Endringar i kontantstøtta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2011
Regjeringa føreslår å avvikle kontantstøtta for toåringar frå 1. august 2012. For barn i alderen 13-18 månader blir det føreslått å auke kontantstøttesatsen til 5 000 kroner månaden. For barn i alderen 19-23 månader blir dagens sats på 3 303 kroner vidareført. Til og med juli 2012 blir det utbetalt kontantstøtte etter dagens reglar og satsar.
Regjeringa føreslår å avvikle kontantstøtta for toåringar frå 1. august 2012. For barn i alderen 13-18 månader blir det føreslått å auke kontantstøttesatsen til 5 000 kroner månaden. For barn i alderen 19-23 månader blir dagens sats på 3 303 kroner vidareført. Til og med juli 2012 blir det utbetalt kontantstøtte etter dagens reglar og satsar.
- Ved å fjerne kontantstøtta for toåringar, legg vi til rette for at fleire kvinner kjem ut i arbeid og at fleire barn med innvandrarbakgrunn får verdifull språkopplæring i barnehagen. På denne måten får fleire barn eit betre grunnlag for å lukkast på skolen, og vi støttar opp om eit meir likestilt arbeidsliv, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.
Forslaget om å avvikle kontantstøtta for toåringar må sjåast i samanheng med at det er innført rett til barnehageplass. Barn som fyller eitt år innan utgangen av august månad, har rett til barnehageplass frå august same år. Alle barn har rett til barnehageplass innan dei fyller to år.
Sjølv om mange kommunar tilbyr barnehageplass også mellom hovudopptaka, må ein god del barn vente nokre månader før dei får plass. For desse blir kontantstøtteordninga betra.
- Forslaget om å auke satsen for barn i alderen 13 til 18 månader til 5000 kroner i månaden, inneber ei styrking og målretting av kontantstøtta for eittåringar, seier Lysbakken.
I dag har kontantstøtta fem ulike satsar. Regjeringa føreslår ei forenkling til to satsar for kontantstøtte; heil og halv sats. Dersom barnet ikkje har plass i barnehage, blir det gitt full kontantstøtte. Dersom barnet har opphaldstid i barnehagen på 19 timar eller mindre i veka, blir det utbetalt 50 prosent kontantstøtte.
Når kontantstøtta for toåringar blir avvikla, vil etterspurnaden etter barnehageplassar auke. Kommunane vil få kompensert for forventa auke i kostnadene til barnehagesektoren med 91,9 millionar kroner i 2012. Heilårseffekten for rammetilskotet er berekna til 220,5 millionar kroner i 2013.