Betre service og meir effektivitet i utlendingsforvaltninga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 133/08 | Dato: 13.10.2009
Regjeringa satsar på å effektivisere utlendingsforvaltninga, betre servicen til brukarane og auka saksbehandlingskapasiteten i asylsakane. Regjeringa foreslår å løyve 100 millionar kroner til ei rekkje IKT-prosjekt i utlendingsforvaltninga og om lag 51 millionar kroner i auka driftsløyve til UDI i statsbudsjettet for 2010.
Regjeringa satsar på å effektivisere utlendingsforvaltninga, betre servicen til brukarane og auka saksbehandlingskapasiteten i asylsakane. Regjeringa foreslår å løyve 100 millionar kroner til ei rekkje IKT-prosjekt i utlendingsforvaltninga og om lag 51 millionar kroner i auka driftsløyve til UDI i statsbudsjettet for 2010.
Utvikling og innføring av nye elektroniske løysningar er eit sentralt verkemiddel for å effektivisere utlendingsforvaltninga, og er eit samarbeid mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Politi- og justisdepartementet og Utanriksdepartementet. Målet er å redusere ressursbruken for kvar enkelt søknad, få raskare avgjersler i sakene og betre informasjon og service overfor søkarane. Samstundes tar ein i bruk nye nettløysningar i kommunikasjonen med brukarane og andre partar. Dette inneber mellom anna moglegheit til å levere søknad og følgje eigen saksgang på Internett.
– Dei ulike elektroniske løysningane vil gi ei vesentleg forbetring av servicenivået overfor søkarane, næringsliv og andre som nyttar utlendingsforvaltningas tenester, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.
Regjeringa foreslår også å auka driftsløyvinga til Utlendingsdirektoratet (UDI) med til saman 51,1 millionar kroner i 2010, samanlikna med saldert budsjett for 2009. Det er først og fremst saksbehandlingskapasiteten som vert foreslått styrka for å kunne handtere aukinga i talet på asylsøkjarar. Ein del av løyvinga skal nyttast til arbeidet med oppretting og oppfølging av asylmottak.
– Det høge talet på asylsøkjarar er utfordrande å handtere, både når det gjeld saksbehandlingskapasiteten, talet på mottaksplassar og busetting av dei som får opphaldsløyve. Dei auka budsjettløyvingane vil sikre at ei forsvarleg handtering av asylsakene kan halde fram, seier arbeids- og inkluderingsministeren.