Historisk arkiv

Aurora Verksted i Bærum får Budstikkaprisen 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

”Ingen kan alt, alle kan noe og saman kan vi det meste” er mottoet for arbeidet ved Aurora Verksted i Bærum. Aurora er årets Budstikkaprisvinner 2006.

Pressemelding

Nr.: 148
Dato: 06.12.2006

Aurora Verksted i Bærum får Budstikkaprisen 2006

”Ingen kan alt, alle kan noe og saman kan vi det meste” er mottoet for arbeidet ved Aurora Verksted i Bærum. Aurora er årets Budstikkaprisvinner 2006.

– Eg gler meg over å kunne dele ut Budstikkaprisen 2006 til Aurora Verksted, seier statssekretær Laila Gustavsen i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

– Aurora Verksted har gjennom mange år arbeidd målretta med å gi eit tilbod om arbeid som inkluderer alle. Dei har utvikla ein arbeidsplass kor alle tilsette får sjansen til å utvikle potensialet sitt, og i fellesskap skape produkt som mange vil ha, seier Gustavsen.

Aurora Verksted tilrettelegg arbeidsplassar for menneske med utvida behov for bistand, omsorg og tilrettelagte løysingar. Dei får på det viset brukt arbeidsevna si i ein skapande samanhang og får ein meiningsfylt arbeidskvardag. Det er i tråd med eit inkluderande arbeidsliv, kor sjansane til aktiv deltaking og nedbygging av barrierar, står sentralt.

Aurora Verksted driv i hovudsak produksjon av kunst og handverk etter ein samarbeidsmodell, kor kunstnarar med og utan nedsett funksjonsevne er kreative i fellesskap. Produkta blir selde ved eiga verkstadutsal i Bærum og ved diverse sentrale utsal for handverk i Oslo. Det er i dag totalt 60 personar i arbeid ved Aurora Verksted.

Aurora Verksted arbeider både aktivt og konkret med inkludering av menneske med nedsett funksjonsevne. Gjennom foredrag, kurs og omvisningar spreier verkstaden og kunnskap, deler røynsler og bidrar med idear og bevisstgjering på området.