Innstrammingstiltak om asyl sendt på høyring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Dato: 20.11.2008
Regjeringa vil redusere talet på asylsøkjarar som ikkje har behov for vern. Difor blei det kunngjort 13 tiltak i september for å redusere talet på asylsøkjarar som kjem til Noreg. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har no sendt fem av regjeringa sine forslag på høyring.
Regjeringa vil redusere talet på asylsøkjarar som ikkje har behov for vern. Difor blei det kunngjort 13 tiltak i september for å redusere talet på asylsøkjarar som kjem til Noreg. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har no sendt fem av regjeringa sine forslag på høyring.
- Regjeringa vil mellom anna at praksis etter Dublin II-reglane skal tilpassast praksis i andre land. Mellom anna skal hovudprinsippet i Dublin II-reglane gjelde med mindre særlege grunnar tilseier unntak. Samstundes foreslår også regjeringa at einslege asylsøkjarar over 16 år, som i dag får løyve åleine fordi norske styresmakter ikkje finn omsorgspersonar i heimlandet, etter ei individuell vurdering kan få mellombels løyve utan rett til fornying. Alle fem forslaga som no blir send på høyring er viktige steg i arbeidet med å omsetje politikk til praksis, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.
Bakgrunnen for regjeringa sine innstrammingstiltak var at det per september 2008 hadde kome meir enn dobbelt så mange asylsøkjarar samanlikna med same tid i 2007, og at heile 60 prosent av desse fekk avslag på sin søknad.
- Etter å ha opplevd ei markant auke i talet på nye asylsøkjarar det siste året, var det naudsynt å stramme inn asylpolitikken. Nettopp difor la regjeringa fram tiltakspakka, seier statsråden.
Følgjande tiltak er omfatta av høyringa:
Tiltak 1: Praksis kring opphald på humanitært grunnlag skal basere seg på individuell handsaming av ei sak, og ikkje ei gruppevurdering knytt til eit landområde.
Tiltak 2: I saker der internflukt er mogeleg, skal ikkje mangel på tilknyting til eit geografisk område åleine vere nok til å få opphald på humanitært grunnlag.
Tiltak 4: Praksis etter Dublin II-reglane skal tilpassast praksis i andre land. Mellom anna skal hovudprinsippet i Dublin II-reglane gjelde med mindre særlege grunnar tilseier unntak. Retur av asylsøkjarar til Hellas eller retur av einslege mindreårige asylsøkjarar skal vurderast individuelt.
Tiltak 6: Etter individuell vurdering kan einslege mindreårige asylsøkjarar over 16 år, som i dag får løyve åleine fordi norske styresmakter ikkje finn omsorgspersonar i heimlandet, få mellombels løyve utan rett til fornying.
Tiltak 12: Eit forslag til forskrift som avgrensar handsaming i nemndmøte i UNE til dei vesentlege tvilsspørsmåla i ei sak, skal sendast på høyring.
Høyringsbrevet gjer greie for kva endringane går ut på i meir detalj.
Frist for å uttale seg er sett til 6. januar 2009.
Høyringsbrev om endringar i utlendingsforskrifta