Historisk arkiv

Stadig fleire deltek i arbeidslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

– Innsatsen til regjeringa for at fleire skal kunne delta i arbeidslivet lykkast. Dette bidrar også til å få bukt med fattigdommen, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen og viser til nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Den høge etterspurnaden etter arbeidskraft betrar jobbsjansane for alle grupper i samfunnet. Sysselsetjinga har det siste året auka med heile 80 000 personar og det har blitt 30 000 færre arbeidslause. Vidare aukar deltakinga i arbeidslivet for dei over 55 år og for kvinner. Redusert arbeidslause og auka deltaking er eit særs viktig bidrag til betre fordeling i samfunnet og til auka inntekt og redusert fattigdom, seier statsråden.

– Talet på langtidsarbeidslause reduserast no raskare enn talet på korttidsarbeidslause. Dei som ønskjer å tilby arbeidskraft har no betre tider enn på lenge, seier Bjarne Håkon Hanssen.

Statistisk sentralbyrås arbeidskraftundersøking (AKU) for 2. kvartal som blei publisert i dag, viser at deltakinga i arbeidslivet (yrkesfrekvensen) har auka frå 72,3 prosent til 72,8 prosent det siste året. På same tid har arbeidsløysa blitt redusert frå 4,0 til 2,7 prosent (målt i prosent av arbeidsstyrken) og den delen av dei ledige som er langtidsarbeidslause er redusert frå 31 til 22 prosent.