Historisk arkiv

Nær uendra arbeidsløyse i juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Aldri har det vore sterkare nedgang i arbeidsløysa enn kva vi har observert i 2006 og 2007. At nivået ikkje reduserast vidare i juli kan ikkje være overraskande, seier statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet Laila Gustavsen i ein kommentar til Arbeids- og velferdsetatens juli-tal.

- Med om lag 50 000 helt ledige er det grunn til å tru at vi går inn i ein periode der arbeids¬løysa vil stabiliserast rundt dagens nivå. Alle som ønskjar å tilby arbeidskraft bør gå gode tider i møte, seier statsråden. Høg deltaking i arbeidslivet og lav arbeidsløyse er ein av regjeringas høgast prioriterte mål. Derfor er det gledelig at talet på yrkesvalhemma fortsett går ned.
 
Ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det ved utgangen av juli var registrert 51 000 helt ledige arbeidssøkarar, eller 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Justert for normale sesongvariasjonar -  arbeidsløysa er alltid høg i juli og august - har det vore ein auking i talet på helt ledige på om lag 800 personar frå utgangen av juni til utgangen av juli. To forhold trekker i retning av at denne auka ikkje er representativ for den reelle utviklinga. For det første har er julimålinga gjennomført om lag ein uke seinare i år enn i fjor. For det anna, inkluderast òg talet på deltakare på ordinære arbeidsmarknadstiltak, er nivået på arbeidsløysa om lag uendra frå juni til juli. Talet på yrkesvalhemma fortsetter og reduserast. Ved utgangen av juli var det 7 pst. færre enn på same tid i fjor.