Meir til Arbeids- og velferdsetaten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 133/04 | Dato: 13.10.2009
Regjeringa foreslår å gje 9,3 milliardar kroner til lønns- og driftsutgifter i Arbeids- og velferdsetaten i 2010. Dette er ein auke på om lag 230 millionar kroner samanlikna med dei samla løyvingane i budsjettet for 2009.
Regjeringa foreslår å gje 9,3 milliardar kroner til lønns- og driftsutgifter i Arbeids- og velferdsetaten i 2010. Dette er ein auke på om lag 230 millionar kroner samanlikna med dei samla løyvingane i budsjettet for 2009.
I 2010 vil etableringa av NAV-kontora vere nær fullført, og Arbeids- og velferdsetaten er dermed over i ein ny fase sidan etaten vart oppretta i 2006.
– Etaten skal i 2010 særleg prioritere betre forvalting av ytingar samt arbeidet med å motverke langtidsarbeidsløyse. Arbeidsavklaringspengar og rett til arbeidsevnevurdering blir innført 1. mars. Saman med styrka oppfølging av sjukmeldte og kvalifiseringsprogrammet, vil dette gje eit godt grunnlag for å få folk i arbeid, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.
Reformperioden har vore krevjande for etaten, og det er naudsynt å fortsette innsatsen for å sikre kapasiteten og kvaliteten i handsaminga av ytingar til brukarane.
Både i 2008 og 2009 fekk etaten meir ressursar gjennom året. I St.prp. nr. 51 (2008-2009) Redegjørelse om situasjonen i Arbeids- og velferdsforvaltningen og forslag om tilførsel av ressurser til Arbeids- og velferdsetaten har Regjeringa gitt Stortinget ei grundig orientering om situasjonen og dei tiltaka som blir gjennomførte. Løyvinga våren 2009 gav grunnlag for eit systematisk arbeid med nedbygging av restansar og redusert sakshandsamingstid, betre tilgjenge og auka kvalitet i møtet med brukarane.
– Arbeidet med å sikre kvaliteten i sakshandsaminga og rekneskapen vil halde fram. Dette er eit krevjande arbeid, og ein må rekne med at det vil ta tid før situasjonen er god nok. Regjeringa har difor foreslått å auka løyvinga til etaten ytterlegare i 2010. Innsatsen blir retta inn slik at ein byggjer opp under dei langsiktige måla med NAV-reformen og pensjonsreformen, seier Hanssen.
Forslaget til løyving inneber ei noko lågare bemanning i det neste året enn det etaten har ved slutten av 2009. Dette heng mellom anna saman med at auken i arbeidsløysa har vist seg å bli lågare enn det ein gjekk ut frå i St.prp. nr. 51 (2008-2009), at ekstrainnsatsen med etablering av NAV-kontor ikkje lenger trengst og at nokre oppgåver fell bort, mellom anna pasientransport.
Løyvinga til evaluering av NAV-reformen blir foreslått vidareført med sju millionar kroner.