Historisk arkiv

Innføring av krav om politiattest ved tilsetjing i asylmottak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Kongen i statsråd har sanksjonert Stortinget sitt vedtak om å endre utlendingslova på fleire punkt. Ei av endringane går ut på at alle som skal arbeide i norske asylmottak, må leggje fram politiattest som syner at dei ikkje har forgripe seg seksuelt mot barn før dei kan tilsetjast.

Pressemelding

Nr.: 07
Dato: 23.01.06

Innføring av krav om politiattest ved tilsetjing i asylmottak

Kongen i statsråd har sanksjonert Stortinget sitt vedtak om å endre utlendingslova på fleire punkt. Ei av endringane går ut på at alle som skal arbeide i norske asylmottak, må leggje fram politiattest som syner at dei ikkje har forgripe seg seksuelt mot barn før dei kan tilsetjast.

- For å skape ei tryggast mulig ramme rundt opphaldet i mottak, og for å verne barn og unge mot overgrep frå personalet i mottaka, skal tilsette i mottak leggje fram politiattest ved tilsetjing, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Lova sett også yrkesforbod i mottak for personar som tidlegare har forgripe seg seksuelt mot barn og unge. Endringa vil gjelde for personar som i framtida får arbeid i asylmottak, ho vil ikkje få tilbakeverkande kraft.

Kravet om å leggje fram politiattest ved tilsetting i mottak er obligatorisk. Den som tilsett, i praksis privat eller kommunal driftsoperatør, vil vere forplikta til å innhente politiattest. På den måten blir innhenting av politiattest rutine i samband med tilsetting, og kravet om politiattest vil ikkje framstå som mistenkeliggjering av dei personane det gjeld. Dette vil gjelde både for tilsetting i faste stillingar, vikariat og engasjement. Arbeidsgjevar eller andre som får kjennskap til opplysningar frå politiattesten har teiesplikt om dette.

Det kan også innehentast politiattest for andre personar som utfører oppgåver for utlendingsstyresmaktene, og som har direkte kontakt med barn og unge som oppheld seg i mottak. Det er opp til oppdragsgivar å vurdere om det er behov for å innhente politiattest i det enkelte tilfelle. Personar dette kan være aktuelt for er tolkar, helsepersonell, lærarar og idrettsleiarar.

Endringane er nærare omtala her:

Ot.prp.nr. 112 (2004-2005): http://odin.dep.no/krd/norsk/dok/regpubl/otprp/016001-050056/dok-bn.html

Ot.prp.nr. 20 (2005-2006): http://odin.dep.no/krd/norsk/dok/regpubl/otprp/016001-050058/dok-bn.html

Innst. O. nr. 9 (2005–2006)