Historisk arkiv

Barnevernsløftet: 70 nye stillingar i barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

50 millionar kroner skal gå til 70 nye stillingar i det kommunale barnevernet og rettleia praksis for nytilsette i barnevernet.

- Vi styrkjer det kommunale barnevernet også i 2012. Med denne  vidareføringa styrkjer vi den store satsinga på barnevernet. Regjeringas fremste mål med barnevernsløftet er å auke kapasiteten i det kommunale barnevernet der behovet er størst, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.

Storsatsinga i år har gitt 400 nye stillingar til det kommunale barnevernet. Desse 400 stillingane blir vidareført neste år. I tillegg kjem altså regjeringa med framlegg om ei ytterlegare styrking av det kommunale barnevernet  i 2012 gjennom ei øyremerkt løyving på 50 millionar kroner. Dette vil gi 70 nye stillingar.

Vidareutdanning
Det er òg nødvendig å styrkje fagmiljøa i barnevernet. Eit høgare kompetansenivå i tenesta er viktig for å rekruttere tilsette og unngå at tilsette sluttar. Nytilsette treng god oppfølging og rettleiing.

- I 2012 vil ein etablere eit vidareutdanningstilbod slik at tilsette i barnevernet kan gi profesjonell rettleiing til nyutdanna og nytilsette kollegaer, seier Lysbakken.