Historisk arkiv

Foreslår tiltak mot midlertidige tilsetjingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa foreslår å innføre ei plikt for arbeidsgivarar til å drøfte bruken av midlertidige tilsette for å redusere ulovlege og unødige tilsetjingar. Forslaget blir no sendt på høyring.

Regjeringa foreslår å innføre ei plikt for arbeidsgivarar til å drøfte bruken av midlertidige tilsette for å redusere ulovlege og unødige tilsetjingar. Forslaget blir no sendt på høyring.

Arbeidsgivar må, saman med dei tillitsvalde, regelmessig sette bruken av slike tilsetjingar på dagsordenen.

– Regjeringa vil auke arbeidsgivaranes medvit omkring midlertidig tilsette. Vi ønskjer vidare å understreke at hovudregelen i norsk arbeidsliv skal vere fast tilsetjing, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.


”Ringevikarar” skal ikkje løyse eit permanent behov for arbeidskraft.

Departementet vil i samarbeid med partane i arbeidslivet og Arbeidstilsynet lage praktisk informasjonsmateriell til arbeidslivet om midlertidig tilsetjing. Arbeidstilsynet vil generelt ha auka fokus på slike tilsetjingar, og mellom anna sikre at det ligg føre skriftlege arbeidsavtalar.

Bakgrunnen for tiltaka er til dels debatten i fjor sommar om såkalla ”ringevikarar”. Departementet har undervegs hatt  dialog om tiltaka med Fellesforbundet og NHO Reiseliv.

Bruk av ”ringevikarar” eller ”tilkallingshjelp” er omfattande i fleire bransjar og sektorar i arbeidslivet, særleg i hotell- og restaurantbransjen og i helse- og omsorgssektoren. Det vanlegaste er at ringevikarane blir tilkalla ved behov for å ivareta arbeidstoppar eller fråvær, men dei har ikkje krav på arbeid utover dette.

Dersom vilkåra for midlertidig tilsetjing er til stades, vil det vere lovleg å bruke ”ringevikarar”. Men eit permanent behov for arbeidskraft kan i følgje rettspraksis ikkje løysast ved bruk av midlertidig tilsette.

– Ringevikarane vil dermed ha vanskar med å vite om dei har arbeid og inntekt på førehand, og vil også ha problem med å opparbeide seg trygderettar, mellom anna rett til sjukepengar. Tiltaka vil auke fokus i verksemdene på ”ringevikarar” og medverke til at forholda blir ryddigare, seier statsråden.

Høyringsbrev om plikt for arbeidsgivarar til å drøfte bruken av midlertidige tilsette