Historisk arkiv

Den gode situasjonen på arbeidsmarknaden held fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Regjeringa fører ein politikk som gir høg etterspørsel etter arbeidskraft og betre jobb-muligheiter for alle grupper av arbeidssøkarar. Nivået på den registrerte arbeidsløysa er no på berre 1,8 prosent. Samstundes er det blitt 130 000 fleire sysselsette sidan regjeringa tiltredde, seier arbeids- og inkluderings­minister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til Arbeids- og velferdsdirektoratets nye statistikk for august.

 - Frå denne regjeringa tiltredde hausten 2005 er talet på registrerte arbeidslause nær halvvert. Ikkje minst går arbeidsløysa mye ned blant langtidsledige, eldre og innvandrarar. Også talet på yrkesvalhemma fortsetter å gå ned. Redusert arbeidsløyse og økt sysselsetting er regjeringas viktigaste bidrag til å bekjempe fattigdom. Utviklinga viser at regjeringas satsing på et høgt tiltaksnivå gir resultat, legg statsråd Hanssen til.

 Ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det ved utgangen av august var registrert 48 900 helt ledige arbeidssøkarar. Justert for normale sesongvariasjonar utgjør nivået 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Nivået på den registrerte arbeidsløysa er 45 prosent lågare enn da regjeringa tiltredde hausen 2005. Frå august 2006 til august 2007 er den registrerte arbeidsløysa redusert med 26 prosent. Talet på yrkesvalhemma går framleis nedover. Ved utgangen av august var det 10 prosent færre enn da regjeringa tiltredde.