- Gratulerer, Lavangen kommune
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 128 | Dato: 30.09.2009
- Eg gratulerer Lavangen kommune med at dei no er innlema i forvaltningsområdet for samiske språk! Ei utviding av forvaltningsområdet er viktig for å sikre samisk språk i framtida, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Lavangen kommune er den tredje kommunen som er innlema i forvaltningsområdet for samisk språk sidan 2006. Forvaltningsområdet består no av ni kommunar i dei fire nordlegaste fylka. I desse kommunane er samisk og norsk likeverdige språk.
- Regjeringa ønskjer at samisk språk skal vere i aktiv bruk og at det samiske skal vere synleg i samfunnet. Tospråklege samfunn bør etablerast der det er mogeleg, og eg håper at Lavangen vil inspirere fleire kommunar til å bli ein del av forvaltningsområdet for samiske språk, seier statsråden.
FAKTA
- For at ein kommune skal inngå i forvaltningsområdet, må kommunen fatte vedtak om dette.
- Deretter uttaler Sametinget seg om kommunen sitt vedtak, og så blir saka send over til Arbeids- og inkluderingsdepartementet som innlemar kommunen i forvaltningsområdet.
- Lavangen kommune er ein del av det samiske forvaltningsområdet frå og med 1. oktober 2009.