Historisk arkiv

Framleis moderat vekst i sjukefråværet i 3. kvartal 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Statistisk sentralbyrås tal viser at sjukefråværet i 3. kvartal 2006 har auka med 3,5 prosent, samanlikna med same kvartal året før. Auken er mindre sterk enn i dei to førre kvartala i 2006.

Pressemelding

Nr.: 155
Dato: 21.12.2006

Framleis moderat vekst i sjukefråværet i 3. kvartal 2006

Statistisk sentralbyrås tal viser at sjukefråværet i 3. kvartal 2006 har auka med 3,5 prosent, samanlikna med same kvartal året før. Auken er mindre sterk enn i dei to førre kvartala i 2006.

– Men det er framleis vekst i staden for reduksjon i sjukefråværet, slik målsettinga i IA-avtalen er. Alle partar har derfor eit godt stykke arbeid igjen, seier statsråd Bjarne Håkon Hanssen.

Frå 3. kvartal 2005 til 3. kvartal 2006 har det totale sjukefråværet auka frå 6,6 prosent til 6,8 prosent. Sjukefråværet blant kvinner aukar mest. Det er oppgang i dei fleste næringsgrupper, med sterkast auke innan transport og kommunikasjon og undervisning. Lågast vekst har det vore i helse- og sosialtenester, men dei har framleis den høgste fråværsprosenten. Sjukefråværet gikk opp i alle sektorar, men statleg forvaltning (inkludert helseføretaka) aukar mest, med 4,5 prosent.

Det legemeldte sjukefråværet auka i alle aldersgrupper, men mest i aldersgruppa 20 – 24 år og minst for arbeidstakarar i alderen 60-64.

– Det bekymrar meg. Med den låge ledigheita vi har no på 2,1 prosent, eller under 50 000 arbeidsledige, blir det endå viktigare for arbeidsgjevarar å førebyggje sjukefråvær og leggje til rette arbeidet for arbeidstakarar med helseplager for å sikre seg nødvendig arbeidskraft. Tiltaka som sjukefråværsutvalet foreslo er følgde opp og vil bidra til vidareutvikling av IA-arbeidet på den enkelte arbeidsplassen. Dette er ein føresetnad for lågare sjukefråvær, seier Hanssen.