Historisk arkiv

1 300 færre arbeidslause i april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Eg er særlig nøgd med at betringa på arbeidsmarknaden i april er så bredt basert. Ikkje minst kommer nå mange langtids-arbeidslause og eldre arbeidslause i jobb, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

- Eg er særlig nøgd med at betringa på arbeidsmarknaden i april er så bredt basert. Ikkje minst kommer nå mange langtids-arbeidslause og eldre arbeidslause i jobb, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser reduksjon i talet på arbeidslause og god tilgang på nye stillingar.

- Utviklinga syner at ein god økonomisk utvikling med høy etterspørsel etter arbeidskraft er det beste bidraget for å få inkludert nye grupper og utsette grupper i arbeidsmarknaden. God tilgang på arbeidskraft frå utlandet synest å forsterke nedgangen i arbeidsløysa gjennom å motverke flaskehalsar i arbeidsmarknaden, seier statsråden.

Ved utgangen av april er det registrert 47 300 heilt arbeidslause ved Arbeids- og velferdsetaten, noe som utgjør 2,0 prosent av arbeidsstyrken. Det siste året har talet på arbeidslause blitt redusert med nær 20 000 personar eller 29 prosent. Nedgangen i talet på langtidsarbeidslause (26 – 103 veker) er særlig sterk. Trass i at talet på arbeidslause reduserast, er det nå 8 prosent fleir enn på same tid i fjor som deltek på et ordinært arbeidsmarknadstiltak.

Det er og registrert 85 600 yrkesvalhemma. Nivået er redusert med 7 prosent det frå same tid i fjor.