Historisk arkiv

Kvinnevennleg pensjonsreform

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Innlegg av Bjarne Håkon Hanssen, arbeids- og inkluderingsminister i Sunnmørsposten 23. mai 2007

Kvinner flest kan glede seg over pensjonsforliket som vart inngått i Stortinget nå i vår. Mange vil komme betre ut med den nye reforma enn dei gjer i dag.

Sjølv om dei har gjort ein yrkesinnsats endar mange kvinner i dag opp som minstepensjonistar. Eg er veldig nøgd med at denne urettvisa forsvinn med pensjonsreforma. All inntekt, også inntekt som kjem frå små deltidsstillingar, skal gi utteljing i pensjonen. Pensjonsreforma gir ein meir rettferdig pensjon. Betre samsvar mellom yrkesaktivitet og pensjon kjem mange kvinner til gode.

Ein annan god nyheit til mange kvinner er den nye tidlegpensjonen. I dag kan berre dei med AFP-avtale gå av med pensjon før 67 år. Heretter kan alle velje tidlegpensjon.

Fjerning av besteårsregelen er først og fremst eit tap for menn med bratte karrierar. Omsorgsarbeid og ufrivillig deltid hos kvinner kan vi kompensere på betre vis. Det er gjort i pensjonsreforma. Ordninga med omsorgspoeng blir utvida. Er ein heime med barn under fire år eller steller andre familiemedlemmer, får ein pensjonspoeng tilsvarande inntekt på omlag 280.000 kroner. Dei som er ramma av ufrivillig deltid, vil få pensjonspoeng som om dei har full stilling.

At pensjonen til kvinner ofte er lågare enn pensjonen til menn heng saman med manglande likestilling mellom kjønna. Tiltak som legg til rette for at kvinner kan delta i arbeidslivet på linje med menn vil bidra til å jamne ut pensjonsforskjellane. Noko av det viktigaste vi gjer for å sikre kvinner gode pensjoner i framtida er derfor å bygge nok barnehageplassar.