut passérbrev til utlendingar som ikkje har eige pass eller anna reisedokument når dei skal forlate Noreg.

Pressemelding

Nr.: 35
Dato: 24.12.05

Raskare utreise for utlendingar utan lovleg opphald i Noreg

Frå nyttår får politiet høve til å skrive ut passérbrev til utlendingar som ikkje har eige pass eller anna reisedokument når dei skal forlate Noreg.

Meir enn 80 prosent av dei som kjem til Noreg og søkjer asyl legg ikkje fram pass eller anna reisedokument for norske styresmakter, sjølv om dei har slikt dokument. Dette har vore eit problem for politiet dersom asylsøkjarar seinare får avslag på søknaden og skal reise frå Noreg. Politiet bruker mykje tid og ressursar på å skaffe reisedokument frå heimlandet i desse tilfella. Den nye føresegna, § 73a i utlendingsforskrifta, inneber at politiet sjølv kan skrive ut nødvendige reisedokument som tilsvarer dei reisedokumenta som EU nyttar (EU travel letter).

- Eg håper ordninga med at politiet kan skrive ut passérbrev kan føre til raskare retur av utlendingar utan lovleg opphald i Noreg, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Det er eit vilkår at heimlandet eller tredjelandet som utlendingen skal returnerast til på førehand har akseptert at Noreg skriv ut desse dokumenta.

Det er også ein føresetnad at søknaden frå utlendingen om opphaldsløyve i Noreg er endeleg avgjort. Forskriftsendringa inneber derfor ikkje noko endring i dagens innvandrings- og asylpraksis. Passérbrev vil både kunne nyttast i situasjonar der utlendingen ikkje ønskjer å reise heim og derfor ikkje sjølv hjelper til med å skaffe seg reisedokument frå heimlandet, der utlendingen ønskjer å reise heim etter eit avslag og det tar lang tid, eller i tilfelle der det har lite for seg å bruke passet frå heimlandet.

For meir informasjon, sjå http://odin.dep.no/krd/norsk/tema/innvandring/horingssaker/016081-080045/dok-bn.html.