Historisk arkiv

Færre arbeidsledige — fleire ubesette stillingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Situasjonen ligg no svært godt til rette for å inkludere nye grupper i arbeidsmarknaden, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til Arbeids- og velferdsetatens månadstal om arbeidsmarknaden for januar.

Pressemelding

Nr.: 06
Dato: 01.02.2007

Kontaktperson:

Rådgivar Per-Morten Larsen, tlf. 22 24 49 00

Færre arbeidsledige – fleire ubesette stillingar

– Situasjonen ligg no svært godt til rette for å inkludere nye grupper i arbeidsmarknaden, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til Arbeids- og velferdsetatens månadstal om arbeidsmarknaden for januar.

Statistikken frå Arbeids- og velferdsetaten viser at reduksjonen i talet på arbeidslause held fram når ein korrigerer for normale sesongvariasjonar. Samstundes viser statistikken at talet på ledige stillingar veks.

Ved utgangen av januar er det registrert 55 800 heilt ledige arbeidssøkarar ved Arbeids- og velferdsetaten. Det inneber at 2,3 prosent av arbeidsstyrken nå er registrert som heilt arbeids­lause. Det siste året har talet på arbeidslause blitt redusert med nær 23 000 personar eller 29 prosent.

Normalt aukar talet på arbeidslause frå desember til januar som følgje av reine sesong­variasjonar. Slik er det også no, men denne auken har i år vore noko mindre enn normalt.