Lovforslag om enkelte tilpassingar til pensjonsreforma
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 96 | Dato: 26.06.2009
Fleksibelt uttak av alderspensjon og nye reguleringsreglar frå 2011 krevjar ei rekkje tilpassingar i folketrygdlova sin andre regelverk. I dag blir det lagt fram eit lovforslag for Stortinget om enkelte slike tilpassingar.

Regjeringa legg opp til ei vidareføring av dagens ytingar til attlevande ektefellar og barn.
Forslaga er meinte å gjelde for dei fyrste åra frå 2011 inntil varige løysingar tilpassa ny alderspensjon og ny uførestønad er på plass.
I tillegg blir det foreslått enkelte tekniske tilpassingar i reglane for forsørgingstillegg og avkorting av alderspensjon ved langvarige opphald i visse helseinstitusjonar mv., som følgje av nye reguleringsreglar frå 2011.
Les lovforslaget:Ot.prp. nr. 106 (2008-2009): Om lov om endringer i folketrygdloven mv. (tilpasninger i folketrygdens regelverk som følge av pensjonsreformen