Historisk arkiv

Opphaldsløyve ved praktiske hindringar for retur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Eit forslag til endring i utlendingsforskrifta som klargjer vilkåra for å kunne gje opphaldsløyve til utlendingar som det ikkje er mogleg å returnere til heimlandet, vert i dag sendt på høyring. Endringa gjer det tydeleg at tidlegare asylsøkjarar med endeleg avslag, som har medvirka til å avklare sin identitet og bidrege til å mogleggjere retur, på visse vilkår kan få opphaldsløyve i Noreg.

Pressemelding

Nr.: 2
Dato: 03.01.2007

Opphaldsløyve ved praktiske hindringar for retur

Eit forslag til endring i utlendingsforskrifta som klargjer vilkåra for å kunne gje opphaldsløyve til utlendingar som det ikkje er mogleg å returnere til heimlandet, vert i dag sendt på høyring. Endringa gjer det tydeleg at tidlegare asylsøkjarar med endeleg avslag, som har medvirka til å avklare sin identitet og bidrege til å mogleggjere retur, på visse vilkår kan få opphaldsløyve i Noreg.

I forslaget blir det understreka at det klare utgangspunktet er at ein utlending som har fått endeleg avslag på søknad om asyl, pliktar å forlate Noreg. I dei få tilfella der det likevel ikkje er mogleg å få til ein retur, sjølv om utlendingen samarbeider fullt ut om å få dette til, opnast det for at ein kan gje opphaldsløyve i Noreg.

– I tilfelle der det går lang tid utan at det ser ut til at retur kan la seg gjennomføre sjølv om utlendingen samarbeider, er det rimeleg at vedkomande får eit formalisert opphald i Noreg med dei rettar dette inneber, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Departementet foreslår difor ein ny paragraf i utlendingsforskrifta som fastslår at det etter endeleg avslag likevel kan gis opphaldsløyve dersom retur ikkje er gjennomførd innan tre år etter at asylsaka vart oppretta og det heller ikkje er mogeleg å få til retur. Det stillast krav om at utlendingen har medvirka til å klargjere sin identitet og bidrege til å mogleggjøre retur ved til dømes å skaffe seg heimlandets reisedokument. Vidare er det eit krav at det ikkje ligg føre vedtak om utvisning. Som hovudregel skal ikkje opphaldsløyve gis før det er gått eit år etter endeleg avslag i asylsaka.

Forslaget formaliserer ein allereie eksisterande mogligheit for opphaldsløyve i slike tilfelle. Endringa inneber såleis ei tydeliggjering av mogligheita for opphald, samt eit sterkt signal om viktigheita av å samarbeide om retur og avklaring av identitet.

– Etter utlendingslova har ein asylsøkjar plikt til å medvirke til å avklare identiteten sin under opphaldet i Noreg. Eg håpar at den nye regelen vil kunne bidra til at asylsøkjarar i større grad enn i dag vil samarbeide med myndigheitene om dette, seier arbeids- og inkluderingsministeren.

Høyringsfristen er sett til 15. februar 2007, og endringa er planlagt å tre i kraft frå mars/april 2007.

Høyring om endring i utlendingsforskrifta