”Framtidas norskfag — språk og kultur i eit fleirkulturelt samfunn”.
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Rapport fra arbeidsgruppe nedsatt av UFD i april 2005.
Rapport | Dato: 17.01.2006
Rapport om framtidas norskfag
Utdannings- og forskningsdepartementet sette i april 2005 ned ei arbeidsgruppe for å vurdere heilskapen i framtidas norskfag, særlig i lys av dei utfordringane eit fleirkulturelt samfunn skaper. Arbeidsgruppa har hatt Fylkesmann i Rogaland, Tora Aasland som leiar, og har lagt fram rapporten ”Framtidas norskfag – språk og kultur i eit fleirkulturelt samfunn”.
Arbeidsgruppa peikar i rapporten på at i det fleirkulturelle samfunnet vil norskfaget vere eit felles fag for elevar med ulike språklege og kulturelle referanserammer. Samtidig blir innhaldet i faget utfordra av eit samfunn i sterk endring. Korleis møter utdanningssystemet dei mange utfordringane dette skaper?
Rapporten gjev nok ikkje alle svara, men rapporten har 27 framlegg til tiltak, og vil vere eit godt utgangspunkt for vidare debatt og utvikling av norskfaget.
Klikk her for å lese
rapporten (pdf-fil)
For å kunne lese pdf-filer, må du ha installert Adobe Acrobat
Reader på din maskin. Programmet er gratis og kan lastes ned fra
http://www.adobe.com/products/acrobat/readstep2.html