Historisk arkiv

Talet på ledige blei ytterlegare redusert i november

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Det er gledeleg at den gode veksten i ledige stillingar bidrar til at mange langtidsledige og yrkeshemma kjem i jobb. Eg registrerer likevel med ein viss uro at lønnsveksten nå ser ut til å vere noko sterkare enn ein tidlegare la til grunn, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til nye månadstal frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV).

Pressemelding

Nr.: 145
Dato: 30.11.2006

Kontaktperson:

Avdelingsdirektør Ola Ribe, tlf. 22 24 47 10

Talet på ledige blei ytterlegare redusert i november

- Det er gledeleg at den gode veksten i ledige stillingar bidrar til at mange langtidsledige og yrkeshemma kjem i jobb. Eg registrerer likevel med ein viss uro at lønnsveksten nå ser ut til å vere noko sterkare enn ein tidlegare la til grunn, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til nye månadstal frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV).

- Framleis er mange utanfor arbeidslivet og ønskjer å kome i jobb. Det er viktig at arbeidsgjevarar er villige til å gje desse ein sjanse, seier statsråden.

Ved utgangen av november er det registrert 50 200 heilt ledige arbeidssøkjarar og 87 000 yrkeshemma ved NAV. Det siste året har talet på heilt ledige blitt redusert med 22.100 personar, medan talet på yrkeshemma nå er 5.000 lågare enn for eitt år sidan.