AI-8/2006 Instruks for å hindre familiesameining på grunnlag av proformaekteskap/partnarskap
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Rundskriv | Dato: 13.09.2006
AI-8/2006 Instruks for å hindre familiesameining på grunnlag av proformaekteskap/partnarskap
Arbeids - og inkluderingsdepartementet viser til utlendingslova § 38 første ledd, som inneber at departementet kan instruere Utlendingsdirektoratet (UDI) om generelle lovtolkingsspørsmål og om generelle spørsmål ved skjønsutøvinga.
Departementet ber med dette UDI om å tryggje praksis slik at det i tilstrekkeleg grad blir lagt vekt på proformaomsyn. Dette gjeld søknader om løyve etter utlendingsforskrifta § 23 første ledd bokstav a, fornying og tilbakekalling av slike løyve, og busettingsløyve etter utlendingsforskrifta § 43.
Bakgrunn
Utlendingsstyresmaktene har ei viktig oppgåve i å avdekkje og hindre misbruk av regelverket som gjeld innvandring til Noreg. Det er vanskeleg å leggje fram statistisk informasjon som kan gje ei fullgod oversikt over saker med proformaproblematikk. Departementet finn det naudsynt å understreke at dei proformabetraktningane som gjeld i dag er viktige, og at det bør skapast auka merksemd om desse omsyna i behandlinga av slike saker, både ved førstegangssøknad om familiesameining og ved søknad om fornying av slik løyve.
Proformabetraktningar
Etter utlendingsforskrifta § 23 første ledd bokstav a er det eit vilkår for familiesameining for ektefellar at dei skal bu saman. Vidare kan familiesameining bli avslått om ekteskapet er proforma. Dette følgjer av ei tolking av utlendingslova § 9 i lys av forarbeida til lova, og av forvaltnings – og rettspraksis.
Eit ekteskap er proforma dersom ekteskapet i all hovudsak er inngått for å oppnå arbeids- eller opphaldsløyve. Vurderinga av om eit ekteskap i all hovudsak er inngått for å oppnå arbeids- eller opphaldsløyve er samansett og byr på bevismessige utfordringar. Det må foretas ei brei vurdering av spørsmålet.
Departementet vil her trekkje fram dei momenta som er av særleg relevans i den samla vurderinga av om proforma føreligg. Mange av momenta er òg vist til i NOU 2004:20 Ny utlendingslov, kor utvalet viser til at desse kriteria vil være naturlege utgangspunkt for å vurdera om eit forhold er proforma. Dei følgjande momenta er ikkje rangert og er heller ikkje meint å vere uttømmande:
- Kontakt mellom partane – til dømes kor lenge dei har kjent kvarandre og karakter og omfang av kontakten. Kunnskapane dei har om kvarandre.
- Samsvarande opplysningar frå partane – til dømes om korleis dei møttes, gifta seg og kontakt mellom dei.
- Om ektefellane kan kommunisere på eit felles språk.
- Aldersforskjell mellom partane.
- Om det er betalt for giftarmålet utan at dette kan forklarast med grunnlag i medgiftstradisjonar.
- Om ekteskapet klart er atypisk i forhold til ekteskapstradisjonar i heimlandet til utlendingane.
- Om det føreligg omstende som talar for at ekteskapet er inngått ved bruk av tvang eller utnytting, eksempelvis at partane er klart ujamne i mental utvikling.
- Om referansepersonen eller nære familiemedlem av søkaren har ei ekteskapeleg historie eller liknande, som gir grunnlag for mistankar om proforma.
- Om den som søkar opphaldsløyve på grunnlag av ekteskapet, før har prøvd å få opphald på anna grunnlag, for eksempel på grunnlag av søknad om asyl, og om ekteskapet er inngått i nær tilknyting til eit avslag på anna søknad.
- Om partane har tidligare ektefelle/sambuar/partner som skal bu i lag med paret.
Departementet ber UDI tryggje at dei nemnte momenta blir vurdert og tillagt vekt i vurderinga av søknader om familieetablering/sameining. Før det blir fatta avgjerd i saker der proformaspørsmål gjer seg gjeldande, ber departementet UDI om grundig å vurdere opplysningane som kjem fram i den førebuande saksbehandlinga ved utanriksstasjonar og i politiet. Departementet legg til grunn at UDI tryggjer gode kommunikasjonsrutinar med utanriksstasjonar så vel som andre saksførebuande instansar i saker der proformaspørsmål gjer seg gjeldande.
Med helsing
Sissil Pettersen
fung. ekspedisjonssjef (e.f.)
Birgitte Ege
avdelingsdirektør