Historisk arkiv

Noreg treng seniorane i arbeidslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Vi treng seniorane i arbeidslivet framover! Vi vil stimulere seniorane til å fortsette å jobbe. Med pensjonsreforma legg vi til rette for gradvis nedtrapping av arbeidsinnsatsen. Dette er opplagt til beste for samfunnet, og vil òg vere bra for dei fleste seniorane, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til stortingsmeldinga om seniorpolitikk, som vert lagt fram i dag.

Pressemelding

Nr.: 127
Dato: 20.10.06

Noreg treng seniorane i arbeidslivet

- Vi treng seniorane i arbeidslivet framover! Vi vil stimulere seniorane til å fortsette å jobbe. Med pensjonsreforma legg vi til rette for gradvis nedtrapping av arbeidsinnsatsen. Dette er opplagt til beste for samfunnet, og vil òg vere bra for dei fleste seniorane, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til stortingsmeldinga om seniorpolitikk, som vert lagt fram i dag.

- Vi opnar òg for å auke aldersgrensa i arbeidsmiljøloven frå 70 til 72 år. Regjeringa ønskjer å utrede ei slik heving, og vil føre ein dialog med partane i arbeidslivet om dette, seier Hanssen.

I dei næraste åra vil aldersgruppa 60-66 år vekse kraftig, og denne gruppa vil i 2010 vere nær 30 prosent større enn i dag.

- Då er det ekstremt viktig kva slags signal samfunnet gir til dei som er eller kjem til å bli seniorar dei næraste åra. Mange eldre både kan og har eit ønske om å fortsette å jobbe, seier Bjarne Håkon Hanssen.

Seniormeldinga set pensjonsmeldinga, som vert lagt fram samtidig, inn i ei breiare ramme. Seniorane blir òg påverka av ei rekke andre løp og reformer regjeringa arbeider med, blant anna NAV-reforma og den store arbeids- og velferdsreforma som snart blir presentert i stortingsmeldinga om arbeid, velferd og inkludering.

Arbeidsmiljølova gir i dag arbeidsgjevarar høve til å seie opp arbeidstakarar som er fylt 70 år. Regjeringa vil utrede om grensa kan hevast, og ha ein dialog med partane i arbeidslivet om dette. 70-årsgrensa vart innført i 1972. Sidan den gongen er folkehelsa betra og den forventa levealderen har auka med over 5 år.

- I dag er få over 70 år i jobb. Men dette er noko som bør endrast. Her må det snarast muleg store haldningsendringar til, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Hensikta med meldinga er å sette seniorane meir i fokus og framheve seniorane sine fortrinn som arbeidstakarar, først og fremst ved å gjennomgå fakta, analyser og dei mange virkemidla som påverkar seniorane sine forhold til arbeidsmarknaden. Dette vil styrke kunnskapsgrunnlaget for samfunnsdebatten om seniorane sin plass i arbeidslivet.

Eit berekraftig og godt pensjonssystem som stimulerer til arbeid og opnar for å kombinere arbeid og pensjon, er sentralt i seniorpolitikken. Like nødvendig er det å sikre eit godt arbeidsmiljø, ikkje-diskriminering av seniorar, utjamning av helseforskjellar mellom grupper og nødvendig etter- og vidareutdanning for dei som treng kompetansepåfyll. Leiarar bør gi tydelege signal om at seniorane sin innsats er verdsett på arbeidsplassen.

Senter for seniorpolitikk har gjennomført ei femårig satsing på informasjons- og haldningsarbeid i åra 2000-2005, finansiert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Tiltaket har vore vellukka, og innsatsen vil bli vidareført i åra som kjem.

Meldinga signaliserer også at ein vil sjå på mulige tiltak for å styrke etter- og vidareutdanning for seniorar. Kunnskapsdepartementet har blant anna oppretta eit eige program for styrking av basiskunnskapar i arbeidslivet. Programmet er sterkt prioritert i årets budsjett.

Positive drivkrefter for å halde folk i jobb er interessant arbeid, positive signal frå leiar og arbeidsgjevar og eit godt arbeidsmiljø. Gode pensjonsordningar og ønske om meir fritid er faktorar bak tidleg avgang frå arbeidslivet. Forhold som dårleg helse, arbeidsmiljø, nedbemanning, diskriminering og arbeidsløyse spelar òg inn.

Vi må derimot ikkje gløyme at seniorane sin situasjon i arbeidslivet er generelt god, sjølv om enkelte har problem. Ei internasjonal samanlikning gjort av OECD viser at det berre er Island og Sverige som har fleire sysselsette seniorar. I dei fleste europeiske landa er nivået på sysselsette seniorar langt lågare enn i Noreg. Spesielt gjeld dette kvinner. Arbeidsløysa blant seniorane (50-66 år) er låg (under 2 %), og seniorane ser ut til å vere mindre utsette for konjunktursvingingar enn nokon andre aldersgrupper.

Utgangspunktet for ein vellukka seniorpolitikk framover, der fleire seniorar vil stå lengre i arbeid og der det vert lagt godt til rette for gradvis nedtrapping, er dermed godt.

Stortingsmelding nr. 6 om Seniorpolitikk