Hurtighandsaming av irakiske asylsøknader
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 110 | Dato: 18.11.2008
Som eit av regjeringa sine tiltak for å få ned talet på asylsøkjarar som ikkje har behov for vern, har Utlendingsdirektoratet (UDI) og Politiets utlendingsenhet (PU) starta eit prosjekt på Torshov transittmottak i Oslo. Prosjektet går ut på å handsame asylsøknader frå irakarar som er enkle å avgjere.

Målet med prosjektet er å effektivisere registrering, intervju, saksførebuing og vedtaksfatting ved at alt dette skjer på same stad, på asylmottaket på Torshov i Oslo. Torshovprosjektet vart offisielt opna av arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen måndag 17. november.
|
Irakarar er valt ut fordi dei utgjer ein femtedel av dei som no søkjer asyl i Noreg. Sidan prosjektet starta tidleg i oktober, har UDI fatta 177 vedtak, der alle utan eitt var avslag. Saker som krev verifiseringar eller nærare utgreiing blir overført til ordinær handsaming.
Sakshandsamingstida skal ta 8 dagar. Når UDI har fatta vedtak i saka, blir asylsøkjarane flytta over i ordinære asylmottak medan dei ventar på busetjing eller retur.
- Kortare tid på å avgjere søknaden har fordelar både for søkjarane og for staten. Dei som får avslag raskare slepp lang ventetid. Samtidig sender det eit tydeleg signal og vil gjere oss i stand til bruke meir ressursar på dei som verkeleg har eit behov for vern, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.
Prosjektet skal i første omgang vare fram til 1. mars 2009.