Regjeringa ber Arbeids- og velferdsetaten å førebu seg til å auke bemanninga i 2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Dato: 22.12.2008
– Det er viktig å møte dei som blir arbeidsledige på ein god måte. Difor ber vi Arbeids- og velferdsetaten førebu seg til å auke bemanninga i 2009. Auka bemanning nyttast til aktiv oppfølging og formidling av arbeidslause, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Regjeringa har varsla at ho vil fremje forslag om ei tiltakspakke tidleg i 2009. I samband med dette har regjeringa no varsla at Arbeids- og velferdsetaten kan førebu seg på og planleggje ei mellombels auke i bemanninga i etaten.
– Det er naudsynt at Arbeids- og velferdsetaten så tidleg som mogleg kan planleggje med fleire personellressursar i 2009. Førebuinga skal leggje til rette for at eventuelt fleire folk kan vere på plass så raskt som mogleg etter at ei eventuell tilførsel av ressursar er vedteke.
Erfaring frå tidlegare situasjonar med raskt aukande arbeidsløyse, er at det tar tid å få på plass auka bemanning i etaten. Det har tidlegare gått ut over tenestene til dei ledige og verksemdene i starten av ein nedgang i konjunkturane.