Utvidar forsøksordninga med gratis kjernetid
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 133/10 | Dato: 13.10.2009
Regjeringa ønskjer å utvide forsøket med gratis kjernetid i barnehage, og foreslår å løyve 10 nye millionar kroner i statsbudsjettet for 2010.
Regjeringa ønskjer å utvide forsøket med gratis kjernetid i barnehage, og foreslår å løyve 10 nye millionar kroner i statsbudsjettet for 2010.
I 2009 blei det løyvd 50 millionar kroner til forsøket med gratis kjernetid i barnehage i område med høg del av minoritetsspråklege barn. Forsøket blir gjennomført i dei fire bydelane i Groruddalen og Søndre Nordstrand bydel i Oslo, og omfattar alle fire- og femåringar i desse bydelane. Regjeringa vil no sette av ytterlegare 10 millionar kroner til forsøket. Drammen kommune og Oslo kommune med område i indre øst blir inviterte til å delta i eit utvida forsøk som også omfattar treåringar.
– Vi har gode erfaringar med gratis kjernetid for fire- og femåringane, og no ønskjer vi også å gi treåringane denne mogelegheita, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.
Målet med tiltaket er å førebu barna på skulestart gjennom auka deltaking i barnehage, å bidra til sosialisering generelt og å betre norskkunnskapane til minoritetsspråklege barn. Ei viktig side med forsøket er å sikre ei målretta oppfølging av føresette med minoritetsbakgrunn, slik at desse kan bidra til at barna kan følgje ordinær undervisning i skulen. Utprøvinga starta i 2006, med eit forsøk i Stovner bydel i Oslo.