Offentleg høyring om helsetenester i EU
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Rapport | Dato: 03.10.2006
Europakommisjonen lanserte 26. september 2006 ei open høyringsrunde om helsetenester i EU. Høyringa søkjer å kartlegge korleis ein kan sikre rettsleg tryggleik ved grenseoverskridande helsetenester, samtidig som ein ønskjer å finne føremålstenlege tiltak for å styrkje samarbeidet mellom helsesystema i medlemslanda. EF-domstolen har gjennom rettspraksis slått fast at bestemmingane i fellesskapsretten også gjeld for helsetenester. Høyringa varar til 31. januar 2007.
Offentleg høyring om helsetenester i EU
Europakommisjonen lanserte 26. september 2006 ei open høyringsrunde om helsetenester i EU. Høyringa søkjer å kartlegge korleis ein kan sikre rettsleg tryggleik ved grenseoverskridande helsetenester, samtidig som ein ønskjer å finne føremålstenlege tiltak for å styrkje samarbeidet mellom helsesystema i medlemslanda. EF-domstolen har gjennom rettspraksis slått fast at bestemmingane i fellesskapsretten også gjeld for helsetenester.
Høyringa frå Kommisjonen kjem på bakgrunn av at Europaparlamentet og Ministerrådet ønskjer at det vert sett i gang eit eige arbeid om helsetenester. Dette må ein sjå i samanheng med at helsetenester blei utelate frå virkeområdet til tenestedirektivet.
Høyringa omfattar alle typar grenseoverskridande helsetenester:
- grenseoverskridande ytingar av helsetenester der tenesteytaren flyttar seg,
- bruk av tenester i utlandet, det vil seie når ein pasient får behandling av ein tenestetilbydar i ein annen medlemsstat (pasientmobilitet),
- etablering av ein helsetilbydar i ein annen medlemsstat og
- tenester som rører seg utan at tenesteytar eller tenestemottakar rører seg, for eksempel e-helse. I tillegg kjem arbeidsmobilitet - fri rørsle av arbeidskraft.
I tillegg kjem arbeidsmobilitet – fri rørsle av arbeidskraft.
I følgje Kommisjonen vil ein best kunne ivareta rettslig tryggleik gjennom utviklinga av ei forordning eller eit direktiv. Dette kan ein kombinere med fortolking av gjeldande rettspraksis. Juridisk ikkje-bindande løysingar som den ’opne koordineringsmetoden’ (OMC) vert også nemnt av Kommisjonen som eit verktøy for å utvikle samarbeidet mellom medlemsstatane.