Historisk arkiv

Færre arbeidssøkarar og yrkesvalhemma i februar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

– Eg er svært tilfreds med at det er høg overgang til arbeid for mange arbeidslause, særleg blant dei langtidsledige. Statistikken frå Arbeids- og velferdsetaten viser at reduksjonen i talet på arbeidslause og yrkesvalhemma fortsetter. Høg­konjunkturen har gitt oss ei særs god utvikling på arbeidsmarknaden, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Ved utgangen av februar er det registrert 52 100 heilt ledige arbeidssøkarar ved Arbeids- og velferdsetaten. Det inneberer at 2,2 prosent av arbeidsstyrken no er registrert som helt arbeids­lause.

Det siste året har talet på arbeidslause blitt redusert med nær 20 000 personar eller 27 prosent. På same tid var det registrert 86 200 yrkesvalhemma. Dette utgjør 3,6 prosent av arbeidsstyrken. Nivået er redusert med 6 000 personar det siste året eller 6 prosent.