Historisk arkiv

Nye reglar om varsling gjeld frå nyttår

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Stortinget har vedtatt nye reglar i arbeidsmiljølova om arbeidstakarar som varslar om kritikkverdige forhold. Reglane gjeld frå og med 1. januar 2007.

Pressemelding

Nr.: 01
Dato: 03.01.2007

Nye reglar om varsling gjeld frå nyttår

Stortinget har vedtatt nye reglar i arbeidsmiljølova om arbeidstakarar som varslar om kritikkverdige forhold. Reglane gjeld frå og med 1. januar 2007.

– Eg er glad for at vi no får på plass ein lov der det står klart og tydeleg at arbeidstakarar har rett til å seie frå om kritikkverdige forhold. Dei nye reglane sett også eit klart forbod mot gjengjelding mot den som nyttar seg av retten til å varsle. Eg er overbevist om at reglane vil danne eit godt grunnlag for større openheit i arbeidslivet, og vil vere eit viktig bidrag i kampen mot korrupsjon og andre lovbrot, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Arbeidsmiljølova har no fått reglar som slår fast at arbeidstakarar har rett til å varsle, som peikar ut hensiktsmessige måtar å varsle på og som slår fast at arbeidsgivarar skal leggje forholda til rette for varsling i verksemda.

– Eg vil også understreke eit poeng som ofte kjem i bakgrunnen når vi diskuterer dei juridiske grensene i varslinga. Om arbeidstakarane faktisk er villige til å seie frå om korrupsjon eller andre kritikkverdige forhold, handlar like mykje om ”ytringskulturen” i bedrifta og i arbeidslivet, som det juridiske rammeverket. Den kanskje viktigaste av dei nye reglane er difor regelen om at verksemdene skal ha ei plikt til å leggje forholda til rette for varsling. Regelen inneber at arbeidsgivar må ta nokre aktive grep for å sikre at intern kritikk og opplysningar om kritikkverdige forhold blir handtert på ein god måte i verksemda. Det kan stoppe konfliktfylte varslarsaker som er ei stor belastning for verksemda, arbeidsmiljøet og ikkje minst for varslaren sjølv. Og enda viktigare - det vil gi arbeidstakarane eit signal om at det er ønskjeleg og normalt å seie frå, slik at kritikkverdig praksis blir avdekka og ikkje får utvikle seg, seier Hanssen.

– For at reglane skal bidra til større openheit og betre handsaming av saker om varsling på arbeidsplassane, er det viktig at lovvedtaket blir følgd opp med praktisk informasjon til arbeidsgivarane og arbeidstakarane. Eg vil difor sørgje for at det blir laga ei skriftlig rettleiing om dei nye varslingsreglene, seier statsråden.