Historisk arkiv

Rettleiarar i utvalsarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Justisdepartementet har utarbeidd to rettleiarar i utvalsarbeid, ein for utvalsleiarar og ein for utvalssekretærar. I rettleiarane er det gitt ei rekke nyttige råd og tips for utvalsarbeid.

 

Rettleiarane er særleg utforma med tanke på lovutval, men kan også vere av interesse for dei som skal leie eller vere sekretær for andre typar utval. I rettleiarane er det gitt ei rekke nyttige råd og tips for utvalsarbeid.

Rettleiaren for utvalsleiarar tar m.a. for seg utfordringane ved å leie eit utval, forholdet til medlemane og samarbeidet med sekretæren. Rettleiaren for utvalssekretærar gjer utførleg greie for dei oppgåvene sekretæren har på dei forskjellige stadia av utvalsarbeidet – heilt frå vedkomande er engasjert som sekretær til utgreiinga er overlevert og avslutningsmiddagen er halden.